Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

3. Fiskeridepartementet - Utdrag fra de enkelte budsjettkapitler, samt komiteens merknader til disse

For så vidt gjelder de kapitler som ikke er omtalt nedenfor, har komiteen ingen merknader og slutter seg til budsjettforslaget.

(i 1 000 kroner)

Kap.

Vedtatt budsjett 1998

St.prp. nr. 1 (1998-99)

Pst. endring 1998/99

1060

122 760

131 300

7,0

4060

50

50

-

Kap. 1060 dekkjer utgiftene til den administrative delen av Kystverket, som gjeld Kystdirektoratet og fem distriktskontor. Kapitlet omfattar og staten sitt tilskot til Redningsselskapet.

Auken i kap. 1060 skuldast i hovedsak at løyvinga til post 01 Driftsutgifter vert foreslått auka for å dekke kostnader vedkomande meldings- og informasjonssystemet og til ei styrking av økonomi- og planfunksjonen i Kystdirektoratet.

Til post 70 Tilskot Redningsselskapet vert det foreslått 50,0 mill. kroner som tilsvarar tilskot i vedteke budsjett 1998.

Kystverkutvalet, som skal vurdere Kystverkets rolle, funksjonar og oppgåver, skal avgi si innstilling til Fiskeridepartementet hausten 1998.

Komiteen vil peike på det store behovet for utbygging av fiskerihamner.

Komiteen viser i det høve til at det i St.prp. nr. 46 (1996-97) Havner og infrastruktur for sjøtransport vart lagt opp til ein vekst i hamneinvesteringane på om lag 40 pst. i frå den førre til inneverande stortingsperiode. Dette fekk tilslutnad i Stortinget.

Komiteen legg stor vekt på at det må skje ei tettare samordning av hamnepolitikken og transportpolitikken elles. Komiteen er difor tilfreds med at det no vert utarbeidd ein felles transportplan for alle transportsektorar. Komiteen vil i denne samanheng understreke naudsynet av eit tett samspel mellom Samferdselsdepartementet og Fiskeridepartementet og dei aktuelle underliggjande etatar.

Komiteen ser óg eit stort behov for ein gjennomgang av organisasjons- og styringssystemet for hamner slik komiteen ga si tilslutnad til ved handsaming av hamnemeldinga. Komiteen ser i den samanheng også behovet for ein gjennomgang av hamnelovgjevinga, og føreset at dette arbeidet blir sett i gang så fort det let seg gjere.

Komiteen syner til omtalen av prioriterte utbyggingsprosjekt i fjorårets budsjettproposisjon. Komiteen har merka seg at departementet ikkje har gjennomført dei hamneutbyggingane som det vart gjort greie for i budsjettframlegget 1998. Komiteen har merka seg at grunngjevinga for dette er auka behov for reparasjonar av skader.

Komiteen har merka seg, og er uroa over, at utbygging av hamneanlegg ikkje alltid skjer på den mest rasjonelle måten, mellom anna ved at planlegginga er for dårleg eller at anleggsmaskiner blir omdisponert. Komiteen meiner difor det er behov for ein gjennomgang av korleis hamnetenesta kan utførast på ein meir kostnadseffektiv måte.

Komiteen ser det som viktig og positivt at det er etablert ei økonomiavdeling i Kystverket og at det er oppretta eit utval som skal sjå på alle oppgåver og funksjonar i Kystverket, samt om ein skal skilje mellom forvaltning og drift. Komiteen føreset at departementet tek ei snarleg handsaming av utvalet si innstilling med sikte på raskt å iverksetje tiltak som kan betre styringa og ressursutnyttinga i Kystverket.

Komiteen ber om at dette blir lagt framfor Stortinget seinast hausten 1999.

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, ser det som viktig at vi snarast råd får ei avklaring av hamnestrukturen i indre Oslofjord. Fleirtalet syner til at komiteen slutta seg til framlegget i hamnemeldinga om å iverksetje ei særskild utgreiing om hamnesituasjonen i området. Fleirtalet er tilfreds med at dette arbeid no er i gang.

Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeiderpartiet, Høgre og Sosialistisk Venstreparti, meiner det er uheldig at investeringar og vedlikehald av hamneanlegg er under same post. Dette fleirtalet meiner at posten bør delast i ein post for investering og ein for vedlikehald.

I samsvar med dette vil dette fleirtalet difor foreslå:

«Stortinget ber Regjeringen i revidert budsjett våren 1999 legge fram forslag om fordeling av kap. 1064 Havnetjenester post 30 Fiskerihavneanlegg, i to poster, en for investeringer og en for drift- og vedlikehold.»

Dette fleirtalet ber departementet vurdere om det er formålstenleg også å innføre eit skilje mellom større investeringsprosjekt og mindre lokale prosjekt.

Dette fleirtalet meiner at prioriteringsmodellen for prosjekt og tiltak i hamner og farleier bør reviderast og ber om at dette blir lagt fram for Stortinget på ein eigna måte.

Dette fleirtalet meiner at det for hamnesektoren, på lik linje som til dømes i vegsektoren, må verta eit system kor investeringar av ein viss storleik blir lagt fram for Stortinget.

Komiteens medlemer frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti er ikkje tilfreds med at det blir gjort avvik i dei prioriteringane på hamneområdet som har vore lagt fram for Stortinget, utan at Stortinget har fått høve til å handsame slike avvik. Desse medlemene viser her mellom anna til praksis i vegsektoren.

Desse medlemene har merka seg at Regjeringa i budsjettframlegget ikkje foreslår løyvingar til forprosjektet for skipstunnel gjennom Stadlandet. Desse medlemene går ut i frå at prosjektet ikkje blir sett i verk før fullfinansieringsplanen er lagt fram for Stortinget. Desse medlemene ynskjer ei slik avklaring seinast i samband med Revidert nasjonalbudsjett 1999.

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet vil styrkje Kystverkets administrative og planmessige ressursar. Desse medlemene vil difor auke løyvingane til driftsutgifter nominelt med 6 pst. frå 1997 til 1998, dvs. til 74,6 mill. kroner. Desse medlemene ser ikkje rom for ei auke utover dette. Dette er 4,3 mill. kroner lågare enn Regjeringa sitt framlegg. Desse medlemene sluttar seg elles til Regjeringa sitt framlegg.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Venstre viser til at Regjeringen fikk tilslutning til at det skal gjennomføres et forprosjekt for skipstunnel gjennom Stadlandet. Disse medlemmer har merket seg at Fiskeridepartementet arbeider videre med en skisse til forprosjekt, både hva gjelder innhold, organisering og kostnader. Disse medlemmer har forstått det slik at departementet innenfor eget budsjett disponerer de nødvendige midler til første del av forprosjektet. Det er imidlertid behov for en nærmere dialog med de berørte fylkeskommunene med hensyn til kostnadsfordeling mellom staten og fylkeskommunene. Disse medlemmer viser til at departementet vil avvente oppstart av forprosjektet inntil disse forholdene er avklart.

Komiteens medlemer frå Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre viser til det justerte sentrumsopplegget og endringar av dette som følgje av avtalen om subsidiær støtte frå Fram-stegspartiet og Høgre. Dette inneber at løyvinga på kap. 1060 post 70 økes med 8 mill. kroner for å kompensere bortfall av sjømannsfrådraget for sjømenn på redningsskøytene. I tråd med dette foreslår disse medlemer at kap. 1060 bevilges med 139,3 mill. kroner.

Desse medlemene viser til at Kystverkutvalet skal vurdere Kystverket si rolle, funksjonar og oppgåver. Desse medlemene meiner det vil vere mest formålstenleg å avvente ei vurdering av kapittelinndeling/poststruktur på Kystverket sitt budsjettområde til etter at arbeidet til Kystverksutvalet er avslutta.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet kan ikke se at tiltakene for å rasjonalisere virksomheten innen Kystverket har gitt de forventede resultater. Opprettelsen av en egen økonomiavdeling ser så langt ut til kun å ha gitt en ekstra, fordyrende avdeling.

