Sammendrag

Det blir fremja eit eige svalbardbudsjett fordi artikkel 8 i Svalbardtraktaten avgrensar høvet til å krevje inn skattar og avgifter på Svalbard, og korleis desse midlane kan nyttast.

Svalbardbudsjettet tener til å gi ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål.

Stortinget slutta seg til ønsket frå Regjeringa om å føre vidare ordninga med eit eige svalbardbudsjett under behandlinga av St.meld. nr. 9 (1999-2000).

Regjeringa har fleire overordna mål for svalbardpolitikken. Måla vart vedtekne i samband med behandlinga av St.meld. nr. 40 (1985-86), og dei vart gjentekne i St.meld. nr. 9 (1999-2000). Desse måla er ei konsekvent og fast handheving av norsk suverenitet, korrekt overhalding av Svalbardtraktaten og kontroll med at traktaten blir etterlevd, bevaring av ro og stabilitet i området, bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området, og oppretthalding av norske samfunn på øygruppa.

Den norske verksemda på Svalbard og dei andre polarområda stiller forvaltninga overfor utfordringar som ikkje er til stades på fastlandet. Polarområda er òg politisk viktige. Det er nødvendig å sjå dei ulike fag­etatane si verksemd i desse områda i samanheng, og i eit breiare perspektiv. Justisdepartementet har ansvaret for å samordne forvaltninga sitt arbeid med polarsaker for å sikre ein heilskapleg norsk politikk i polarområda.

Samordninga skjer i hovudsak i det interdepartementale Polarutvalet. Sysselmannen er òg svært viktig for å sikre ei god forvaltning av øygruppa. Han er administrativt underlagt Justisdepartementet, og får løyvingane sine over svalbardbudsjettet. I nokre fagsaker er han likevel underlagt andre departement. Som offentleg organ er Sysselmannen tillagt ei rekkje styresmaktoppgåver innafor ulike saksområde.

Den norske busetnaden på Svalbard har tradisjonelt vore knytt til koldrift. Dette er framleis den næringa som har flest sysselsette. Anna privat og offentleg verksemd har dei siste åra auka vekt på Svalbard. Dette gjeld turisme, forsking og høgare utdanning.

Det har skjedd ei endring i den statlege eigarstrukturen i Noreg ved at forvaltningsorgan i større grad enn tidlegare blir organiserte som aksjeselskap med større krav til inntening. Dette gjeld til dømes Posten, Avinor og Telenor. Desse selskapa har tidlegare vore aktivt nytta i svalbardpolitikken. Dette er vanskelegare med den nye organiseringa. Ein må derfor finne nye måtar å leggje til rette for utøving av svalbardpolitikken på.

Ei prioritert oppgåve den siste tida har vore sjøtryggleik. Skipsfart generelt og dei spesielle utfordringane med cruisetrafikken er eit hovudtema i arbeidet i Polarutvalet i 2005.

Dei siste åra har det vore auka aktivitet innan fo­rsking på Svalbard. Det er viktig å koordinere denne verksemda.

Innhenting av statistikk om Svalbard er òg viktig. Ei arbeidsgruppe skal leggje fram rapport til Polarutvalet hausten 2004. Statistikklova gjeld ikkje på Svalbard.

Longyearbyen lokalstyre får løyvinga si over svalbardbudsjettet. Lokalstyret har ansvar for å utøve mynde på utvalde saksområde, for offentleg tenesteyting og for utviklingsoppgåver. Det er snart 3 år sidan lokaldemokratiet vart innført i Longyearbyen og lokalstyret vart oppretta. Ein tek sikte på å setje i gang med evaluering hausten 2004.

Budsjettramma på svalbardbudsjettet for 2005 er kr 195 245 000. Dette er kr 25 792 000 meir enn i vedteke budsjett for 2004, som tydar ei 15,2 pst. auke. Underskotet på svalbardbudsjettet for 2005 blir dekt inn gjennom eit tilskot over Justisdepartementet sitt budsjett, og utgjer den største inntektsposten på svalbardbudsjettet. I 2005 vil dette tilskotet vere kr 135 915 000, som er 69,6 pst. av dei venta inntektene.

Skattar og avgifter er den største inntektsposten, bortsett frå statstilskotet. For 2005 er skatteinntektene rekna til kr 54 590 000, som er 28 pst. av dei samla inntektene over svalbardbudsjettet.

Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Ein stor utgiftspost er Sysselmannen si transportteneste. Utgifter til redningshelikopter er ein del av dette. Dei auka kostnadene på dette kapitlet skuldast i hovudsak ein heilårsverknad av den nye kontrakten om rednings- og tenestehelikopter. Andre store utgiftspostar er løyving til Sysselmannen si ordinære drift og staten sine bygningar i Longyearbyen. Det er òg foreslått å løyve midlar til drift av lokalstyret og tilskot til drift og utbygging av offentlege tenester og infrastruktur som Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for. Dette er ein stor utgiftspost.

For 2005 er det foreslått å løyve netto om lag 357 mill. kroner over statsbudsjettet til svalbardformål. Tilsvarande tal i fjor var om lag 328 mill. kroner. Dette omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet over Justisdepartementet sitt budsjett, med tillegg av utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa. Inntektene frå Svalbard som går inn i budsjetta til dei andre departementa er trekte frå.

Dei siste åra har det over Miljøverndepartementet sitt budsjett vore løyvd i gjennomsnitt om lag 80 mill. kroner til svalbardformål. Det meste av dette går til miljøvernarbeid. I proposisjonen står det at ein tek sikte på å halde oppe nivået på løyvinga over Miljøverndepartementet sitt budsjett. I 2005 er det foreslått å løyve 70,6 mill. kroner.

I 2004 vart taubaneanlegget frå Adventdalen til Skjæringa på Svalbard freda. Ein rekkje tekniske installasjonar frå Svalbard si tidlege industrihistorie i samband med koldrifta vart òg freda.

Fleire verneområde vart utvida frå 1. januar 2004 i samband med at det norske sjøterritoriet vart utvida frå same dag.

Vidare vart fem nye verneområde vedteke på Svalbard i 2004. Dei utgjer 8 pst. av øygruppa. Såleis vart òg dei biologisk viktigaste område verna.

Svalbardmiljølova frå 2001 gir grunnlag for å opprette Svalbard miljøfond, og Miljøverndepartementet tek sikte på å etablere fondet i 2005. Fondet vil verte sett saman av midlar frå gebyr, erstatning og tvangsmulkt. Midlane skal nyttast til tiltak som har til føremål å verne miljøet på Svalbard, bl.a. kartlegging, overvaking og gjenoppretting av miljøtilstanden, skjøtsel og informasjons- og opplæringstiltak.

Miljøvernarbeidet i 2005 vil særleg ha fokus på ei effektiv gjennomføring av svalbardmiljølova med tilhøyrande forskrifter, og vidareutvikling av forvaltningsplanar som eit virkemiddel for å styrkje verneområdet. Viktige leveområde for vilt skal sikrast mot påverknad frå lokal verksemd. Bevaring av kulturminne knytte til industriell verksemd frå 1940-talet representerer ei utfordring. Det vil bli lagt vekt på å følgje nøye den delen av den aukande turismen som kan true den sårbare naturen på Svalbard.

Forsking er viktig på Svalbard. Sysselmannen vil i 2005 delta i eit nordisk prosjekt om integrering av miljøvernomsyn i forskinga.

Over Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett er det foreslått å løyve til saman 15 mill. kroner. Det er det same som i saldert budsjett for 2004. Staten har eigarinteresser i fleire selskap på Svalbard. Nokre av dei får overført statlege midlar.

Kolverksemda har i mange år vore halden oppe med statlege tilskotsløyvingar. Bakgrunnen for dette har i hovudsak vore dei nasjonale omsyna som gjer seg gjeldande på Svalbard.

Hausten 2001 starta Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS produksjonsdrift i Svea Nord, som er eit nytt gruveområde. Stortinget har lagt til grunn at gruvedrifta etter dette skal drivast ut frå bedriftsøkonomiske føresetnader og uavhengig av statleg støtte i framtida. Formålet med statleg eigarskap er, gjennom ringverknadene av selskapet sine aktivitetar, å medverke til at samfunnet i Longyearbyen blir halde oppe og utvikla vidare på eit vis som understøttar dei overordna måla i norsk svalbardpolitikk. Staten ønskjer i tillegg ei akseptabel årleg avkastning på den eigenkapitalen som er investert i selskapa. Etter ei samla vurdering går Regjeringa inn for at ein prosess med vurdering av delprivatisering av kolverksemda i gruve-selskapet blir avslutta, etter drøftingar i styret i selskapet og i det interdepartementale Polarutvalet.

