Innstilling frå næringskomiteen om lov om tekniske kontrollorgan som har til oppgåve å gjennomføre samsvarsvurderingar etter EØS-avtalen o.a.

Dette dokument

  • Innst. O. nr. 43 (1993-1994)
  • Kildedok: Ot.prp. nr. 47 (1993-94)
  • Dato: 19.05.1994
  • Utgiver: næringskomiteen

1. Samandrag

       Regjeringa legg i proposisjonen fram forslag til ny lov om tekniske kontrollorgan som har til oppgåve å gjennomføre samsvarsvurderingar etter EØS-avtalen. Det vert òg gjort framlegg om endringar i lov av 31. oktober 1946 nr. 2 om mål og vekt.

1.1 Lov om tekniske kontrollorgan

       Det vert understreka i proposisjonen at framlegget ikkje går lenger enn EØS-avtalen krev.

       For å gjennomføre prinsippet i EØS-avtalen om fri flyt av varer, er det mange reglar som tek sikte på å fjerne tekniske handelshinder. Slike hinder kan vere at ulike land set ulike nasjonale minstekrav til eigenskapane ved produkta, m.a. for å sikre vern av helse, tryggleik og miljø. Ein prøver å samordne krav gjennom utvikling av eit felles regelverk for heile EØS-området. Produkt som ikkje oppfyller krava, skal ikkje omsetjast. Det er krav om at mange produkt skal prøvast og samsvarsvurderast før dei kan marknadsførast i EØS-landa (førmarknadskontroll).

       Retten til å utføre samsvarsvurdering etter produktreglane i EØS-avtalen vert gjeven av offentleg styresmakt ved særskild løyve. Dei som får slikt løyve, vert kalla teknisk kontrollorgan.

       Verksemda til tekniske kontrollorgan er utøving av offentleg styringsrett. Reglane i forvaltningslova om klagerett vil gjelde for dei samsvarsvurderingar som tekniske kontrollorgan gjer.

       Produktreglane som krev bruk av tekniske kontrollorgan gjeld berre ein mindre del av dei produkta som vert omsette på EØS-marknaden, m.a. byggjevarer, maskinar, personleg verneutstyr og leiketøy.

       Det er gjeve standardiserte prosedyrar (modular) som skal brukast ved samsvarsvurdering av ulike produkt. I direktiv som regulerer krav til produkt, vert det fastsett kva for prosedyre som skal nyttast ved prøving av kvart einskild produkt.

       Både offentlege og private organ kan verte peika ut som teknisk kontrollorgan. Førmarknadskontroll og marknadskontroll skal vere skilde oppgåver og gjerast av ulike organ. Ansvaret for marknadskontrollen ligg på offentlege styresmakter. Offentleg organ med ansvar for marknadskontroll, kan ikkje verte tekniske kontrollorgan med mindre det vert organisatorisk skilje mellom funksjonane.

       Tekniske kontrollorgan skal vere organisert som uavhengige tredjepartsorgan og ha dei kvalifikasjonar som direktiva fastset. Dei institusjonane som oppfyller krava i dei relevante europeiske standardane fastsette i EN 45000-serien, tilfredsstiller òg krava i direktiva.

       Ein offentleg eller privat institusjon som arbeider i samsvar med eit dokumentert kvalitetssystem og har vist kompetanse til å utføre nærare definerte oppgåver, kan få ei formell godkjenning, akkreditering. I Noreg vert akkreditering tildelt av Norsk Akkreditering, som er ei avdeling i Direktoratet for måleteknikk.

       Framlegget stiller ikkje krav om akkreditering for å bli peika ut som teknisk kontrollorgan. Nærings- og energidepartementet ser det likevel som ein føremon at dei nødvendige kvalifikasjonane vert dokumentert gjennom akkreditering. Det medverkar til å samordne kompetansen til melde organ, og styrkjer kvaliteten på samsvarsvurderinga. Det vil òg gjere handsaminga av søknaden i fagdepartementet lettare.

       Fagdepartementet kan regulere talet på tekniske kontrollorgan innan kvart produktområde, om det er sakleg grunn for det. Departementet peikar på at så lenge tekniske kontrollorgan kan tilby tenester innan heile EØS, vil det ikkje utan vidare vere grunn for å nekte godkjenning ut frå at norsk næringsliv ikkje har bruk for meir enn eit teknisk kontrollorgan på dette området.

       Utpeiking av kontrollorgan skal gjerast av det departementet som har ansvaret for å gjennomføre det produktdirektivet utpeikinga gjeld. Fagdepartementet skal sende melding til Utanriksdepartementet, som så sender den formelle meldinga til EFTA sitt overvakingsorgan, ESA, og dei andre EØS-landa.

Godkjenning som teknisk kontrollorgan kan trekkjast tilbake. Styresmaktene er ansvarlege for at kontrollorgana tilfredsstiller krava som er fastsette i EØS-avtalen, og at dei driv verksemda si i samsvar med reglane.