Disse medlemmer vil ikke være med på å øke bevilgningene til Kystverket i den nåværende situasjon. Disse medlemmer vil avvente innstillingen fra utvalget som vurderer Kystverkets fremtidige organisasjonsmodell, herunder spørsmålet om et skille mellom drift og forvaltningsmessige oppgaver. Ved å få til et slikt skille, vil det bli lettere å evaluere virksomheten i Kystverket. Dette vil også gjøre det mulig å kartlegge oppgaver som kan konkurranseutsettes.

Disse medlemmer viser til at Kystverkutvalget skal vurdere Kystverkets rolle, funksjoner og oppgaver. Disse medlemmer mener det vil være mest hensiktsmessig å avvente en vurdering av kapittelinndeling/poststruktur på Kystverkets budsjettområde til etter at Kystverkutvalgets arbeid er avsluttet.

Disse medlemmer foreslår derfor å holde utgiftene på et moderat nivå, for på den måten å stimulere til høyere effektivitet.

Disse medlemmer foreslår å redusere kap. 1060 post 1 med 9 mill. kroner.

Disse medlemmer viser ellers til det justerte sentrumsopplegget og endringer av dette som følge av avtalen om subsidiær støtte fra Fremskrittspartiet og Høyre. I tråd med dette foreslår disse medlemmer at kap. 1060 post 70 Tilskudd til Redningsselskapet bevilges med 58,0 mill. kroner, dvs. en økning på 8 mill. kroner i forhold til Fremskrittspartiet prinsipale forslag som grunnlag for Budsjett-innst. S. I (1998-99).

Disse medlemmer har merket seg at Regjeringen i budsjettforslaget ikke foreslår midler til forprosjektet for skipstunnel gjennom Stadlandet. Disse medlemmer er ikke enige i det.

Disse medlemmer viser til at initiativtakerne i Stad skipstunnel har gjort et grundig og omfattende arbeide med undersøkelse og konsekvensanalyse av tunnelen. Disse medlemmer ønsker at prosjektet kommer i gang snarest mulig.

Disse medlemmer foreslår at det bevilges 3 mill. kroner til sluttprosjekteringen av Stad skipstunnel, og vil vise til omtale under pkt. 3.2.

Komiteens medlemmer fra Høyre vil gå imot den kraftige økningen i bevilgningen til Kystverket som Regjeringen legger opp til.

På bakgrunn av behovet for å dempe den statlige utgiftsveksten vil disse medlemmer redusere veksten til kap. 1060 post 1 Driftsutgifter med 5 mill. kroner. Kystdirektoratet vil fortsatt ha vekst i sitt budsjett i forhold til inneværende år og det bør være rom for effektivisering i etaten uten at aktiviteten blir redusert.

Disse medlemmer viser ellers til det justerte sentrumsopplegget og endringer av dette som følge av avtalen om subsidiær støtte fra Fremskrittspartiet og Høyre. I tråd med dette foreslår disse medlemmer at kap. 1060 post 70 Tilskudd til Redningsselskapet bevilges med 58,0 mill. kroner, dvs. en økning på 8 mill. kroner i forhold til Høyres prinsipale forslag som grunnlag for Budsjett-innst. S. I (1998-99).

Komitemedlemen frå Sosialistisk Venstreparti sluttar seg til Regjeringa sitt forslag under post 70 Tilskot til Redningsselskapet med 50,0 mill. kroner.

(i 1 000 kroner)

Kap.

Vedtatt budsjett 1998

St.prp. nr. 1 (1998-99)

Pst. endring 1998/99

1064

177 000

192 000

8,5

4064

10

10

-

Kapitlet dekkjer utgiftene til bygging og vedlikehald av fiskerihamner og farleier. Vidare vert det løyvd tilskot til kommunale fiskerihamnetiltak over dette kapitlet.

