1. Innleiing
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Marianne Aasen Agdestein, Alf E. Jakobsen, Rolf Terje Klungland, Torgeir Micaelsen, leiaren Reidar Sandal og Eirin Kristin Sund, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, Ulf Leirstein, Jørund Rytman og Christian Tybring-Gjedde, frå Høgre, Svein Flåtten, Peter Skovholt Gitmark og Jan Tore Sanner, frå Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og Ingunn Gjerstad, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Olav Syversen, frå Senterpartiet, Hilde Grønhovd, og frå Venstre, Lars Sponheim, viser til at det i Stortingets forretningsorden § 19 m.a. står dette når det gjeld finanskomiteens oppgåver:
"Senest den 20. november skal finanskomiteen avgi innstilling (Budsjett-innst. S. I) om nasjonalbudsjettet og statsbudsjettet, med forslag til rammevedtak for bevilgninger i samsvar med inndeling i rammeområder fastsatt av Stortinget i henhold til § 22 tredje ledd."
Når det gjeld inndelinga av statsbudsjettet i rammeområde, viser komiteen til vedtak i Stortinget 18. oktober 2007, jf. Innst. S. nr. 2 (2007-2008) Innstilling fra Stortingets presidentskap om fordeling til komiteene av rammeområder med budsjettkapitler og utkast til romertallsvedtak vedrørende forslaget til statsbudsjett for 2008, jf. også avsnitt 3.2 nedanfor.
Komiteen viser til at det etter at St.prp. nr. 1 (2007-2008) blei lagt fram, er fremma i alt 7 tilleggsproposisjonar til denne. I møte i Stortinget 13. november 2007 blei forslaga under dei enkelte kapitla fordelt på rammeområde og sendt komiteen i samsvar med vedtak i Stortinget om fordeling til komiteane ved behandlinga av Innst. S. nr. 2 (2007-2008), jf. vedlegg 1.
Komiteen viser til brev av 5. november 2007 frå finansminister Kristin Halvorsen om trykkfeil i St.meld. nr. 1 (2007-2008) og brev av 31. oktober 2007 om trykkfeil i St.prp. nr. 1 (2007-2008). Breva følgjer respektivt som vedlegg 2 og 3 til denne innstillinga.