3. Nærare om framlegga til endring av § 33
Endringane i veglova § 33 har til føremål å bringe ordlyden i regelen i samsvar med det rettslege innhald som § 33 har fått gjennom praksis og rettslege avgjerder. Endringane vil gi eit betre grunnlag for sakshandsaminga av reklamesaker. Dei endringane som det no blir fremma forslag om, vil leggje reklamereglane i § 33 noko nærare reglane i plan- og bygningslova § 107 og naturvernlova § 15.
Veglova § 33 gir ei avgrensa heimel til å sette forbod mot og til å fjerne reklameskilt og liknande innretning.
Ei hovudinnvending har vore at vegstyresmaktene til no ikkje har vitskapeleg støtte for at reklamen i røynda har nokon slik innverknad på trafikantane at den fører til trafikkuhell. Sjølv om det ikkje konkret kan dokumenterast kor trafikkfarleg reklamen er, kan reklame som rettar seg mot trafikantane, etter departementet si vurdering, vere ein distraksjonsfare og dermed trafikkfarleg. Dette gjeld mellom anna reklame som er profesjonelt utforma for å vere synleg og dra trafikantane si merksemd til seg.
Dess viktigare veg, dess strengare bør praktiseringa av regelen vere, og det er særleg hovudvegnettet med høg fart og stor trafikk som vegstyresmaktene bør rette si merksemd mot.
Departementet meiner paragrafen bør formast slik at all trafikkfarleg reklame i utgangspunktet er ulovleg med mindre det er gitt løyve. Dette er gjort i framlegget til første ledd.
Departementet er kome til at det i første ledd bør takast omsyn til behovet for reklame for verksemd i eige bygg.
I framlegget til andre ledd er rekna opp dei tilhøva som etter departementet si meining må føre til at løyve ikkje kan bli gitt; at skilta kan forvekslast med trafikkskilt, hindre den frie sikta eller trekkje dei vegfarande si merksemd bort frå vegen. Desse tilhøva er allereie nemnde eller innfortolka i noverande § 33.
Vegstyresmaktene vil etter framlegget måtte føreta ei konkret vurdering av om vilkåra er til stades for å gi løyve.
Departementet meiner at Statens vegvesen ikkje bør påleggjast eit særskilt ansvar for reklamen sine estetiske sider når § 33 skal praktiserast. Det er primært miljø- og bygningsstyresmaktene som bør ta hand om estetisk skjemmande uttrykksformer.
Vegstyresmaktene sitt hovudansvar etter veglova bør vere å verne om trafikktryggleiken.
I praktiseringa av reglane må det leggjast opp til eit samarbeid mellom vegstyresmaktene, miljø- og bygningsstyresmaktene.
Departementet legg opp til at vegsjefane skal få nærare retningsliner for praktiseringa av veglova § 33.
I tredje ledd blir føresegna om forbod mot visse slag reklameskilt m.v. som no finst i fjerde ledd, halden ved lag.
I fjerde ledd finn departementet det naudsynt å foreslå ein ny særskild handhevingsregel. I dag gjeld § 36 for handheving av m.a. vedtak som gjeld reklame. Departementet ønskjer å innarbeide ein slik regel i § 33 og samstundes foreslå ei styrking av regelen som gjer det mogleg for vegstyresmakta å få til ei effektiv handheving.
Den store pågangen i seinare tid har vist at det er behov for unntak frå forvaltingslova si hovudregel i desse sakene. Erfaringane har vist at vegstyresmakta treng klar heimel i veglova til straks, utan førehandsvarsel, å kunne fjerne skilt som er ulovleg sette opp. Departementet foreslår ein eigen heimel for dette.
Departementet meiner at vegstyresmaktene må få heimel til å gå utover vegen sitt eigedomsområde ved slik aksjonar.
Komiteens merknader til § 33
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Høyre, konstaterer at vegloven § 33 gir hjemmel for å sette forbud mot og til å fjerne reklameskilt o.l., og at dette i praksis har skjedd ut fra hensynet til sikthindring og distraksjonsfare.
Flertallet konstaterer videre at endringene foreslås for å bringe ordlyden i § 33 i samsvar med den praksis som har utviklet seg.
Flertallet ser behovet for å oppdatere lovverket på dette punktet, og slutter seg til endringsforslaget.
Flertallet understreker at forskriftene må få en utforming som i størst mulig grad sikrer lik praksis over hele landet.
Komiteens medlemmer fra Høyre vil peke på at en i dag har de nødvendige lover for å regulere oppsetting av reklame langs vegene.
Disse medlemmene mener den nye loven går for langt hva angår vegmyndighetenes generelle adgang til å forby oppsetting av reklameskilt og nedtaking av skilt fra private bygg.
Disse medlemmene vil spesielt peke på at forslaget inneholder en særskilt hjemmel som setter til side forvaltningslovens hovedregel om varsling før tiltaket settes i verk. Disse medlemmene kan ikke se behovet for en slik særskilt hjemmel.
Disse medlemmene vil videre peke på at praktiseringen av loven vil innebære skjønnsavgjørelser som forutsetter en kompetanse i forholdet mellom distraksjon og trafikkfare som det er tvilsomt om vegmyndighetene besitter.
Disse medlemmene vil derfor be departementet, om de har behov for en endring av loven, å komme tilbake med en lovtekst som gir en mer begrenset lovanvendelse.
Disse medlemmene vil stemme imot forslaget til endring av § 33.