Post 30 Fiskerihamneanlegg vert foreslått løyvd med 130,0 mill. kroner. Vedtatt budsjett 1998 var 121,0 mill. kroner, seinare auka til 126,0 mill. kroner ved behandlinga av revidert budsjett 1998.

Post 33 Farleier vert foreslått løyvd med 37,0 mill. kroner. Vedtatt budsjett 1998 var 38,0 mill. kroner.

Post 60 Tilskot til fiskerihamneanlegg vert foreslått løyvd med 25 mill. kroner. Vedtatt budsjett 1998 var 18,0 mill. kroner. Løyvinga går til delfinansiering av kommunale anlegg i fiskerihamner. Normalt vil det bli løyvd 35-50 pst. tilskot til anlegga, men det kan i særlege tilfelle verta løyvd meir.

Kystverket vil i 1999 søkje å effektivisere utbyggingsaktivitetane ved konsentrasjon om færre prosjekt. Det vil bli lagt vekt på å fullføre igangsette prosjekt framfor å starte opp nye. I 1999 vil det likevel vere mogeleg å starte opp fleire av dei nyanlegga som vart utsett i 1998 m.a. på grunn av moloreparasjonar.

Komiteen viser til sine generelle merknader til hamneutbygging m.v. under pkt. 3.1.2.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet og Høgre, har merka seg at departementet i svarbrev til komiteen har klargjort at det ikkje er sett av midlar til ferdigstilling av Svartnes hamn i 1999.

Fleirtalet meiner dette er i strid med dei føresetnadene Stortinget tidlegare har lagt til grunn. Fleirtalet viser i den samanheng til budsjettframlegget for 1998, der det heiter:

«Utdypingen av Svartnes havn i Vardø kommune, Finnmark ble innstilt i 1990 da det på dette tidspunkt ikke forelå konkrete planer for utnyttelse av land- og sjøarealene. Kystverket arbeider nå med en samlet plan for havneutbyggingen i Svartnes, slik at gjenstående utbyggingsarbeider kan startes opp i 1998.»

Fleirtalet viser til at departementet i brevet også gjorde greie for industrietableringa som no skjer i hamna, der hamna var ein føresetnad.

Fleirtalet forventar at resterande utbyggingsarbeid blir starta opp i 1999.

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti har merka seg at regjeringa Bondevik ikkje har lagt opp til ei opptrapping av løyvingane til utbygging og vedlikehald av fiskerihamner og farleier i det omfanget hamnemeldinga la opp til.

Desse medlemene ser dette som underleg sett i lys av merknadene Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet gjekk inn for i handsaminga av hamnemeldinga. Desse partia hadde der ei betydeleg høgre planramme enn fleirtalet, som støtta dåverande regjering.

Desse medlemene vil presisere kor viktig det er at pålagde oppgåver frå Stortinget vert følgde opp. Desse medlemene har merka seg at prioriterte oppgåver som vart utsett på inneverande budsjett, ikkje er ført opp på neste års budsjett heller.

Desse medlemene meiner dette er uheldig og eit lite forutsigbart signal å sende til brukargruppene.

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet går inn for å auke post 30 Fiskerihamner med 10 mill. kroner ut over Regjeringa sitt framlegg.

Desse medlemene syner vidare til at det er sett av ein monaleg reservepost under post 30. Desse medlemene legg til grunn at auken i løyvinga saman med udisponerte midlar, skal nyttast til ferdigstilling av

  • – Svartnes hamn

  • – oppstart av nyanlegg i Melbu hamn, Nordland

  • – iverksetjing av dei reparasjonar og hamneut-betringsprosjekt som var teki med i Kystverket si disponeringsplan for 1998, og som ikkje vart gjennomført i 1998 og ikkje er oppført i disponeringsplanen for 1999.

