Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

2. Departementet sine allmenne merknader til lovendringane

Aktuelle administrative verkemiddel mot lovbrot - åtvaring

       Departementet peikar på at det etter alt å dømma kan vere naturleg å gjeva åtvaring t.d. første gongen eit kringkastingsselskap bryt føresegnene i medhald av kringkastingslova. Dette vil kunne vere ein tilstrekkjeleg reaksjon, kanskje særleg dersom lovbrotet er lite graverande.

       Departementet gjev likevel uttrykk for at det ikkje er grunn til å stilla krav om at det må vere gjeve åtvaring i eitkvart tilfelle, før andre sanksjonsmiddel kan nyttast.

       Slik lova no er, har det vore mogleg for Statens Medieforvaltning å gjeva åtvaring, men dette har ikkje gått fram av lova. Departementet meiner at føresetnaden for å gjeva åtvaring bør gå fram av lova, ikkje minst av di dette vil verka opplysande.

Tvangsmulkt

       I høyringsnotatet som vart sendt ut som ein lekk i førebuingane til lovproposisjonen, var det teke inn eit forslag om tvangsmulkt som et mogleg alternativt sanksjonsmiddel.

       I høyringsrunden har m.a. Justisdepartementet gjeve uttrykk for at dei er tvilande til den ordninga med tvangsmulkt som det vert gjort framlegg om. Justisdepartementet syner til føresegna i Grunnlova § 96 som set forbod mot straff utan etter dom. Kulturdepartementet har lagt vesentleg vekt på dei innvendingane Justisdepartementet har mot den ordninga med tvangsmulkt som det no er gjort framlegg om, og har kome til at ein ikkje vil tilrå innføring av tvangsmulkt ved brot på kringkastingslovgjevinga.

       I høyringsnotatet bad departementet også om ei vurdering av ei ordning med gebyr til statskassa ved brot på føresegnene om reklame i kringkasting og sponsing av kringkastingsprogram. Dette var tenkt å vere eit mogleg alternativ til ordninga med tvangsmulkt. Det vart presisert i høyringsnotatet at gebyr for brot på lova berre skulle kunna påleggjast i dei tilfella der det er konstatert brot på lova sine føresegner om reklame. Justisdepartementet reiser også her innvendingar og stiller spørsmålsteikn ved om forslaget er i samsvar med Grunnlova § 96.

       Justisdepartementet kjem inn på at idømming av slike gebyr vil vere akseptabelt i høve til EU si sanksjonsordning når det gjeld konkurranseretten, men at ein ikkje utan vidare kan leggja til grunn at reine interne sanksjonssystem vil bli vurdert på same måte i høve til Grunnlova § 96 som overnasjonale ordningar.

       På bakgrunn av den tvilen som kom til uttrykk m.a. frå Justisdepartementet når det galdt dei prinsipielle sidene ved ordninga, kom ein til at ein ikkje ville gå vidare med framlegget om gebyr for brot på lova. Kulturdepartementet har særleg lagt vekt på at det vil vere uheldig om det vil rå uvisse om ordninga strir mot Grunnlova.

Førelegg om gebyr for lovbrot

       Som ei fylgje av dei prinsipielle innvendingane mot framlegga om tvangsmulkt og gebyr for lovbrot, utarbeidde Kulturdepartementet eit nytt høyringsforslag der ein gjekk inn for at dei to alternative ordningane skulle avløysast av ei ordning med førelegg om gebyr for lovbrot. Hovudskilnaden er at eit utskreve førelegg om gebyr for lovbrot ikkje utan vidare vil vere tvangsgrunnlag for utlegg. Kringkastingsselskapet vil ha høve til å vedta førelegget innan ein fastsett frist på minimum tre veker. Eit vedteke førelegg er tvangsgrunnlag for utlegg. Dersom den som bryt lova ikkje vedtek førelegget, kan Statens Medieforvaltning gå til rettssak på same måte som i sivilprosessen. Ein dom som fastset plikt til å betale gebyr for lovbrot vil på vanleg måte vere tvangsgrunnlag for utlegg.

       Både Riksadvokaten og Regjeringsadvokaten hadde innvendingar mot forslaget. Regjeringsadvokaten peikar m.a. på at ordninga vil kunne bli lite effektiv.

       På grunnlag av innvendingane som kom har Kulturdepartementet kome til ikkje å ville fremja forslag om økonomiske sanksjonar ved brot på reklamereglane.

Tidsavgrensa forbod mot å sende reklame

       Det blir gjort framlegg om å føra vidare det løyvet som er gjeve i den mellombelse lova til å forby eit kringkastingsselskap å sende reklame i ein periode. Departementet meiner at forbod mot å sende reklame for ein kortare periode vil vere eit effektivt sanksjonsmiddel.