       Departementet gjer framlegg om ein eigen gebyrheimel, da gebyrheimelen § 27 a i forvaltningslova er lite eigna i høve til verksemda til tekniske kontrollorgan.

1.2  Lov om endringar i lov om mål og vekt

       Dei endringane det er framlegg om, er ikkje ein konsekvens av EØS-avtalen, og vert fremja uavhengig av den.

       Det er framlegg om heimel i lov om mål og vekt til å gje forskrifter om betaling for dei tenestene som Norsk Akkreditering utfører. Det er allereie forskrifter om gebyr gjevne med heimel i forvaltningslova. Den nye føresegna gjev heimel for å fastsetje gebyr for andre tenester enn i dag.

       Sjølv om Norsk Akkreditering vert betre i stand til å finansiere verksemda si, reknar departementet det ikkje som realistisk at avdelinga kan fullfinansiere den.

       Dei kontrollfunksjonane Justervesenet har hatt, er no mindre viktige, medan det har vorte eit stadig viktigare ledd i infrastrukturen for internasjonal handel. Departementet finn det derfor naturleg å revurdere embetsstatusen til den øvste leiaren. Bakgrunnen er at det er viktig å kunne leggje opp til meir fleksible tilsettingsordningar. Det kan m.a. vere aktuelt å tilsetje på åremål. Det er framlegg om at stillinga som justerdirektør vert ei tenestemannsstilling. Føresegna om at dei andre tenestemennene i Justervesenet vert tilsette av departementet, fell bort. Reglar i tenestemannslova regulerer dette.

2. Merknader frå komiteen

2.1 Lov om tekniske kontrollorgan

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren, Kristin Krohn Devold og Dag C. Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie, og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, konstaterer at EØS-avtalen er i funksjon, og at Regjeringa gjer framlegg om ei ny lov som skal gje heimel for å oppnemne tekniske kontrollorgan i samsvar med EØS-avtalen.

       Komiteen er samd med departementet i at det er mest tenleg å ha ei ny lov om tekniske kontrollorgan i staden for å gje heimel i alle lovene som gjeld dei ulike tilsynsområda. Komiteen ser det som viktig at ein med å ha heimelsgrunnlaget i ei lov, kan få mest mogeleg lik praksis.

       Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet, legg til grunn av lovframlegget ikkje går lenger enn EØS-avtalen krev. Fleirtalet ser det som positivt at ein med tekniske kontrollorgan og førmarknadskontroll kan redusere tekniske handelshinder ved at det vert ei samordning av krava og utvikla eit felles regelverk.

       Fleirtalet har merka seg at lovframlegget vil gje eit meir oversiktleg system for produsentar som treng samsvarsvurdering av produkt, noko som vil gjere tilgangen til EØS-marknaden lettare for norske varer.

       Komiteen finn det rett at klagereglane i forvaltningslova også skal gjelde for samsvarsvurderingar som tekniske kontrollorgan gjer, og at eksisterande klageordningar dermed kan oppretthaldast. Komiteen ser det som viktig at det er nær kontakt mellom søkjar og det tekniske kontrollorganet, slik at søkjaren kan kome med synspunkt undervegs.

       Komiteen vil be departementet leggje vinn på å gjere regelverket så enkelt og oversiktleg som mogeleg. Særleg av omsyn til små og mellomstore verksemder er dette svært viktig.

       Komitémedlemene frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til sine standpunkt til norsk medlemskap i EØS, og partia sine merknader nedfelt i Innst.S.nr.248 (1991-1992).

       Desse medlemene meiner at « føre-var-prinsippet » er sentralt. Det er viktig at land kan gå framfor som føregangsland. Desse medlemene ynskjer at Noreg framleis skal ha ei pådrivarrolle internasjonalt m.a. i spørsmål knytt til helse, sikkerheit og miljø.

       Fri flyt av varer er eit av måla i EØS-avtala, og dette krev like standardar i medlemslanda. Krava om felles regelverk i EØS-landa fører i praksis til total harmonisering. Desse medlemene viser til at Danmark har ved fleire høve vorte nedstemt i forsøk på å innføre strengare reglar for kjemikal, klassifiseringar og merking av kreftframkallande stoff.

       Desse medlemene viser til at høgare standard på eit område vil kunne bli stemna inn for EØS-domstolen og dømmast som eit ulovleg handelshinder. Domstolen avgjer da utfallet. I slike saker vil bevisbyrden vera Noreg sitt ansvar. Erfaringar viser at det er vanskeleg å leggje fram klare bevis som domstolen godtek i saker av denne typen.