Desse medlemene syner til at det med auken i løyvinga likevel vil vera ein klart større disposisjonspost enn for 1998.

Desse medlemene foreslår vidare å auke løyvingane under post 60 Tilskot til fiskerihamner med 2 mill. kroner utover Regjeringa sitt framlegg. Desse medlemene legg til grunn at denne auken saman med dei udisponerte midla på denne posten i disponeringsplanen, skal nyttast til dei nye tilskotsprosjekta som var ført opp i disponeringsplanen for 1998, og som ikkje vart gitt tildeling i 1998 og ikkje er ført opp i disponeringsplanen for 1999.

Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre vil peke på at det er et stort behov for utbygging av fiskerihavner. Disse medlemmer har merket seg at flere nyanlegg som var forutsatt påbegynt i 1998 vil først bli påbegynt i 1999 eller senere. Dette skyldes bl.a. kostnader til omfattende moloreparasjoner bl.a. i Hasvik og Årviksand. Disse medlemmer har merket seg at det legges opp til oppstart av tre nyanlegg i 1999: Sirevåg, Geilevika og Sørvik, og at det også i 1999 vil være behov for betydelige midler til moloreparasjoner.

Desse medlemene viser til disponering av budsjettet slik det går fram av budsjettproposisjonen frå Fiskeridepartementet. Desse medlemene vil peike på at det er avsett midlar for å møte mindre vedlikehalds- og reparasjonsarbeid som oppstår i løpet av budsjettåret. Store stormskadar er uføresette skadar som varierer i tal og omfang frå år til år. Desse medlemene meiner løyvingar til desse reparasjonane må vurderast når skadane oppstår. Dette er også i tråd med tidlegare praksis. Desse medlemene er kjende med at dei åra store stormskader må utbetrast, får dette fylgje for igangsetjing og framdrift for andre hamneutbyggjingar.

Desse medlemene har merka seg at det for budsjettet for 1999 blir lagt opp til ei meir effektiv utnytting av anleggsparken, ved at anleggsdrifta blir konsentrert om færre anlegg enn kva det var lagt opp til i disponeringsplanen for 1998. Hensikten med å konsentrere verksemda om færre anlegg er å kunne gjere seg ferdig med påbegynte prosjekt før ein flytter anleggsparken, og på den måten sparer flyttekostnader.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet er enig i at forbedring av farleder og bygging av fiskerihavner er et offentlig ansvar som en del av infrastrukturen for en lønnsom næring som er i vekst.

Disse medlemmer vil imidlertid peke på at midlene som brukes under post 60 i stor grad brukes til serviceanlegg som ikke kan sis å være en del av infrastrukturen. Midlene er foreslått overførbare til andre budsjettposter. Fremskrittspartiet velger derfor å se begge bevilgningene til fiskerihavner under ett. Med en reduksjon på 7 mill. kroner vil postene 30 og 60 likevel få en økning på 9 mill. kroner fra 1998 til 1999.

Disse medlemmer foreslår å redusere kap. 1064 post 60 med 7 mill. kroner.

Disse medlemmer viser til sine merknader om Stad Skipstunnel under pkt. 3.1.2. Disse medlemmer foreslår å øke post 33 Farleder med 3 mill. kroner til sluttprosjekteringen av skipstunnelen.

Disse medlemmer vil vise til at Ålesund havn er den viktigste havnen i Norge hva gjelder fisk og fiskeprodukter. Disse medlemmer vil be Regjeringen om at det legges til rette for å klassifisere Ålesund havn med nasjonalhavn status.

Komiteens medlemmer fra Høyre legger vekt på viktigheten av moderne og effektive fiskerihavner langs kysten. Denne type infrastruktur er avgjørende for å opprettholde bosetting og sysselsetting langs deler av kysten. Disse medlemmer ønsker derfor å styrke post 30 Fiskerihavneanlegg med 6 mill. kroner. Det må være en forutsetning for prosjekter som mottar denne form for støtte, at utbyggingen blir lagt ut på anbud. Det er også ønskelig at private aktører i størst mulig grad får delta i slike prosjekter.

