4. Tilråding frå komiteen
Komiteen viser til dokumentet og til det som står ovanfor og rår Odelstinget til å gjere slikt
Dok.nr.8:24 (1993-1994), forslag frå stortingsrepresentantane Carl I Hagen og John Alvheim om lov om endringar i lov av 18. august 1911 nr. 8 om skatt av formue og inntekt, blir oversendt til Regjeringa som blir beden om å vurdere det i den varsla stortingsmeldinga om prioritering, finansiering og rettar i helsetenesta.
Oslo, i finanskomiteen, den 13. april 1994. |
Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, | Reidar Sandal, | Per-Kristian Foss, |
Leiar. | ordførar. | sekretær. |