Staten eig alle aksjar i Kings Bay AS. Det er foreslått å løyve kr 13 000 000 til Kings Bay AS i 2005, slik som i fjor. Løyvinga vil gå til drift og investeringar. Ny-Ålesund er hovudsenteret for naturvitskapleg fo­rskingsverksemd på Svalbard. Kings Bay AS eig grunn og anlegg i Ny Ålesund, og har ansvaret for infrastrukturen på staden. I samband med Stortinget si behandling av St.meld. nr. 9 (1999-2000) Svalbard slutta utanrikskomiteen seg til at Ny-Ålesund skal utvikle seg vidare som ein "grøn" forskingsstasjon. Komiteen rekna med at Kings Bay AS syter for nødvendige tiltak for å redusere miljøverknadene av verksemda i Ny-Ålesund-området til eit minimum.

Svalbard Reiseliv AS er eigd av Svalbard Reiselivsråd. Dette er ei samanslutning av eit breitt spekter av aktørar med interesser knytte til reiselivet på Svalbard. I proposisjonen har Regjeringa foreslått å løyve eit tilskot på kr 2 000 000 til Svalbard Reiseliv AS for 2005, slik som i saldert budsjett for 2004.

Målet med tilskotet til Svalbard Reiseliv AS er å medverke til auka verdiskaping og betre lønsemd for reiselivet ved å informere, profilere og marknadsføre Svalbard som reisemål. Det er ei viktig oppgåve for Svalbard Reiseliv AS å utvikle eit miljøtilpassa reiseliv.

Svalbard Satellittstasjon (SvalSat) les ned data for sivile formål frå satellittar i polare baner, og styrer òg desse satellittane. Kongsberg Satellite Services AS, som er eigd 50 pst. av Norsk Romsenter og 50 pst. av Kongsberg Aerospace & Defence Systems AS, eig infrastrukturen og står for drifta av SvalSat.

Svalbard Rakettskytefelt (SvalRak) er etablert i Ny Ålesund av Andøya Rakettskytefelt AS. Formålet med SvalRak er oppskyting av forskingsrakettar. Lokaliseringa nær den magnetiske nordpolen gir målingane frå rakettane resultat av stor vitskapleg verdi.

For 2005 er det foreslått i proposisjonen å løyve 126,9 mill. kroner til Svalbardformål under budsjettet til Forskings- og utdanningsdepartementet. Det har vore ein stor auke i forskings- og utdanningsverksemda på Svalbard det siste tiåret. Øygruppa er blitt sentral for nasjonal og internasjonal forsking i Arktis.

Det er eit samarbeid mellom fleire departement for å etablere ein forskingspark på Svalbard. Utdannings- og forskingsdepartementet arbeider med utviding av Universitetssenteret på Svalbard (UNIS), og Miljøverndepartementet arbeider med utvida areal for Norsk Polarinstitutt. Alle verksemdene som skal liggje i forskingsparken på Svalbard treng større plass. Etter planen skal bygget vere ferdig i 2005. Det blir foreslått ei løyving på 129,1 mill. kroner i 2005 til vidareføring av prosjektet under Moderniseringsdepartementet sitt budsjett.

Midlar frå Utdannings- og forskingsdepartementet går gjennom Fondet for forsking og nyskaping til fo­rskingsprogrammet "Polar klimaforsking". For 2005 skal om lag 7,5 mill. kroner gå til den delen av fo­rskinga som er knytt til Svalbard, av totalt om lag 25 mill. kroner.

Studiet ved UNIS skal ha ein internasjonal profil. Utdannings- og forskingsdepartementet finansierer 100 studieplassar der, og over halvparten av studentane er utanlandske. Det er forslått å løyve 77,7 mill. kroner i 2005 til UNIS mot 44,1 mill. kroner i saldert budsjett for 2004.

Om lag 6,5 mill. kroner av den ordinære faglege løyvinga til Noregs forskingsråd for 2005 vil gå til tiltak som gjeld Svalbard direkte. Dette er mindre enn i 2004, men då vart det gitt ei eingongsløyving til det nye marinelaboratoriet i Ny-Ålesund. Reelt sett er det ein auke på 1 mill. kroner for å styrkje samarbeidet mellom Noreg og Russland innanfor polarforsking.

For 2005 er det foreslått å løyve 25 mill. kroner til skulen på Svalbard. Talet på elevar har auka.

Utdannings- og forskingsdepartementet finansierer drifta av dei meterologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen. Det same gjeld flyvêrteneste ved Svalbard lufthavn. Løyvinga for 2005 vil vere 10,2 mill. kroner.

Posten Norge AS utfører samfunnspålagte posttenester på Svalbard. Underskotet ved denne tenesta er dekt gjennom løyvinga til statleg kjøp av postteneste over Samferdselsdepartementet sitt budsjett. På budsjettet for 2005 er det satt av 7 mill. kroner til dette for Svalbard.