Disse medlemmerønsker å styrke sikkerheten og framkommeligheten langs kysten og vil derfor øke bevilgningen til post 33 Farleder med 6 mill. kroner. Dette er viktig for næringslivet og bosetting langs kysten. Større hurtigrutefartøy gjør det nødvendig å bedre farledene. Det forutsettes at utbyggingsprosjekter må være gjenstand for anbud slik at midlene blir benyttet på en mest mulig kostnadseffektiv måte.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til at planramma for 1998-2001 lå på 854 mill. kroner, og med forslag fra Regjeringa for 1999 ligger vi om lag 60 mill. kroner etter planen.

Dette medlem viser til Budsjett-innst. S. I (1998-99) hvor Sosialistisk Venstreparti har foreslått å øke bevilgningen for 1999 på kap. 1064 med 20 mill. kroner (post 30 Fiskerianlegg). Dette forslag videreføres innenfor vedtatt rammesum.

(i 1 000 kroner)

Kap.

Vedtatt budsjett 1998

St.prp. nr. 1 (1998-99)

Pst. endring 1998/99

1065

188 690

195 600

3,7

4065

52 228

59 790

11,4

Kap. 1065 dekker utgifter knyttet til drift og vedlikehold. Kapitlet omfatter også istjenesten og investeringer i fyr- og merketjenesten.

Fiskeridepartementet finner ikke å kunne prioritere nyanlegg (post 30) som følge av den vanskelige vedlikeholdssituasjonen. Det vert og for 1999 foreslått ei opprioritering av vedlikehald på kostnad av investeringar i nyanlegg. Forslag til bevilgning for 1999 er fordelt på post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold.

Økningen på kap. 4065 Inntekter skyldes i hovedsak post 02 Alminnelig kystgebyr som er foreslått bevilget med 59,540 mill. kroner. Vedtatt bevilgning 1998 52,228 mill. kroner, seinere økt til 57,483 mill. kroner i revidert budsjett 1998. Alminnelig kystgebyr dekker 30 pst. av utgiftene i fyr- og merketjenesten og hele kostnaden til istjenesten.

Fiskeridepartementet vil komme tilbake til Stortinget med ei eiga sak om ei fornya vurdering av bemanninga på fyr.

Komiteen har merket seg at Fiskeridepartementet vil komme tilbake med en egen sak om fornyet vurdering av bemanning av fyr.

Komiteen har videre merket seg at Regjeringen fremmer forslag om å sette nye resultatmål for kvaliteten på tjenestene:

«Det skal ikke forekomme uhell eller ulykker som kan føres tilbake til sviktende fyr- og merketjeneste eller mangelfull navigasjonsvarsling. Tilgjengeligheten på fyr, fyrlamper, lanterner og elektroniske installasjoner skal være minst 99,8 pst. Tilgjengeligheten på lysbøyer skal være 98 pst.»

Komiteen vil peke på at tidligere var tilgjengeligheten henholdsvis 99 og 97 pst.

Komiteen slutter seg til forslaget om å prioritere vedlikehold post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold. Komiteen har merket seg at det ikke er foreslått midler til post 30 Nyanlegg.

Komiteen ber om at Stortinget blir orientert om hvordan departementet vil følge opp den nasjonale verneplanen for fyr.

Komiteen har merket seg at departementet i gjennomgangen av statusen for fyrtjenester sier:

«Det dårlige vedlikeholdet vil etter hvert også kunne true påliteligheten til fyr, lykter og lanterner. Tilsvarende er deler av merkesystemet langs kysten i sterkt forfall.»

Komiteen ser dette som alvorlig. Komiteen ber derfor om at departementet legger til rette for at det så snart som mulig blir foretatt en gjennomgang av kvaliteten i fyrtjenesten, gjerne ved bruk av eksterne fagmiljø, og at dette blir lagt fram for Stortinget senest i budsjettet for år 2000.