       Desse medlemene vil ut i frå dette gå imot at ei samsvarsvurdering som er gitt av eit teknisk kontrollorgan som er peika ut av ein annan EØS-stat, har same rettsverknad som ei samsvarsvurdering frå eit teknisk kontrollorgan her i landet. Desse medlemene meiner at dette kan føre til at varer som har ein lågare standard på områda helse, sikkerheit og miljø enn det som tidlegare har vore kravd i Noreg, nå kan bli importerte hit til landet. Ei slik samsvarsvurdering vil også leggje klare begrensingar på retten Noreg har til å vidareutvikle høgare nasjonale standardar.

       Desse medlemene vil på denne bakgrunn gå imot § 6 i utkast til lov om tekniske kontrollorgan som har til oppgåve å gjennomføre samsvarsvurderingar etter EØS-avtalen.

       Komiteen viser til at det i § 4 er framlegg om reglar om kva som skal skje dersom eit teknisk kontrollorgan ikkje lenger oppfyller krava i § 2. Komiteen går ut frå at det er utpeikinga som teknisk kontrollorgan som skal kunne trekkjast tilbake, og ikkje den formelle meldinga til ESA og dei andre EØS-landa. Komiteen gjer derfor framlegg om endring i § 4 i samsvar med dette.

2.2  Lov om endringar i lov om mål og vekt

       Komiteen syner til at kongeleg resolusjon av 27. november 1992 gav forskrift som gjev heimel til Norsk Akkreditering for å krevje inn gebyr for handsaming av akkrediteringssøknader frå laboratorium og sertifiseringsorgan. Komiteen er samd med departementet i at det er naudsynt å avklare om akkrediteringar må reknast som vedtak etter forvaltningslova og at den nye føresegna vert teken inn i § 35 i lova.

       Komiteen ser det som positivt at Norsk Akkreditering no betre vert i stand til å finansiere verksemda.

       Komiteen finn det naturleg at stillinga som justerdirektør vert gjort om til tenestemannsstilling på line med toppleiarstillingar i ulike direktorat.

3. Tilråding frå komiteen

       Komiteen har elles ikkje merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere slike

vedtak til lover:

A.

Vedtak til lov
om tekniske kontrollorgan som har til oppgåve å gjennomføre samsvarsvurderingar etter EØS-avtalen (lov om tekniske kontrollorgan).

§ 1.

       Denne lova gjeld utpeiking av og verksemda til tekniske kontrollorgan som driv samsvarsvurderingar etter reglar som er gitt til gjennomføring av EØS-avtalen.

       Med samsvarsvurdering meiner ein avgjerd av om eit produkt oppfyller dei tekniske krava o.a. som er stilt i regelverket som nemnt i fyrste leddet.

       Med tekniske kontrollorgan meiner ein føretak, offentlege organ o.a. som gjennom utpeiking som nemnt i § 2 har rett til å drive samsvarsvurdering av produkt som andre har utvikla.

§ 2.

       Departementet kan etter søknad peike ut eit organ som teknisk kontrollorgan dersom organet kan dokumentere at det oppfyller dei krava som er stilt på det aktuelle området i regelverket som nemnt i § 1.

       Departementet kan setje vilkår for utpeikinga.

§ 3.

       Departementet kan påleggje tekniske kontrollorgan å utarbeide rapportar om arbeidet sitt til departementet, og få fram annan dokumentasjon som departementet finn naudsynt for å kontrollere verksemda.

§ 4.

       Dersom eit teknisk kontrollorgan ikkje lenger oppfyller krava som er nemnde i § 2, eller på annan måte opptrer i strid med regelverket, kan departementet gje pålegg om retting innan ein nærmare fastsett frist eller trekkje tilbake utpeikinga.

§ 5.

       Forvaltningslova kapittel II til VI gjeld for samsvarsvurderingar som tekniske kontrollorgan gjer. Organa kan likevel ta vanleg betaling for samsvarsvurderingane.

§ 6.

       Ei samsvarsvurdering som er gitt av eit teknisk kontrollorgan som er peika ut av ein annan EØS-stat, har same rettsverknad som ei samsvarsvurdering frå eit teknisk kontrollorgan her i landet.

§ 7.

       Departementet kan ved forskrift gi nærmare reglar til gjennomføring og utfylling av denne lova.

§ 8.

       Kongen fastset kva tid lova skal ta til å gjelda.

B.

Vedtak til lov
om endringer i lov av 31. oktober 1946 nr. 2 om mål og vekt.

       I lov av 31. oktober 1946 nr. 2 om mål og vekt gjøres følgende endringer:

I.

Ny § 14 skal lyde:

       Justerdirektøren tilsettes av Kongen.

§ 35 nytt andre ledd skal lyde:

       Departementet kan gi forskrifter om betaling for de tjenester som utføres av Norsk Akkreditering.

II.

       Denne lov trer i kraft straks.

Oslo, i næringskomiteen, den 19. mai 1994.

Svein Ludvigsen,

Lars Gunnar Lie, William Engseth,

leiar.

ordførar. sekretær.