       Eit slik forbod har vore vurdert i høve til prinsippa om ytringsfridom i Grunnlova § 100. Ein reknar med at ei forbodsordning som her er skissert, ikkje vil vere i strid med det vernet som kan finnast for den typen kommersiell ytring som reklame er. Sanksjonen vil ikkje påverka andre sendingar til kringkastingsselskapet utan at selskapet sjølv av økonomiske eller andre grunnar finn å måtte stogga sendingane i den perioden forbodet varer.

       Forbodet kan brukast som ein sanksjon mot brot på reglar om reklame og mot brot på reglane om sponsing av kringkastingsprogram. Departementet gjer merksam på at forbod mot å sende reklame er ein streng reaksjonsform, og dersom lovbrotet verkar tilfeldig, bør forbod ikkje nedleggjast.

       Departementet seier vidare at det er vanleg å gjeva ei åtvaring først før ein legg ned forbod mot å sende reklame. Forbodet mot å sende reklame skal gjerast tidsavgrensa, og lengda på forbodet må stå i høve til den økonomiske vinninga selskapet har skaffa seg ved å bryta reglane.

Inndraging av konsesjon

       Departementet føreslår at det går fram av sjølve lovteksta at konsesjon som er gjeven i medhald av §§ 2-1 eller 2-2, kan inndragast ved mange og grove brot på lova eller vedtak som er fatta i medhald av lova. Eit slikt sanksjonsmiddel vil retta seg mot vesentlege brot på dei føresegnene som gjeld for kringkastings- eller nærkringkastingsselskap. Departementet legg til at inndraging vanlegvis først vil vere aktuelt, etter at åtvaringar eller andre sanksjonsmiddel har vore nytta, utan at regelbrota er stansa.

       Departementet finn likevel ikkje grunn til å setta som endeleg vilkår at andre sanksjonsformer først til fånyttes er prøvde.

Tiltak til gjennomføring av forbod mot å sende reklame

       Som ein lekk i tiltaka til gjennomføring av forbod mot å sende reklame vart høyringsinstansane bedne om å uttala seg om utsiktene til fysisk gjennomføring av forbod mot å sende reklame. Departementet nemnde det kunne vere ein utveg å påleggje kringkastingsselskapa å gjennomføra tiltak som kan fjerne reklameinnslaga ved utsending over eter eller ved vidaresending i kabelnett. Departementet konstaterer likevel at det ligg føre store tekniske vanskar knytte til bruk av anlegg for koding av reklameinnslag og for å stansa koda innslag. Departementet finn difor ikkje grunnlag for å lovfesta ei ordning som er tufta på slike prinsipp.

Plikt for signaldistributørar om ikkje å kringkaste sending frå nokon som manglar konsesjon

       Det vert gjort framlegg om å påleggja signaldistributørar om ikkje å kringkaste eller vidaresende kringkasting frå nokon som ikkje har fått konsesjon etter § 2-1, eller frå selskap som har fått inndrege konsesjonen for ein periode eller mogleg for alltid (jf. nytt tredje ledd i § 2-2).

       Departementet føreset at aktuelle signaldistributørar får melding frå Nærkringkastingsnemnda om vedtak om inndraging av konsesjon. Signaldistributøren pliktar, når han har fått kunnskap om at konsesjonen er inndregen, å stansa kringkastinga. Det vert gjort framlegg om at fullmakt til å fastsetja sanksjonar i lova skal leggjast til Nærkringkastingsnemnda. Departementet gjev uttrykk for at det er viktig at same organ i utgangspunktet handsamar alle typar sanksjonar.

       Somme former for brot på føresegnene som gjeld innhaldet i reklamesendingane, vert kontrollerte og handheva av andre forvaltingsorgan enn Statens Medieforvaltning. Dette gjeld t.d. Forbrukarombodet sitt tilsyn med føresegnene om innhaldet i reklamesendingar i kringkasting. Også slike brot fell innanfor verkeområdet til føresegnene om sanksjonar ved brot på reklamereglane som skal handhevast av Statens Medieforvaltning. Nemnda føreset å leggja til grunn dei vedtaka som er fatta av t.d. Forbrukarombodet med omsyn til spørsmålet om brot på reklamereglane har funne stad. Departementet meiner likevel at nemnda på sjølvstendig grunnlag vil måtte vurdere om brot skal gjeva grunnlag for sanksjon og dessutan avgjera sanksjonsforma og fastsetje innhaldet i sanksjonen.

       Vedtak om sanksjon kan klagast over til departementet.

Administrative og økonomiske konsekvensar

       Det går fram av proposisjonen at lovframlegget ikkje vil føra til administrative eller økonomiske konsekvensar av noko omfang.