9. Fullmakt til å ta opp statslån
Finansdepartementet har ansvaret for forvaltninga av statens gjeld og kontantbehaldning. Det er inngått avtalar med Noregs Bank om forvaltning av statens gjeld og likviditet, og om konsernkontoordninga. I samsvar med desse avtalane skal Noregs Bank mellom anna gi råd om opplåninga til staten, ta seg av den operative forvaltninga av innanlandske låneopptak og pleie andrehandsmarknaden for statspapir. Noregs Bank mottek betaling for den operative forvaltninga, for marknadspleia og for drifta av statens kontosystem.
Staten har ut frå forslaget i St.prp. nr. 1 (2007-2008) eit brutto finansieringsbehov på 14,9 mrd. kroner i 2008. Planen er å dekkje finansieringsbehovet ved langsiktige låneopptak innanlands.
I tråd med tidligare praksis legg ein opp til å jamne ut opptaka av langsiktige lån. Ein ber derfor om fullmakt til å ta opp langsiktige innanlandske lån som er mindre enn finansieringsbehovet i 2008. Fullmakta for opptak av nye langsiktige lån, dvs. lån som bind staten for ein periode på meir enn eitt år, blir foreslått sett til 40 mrd. kroner. Lån som inngår i staten si eigenbehaldning av statspapir for marknadspleieformål er omfatta av desse fullmaktene. Ein ber om romslege fullmakter for samla uteståande i kortsiktige lån i 2008. For kortsiktige marknadslån, dvs. lån som har løpetid opp til eitt år, og som blir omsette i marknaden, foreslår ein ei ramme på 80 mrd. kroner. For andre kortsiktige lån som ikkje blir omsette i marknaden foreslår ein ei ramme på 100 mrd. kroner. Ein ber i tillegg om at den generelle fullmakta til å inngå rentebyteavtalar og tilsvarande derivatavtalar blir vidareført. For nærare omtale viser ein til kapittel 2.2 i proposisjonen. Forslaga er samanfatta i tabell 2.2 i proposisjonen.
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag og viser til forslag til vedtak I-IV under pkt. E. Statslånefullmakter.