Komiteen viser til at departementet vil overføre fyrstasjoner som ikke er i bruk, til andre.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Høyre, viser til at hovedregelen om at salg av statlig eiendom i hovedsak skal skje til markedspris, tidvis kan være et hinder for at gamle fyr blir sikret for allmennheten.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, legger vekt på at en i arbeidet med overføring av fyrstasjoner prioriterer allmennhetens interesser slik at gamle fyranlegg blir tilgjengelige, og at det også er åpning for salg under markedspris for å oppnå dette.

(i 1 000 kroner)

Kap.

Vedtatt budsjett 1998

St.prp. nr. 1 (1998-99) og Tillegg nr. 11

Pst. endring 1998/99

1066

281 625

326 500

15,8

4066

281 645

345 330

22,3

Kap. 1066 dekkjer lønns- og driftsutgifter i lostenesta og investeringar og vedlikehald av losbåtar og materiell. I 1999 vil Kystverket prioritere ferdigstilling av ein losbåt, bygging av ein ny losbåt og opplæring og etterutdanning av personell knytta til lostenesta.

Under kap. 1066 vert post 01 Driftsutgifter foreslått løyvd med 313,5 mill. kroner (St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 11 (1998-99)). Vedtatt budsjett 1998 var 268,52 mill. kroner, seinare auka med 8,0 mill. kroner til 276,52 mill. kroner i revidert budsjett 1998 mot tilsvarande oppjustering på inntektssida, jf. gjennomføringa av dei reforhandla særavtalane for statslosar og losbåtførarar.

Kap. 4066 post 01 Losgebyr skal m.a. dekke alle utgiftene til kap. 1066 Lostjenesten. Forslag til løyving for 1999 er 345,31 mill. kroner (St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 11 (1998-99)). Vedtatt budsjett 1998 var 281,625 mill. kroner, seinare auka til 294,025 mill. kroner i revidert budsjett 1998.

Framlegget til oppjustering i St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 11 (1998-99) er basert på anslag pr. i dag, og det vil uansett knytte seg uvisse til talla både på utgifts- og inntektssida.

Det vert arbeidd med ei evaluering av det nye losplikt- og losgebyrsystemet, som skal leggjast fram i form av ei stortingsmelding hausten 1998. På bakgrunn av meldinga vil eventuelle behov for konkrete endringar i losplikt- og losgebyrsystemet bli vurdert nærmare.

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, har merka seg at det har skjedd ei vesentleg effektivisering av lostenesta dei seinare åra, slik at talet på losar og losbåtar har gått ned samtidig som losoppdraga har auka.

Fleirtalet har òg merka seg at det i utstrakt grad har vore gjort unntak for losplikta til navigatørar som synest å oppfylle krava til farleibevis og at det i tillegg har vore gitt ei rekke dispensasjonar frå regelverket om bruk av los.

Fleirtalet vil vise til at ved innføringa av dei nye lospliktreglane var ein føresetnad at ressursbruken i lostenesta skulle haldast på om lag uendra nivå dei to neste åra til ordninga hadde gått seg til. Fleirtalet registrerer at auken i utgiftene dei siste åra i første rekke har kome fordi det har vore ein auke i trafikken, i tillegg til endringar i trafikkbiletet og samansetjinga av fartøygruppene som brukar los.

Fleirtalet registrerer at det blir arbeidd med tiltak som kan medverke til ei ytterlegare effektivisering av lostenesta. Sidan etterspurnaden etter lostenester har hatt ein så stor auke dei seinare åra, at det ikkje er mogeleg å dekke etterspurnaden innanfor dei budsjettrammene som vart fastsette for lostenesta, er det viktig at effektiviseringstiltak blir kontinuerleg vurdert. Fleirtalet støttar òg at departementet vurderer ulike tiltak slik at verksemda i lostenesta kan haldast innanfor dei føresetnadene om økonomiske rammer som vart lagde til grunn under Stortinget si handsaming av St.meld. nr. 43 (1993-94) Losgebyr og losplikt og St.meld. nr. 11 (1994-95) Geografisk verkeområde for reglar om plikt til å bruke los og om farleibevis.

Fleirtalet viser elles til handsaminga av St.prp. nr. 5 (1998-99), jf. Innst. S. nr. 57 (1998-99).

Fleirtalet viser òg til meldinga om lostenesta og til innstillinga frå Kystverkutvalet som blir lagt fram seinare. Fleirtalet vil difor kome tilbake til organisering og drift av lostenesta.

Fleirtalet sluttar seg til forslaget til løyvingar som går fram av St.prp. nr. 1 (1998-99) og St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 11 (1998-99).

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyrestiller seg positive til prinsippet om at brukerne av lostjenester betaler det tjenesten koster. Dessverre har driftsutgiftene innen losvesenet økt betydelig de siste årene. I 1995 vedtok Stortinget en utgiftsramme for losvesenet på 216 mill. kroner. I St.prp. nr. 1 (1998-99) er utgiftsrammen på 302,5 mill. kroner. Denne utgiftsrammen er nå foreslått økt til 326,5 mill. kroner. Dette innebærer en økning på over 50 pst. i løpet av en fireårsperiode. De økonomiske utslagene for enkelte brukere av lostjenesten er blitt betydelige. Dette er en negativ konkurransefaktor for en transportform som av miljø- og økonomiske grunner ikke bør få svekket sin konkurranseevne.

Ved at losvesenet har kunnet overføre kostnadsøkningene på brukerne har incitamentet til kostnadseffektivisering vært svakt. Dårlig kostnadsstyring har bidratt til et underskudd i losvesenet på 27,5 mill. kroner i 1998. For å dekke opp underskuddet for 1998 foreslår Regjeringen å dekke opp dette i løpet av perioden 1999-2001 og ønsker å øke losgebyret med 14 pst. fra 1. januar 1999.

Disse medlemmerkan ikke akseptere at dårlig økonomistyring i losvesenet skal belastes brukerne og forventer at det i den varslede stortingsmeldingen om losvesenet vil bli utarbeidet forslag som bringer den dårlige og kritikkverdige økonomistyringen opp på et akseptabelt nivå.

Komiteens medlemmer fra Høyre vil peke på at dårlig økonomistyring dessverre ikke er av ny dato i losvesenet. Disse medlemmer vil vise til Innst. S. nr. 32 (1995-96) der Høyres medlemmer i komiteen uttalte:

«Disse medlemmer har med bekymring merket seg Riksrevisjonens sterke kritikk av Kystverkets svake økonomistyring samt brudd på reglementer. Det er også urovekkende at etaten ikke synes å oppfatte alvoret i Riksrevisjonens kritikk. Disse medlemmer vil peke på at Riksrevisjonen uttaler følgende i Dok. nr. 1 (1995-96):

«Kystverkets besvarelser på Riksrevisjonens merknader er ofte utilfredsstillende og mangelfulle og saksbehandlingstiden er uakseptabel lang. I flere tilfeller er forhold som er tatt opp ikke blitt fulgt opp av etaten til tross for skriftlig tilbakemelding til Riksrevisjonen om at dette skal skje. Riksrevisjonen må derfor bruke betydelige ressurser på å følge opp saker som i utgangspunktet burde vært avklart og avsluttet.»

Disse medlemmer konstaterer at Riksrevisjonens kritikk omfatter alle Kystverkets ansvarsområder, men at forholdet synes å være verst innenfor lostjenesten. Disse medlemmer konstaterer at Riksrevisjonen har avdekket en bevisst underbudsjettering på dette området. Riksrevisjonen konstaterer også at informasjonen til Stortinget har vært mangelfull. Disse medlemmer mener at det på denne bakgrunn er nødvendig med en omfattende gjennomgang av rutiner og budsjettkultur innen Kystverket. Disse medlemmer forutsetter at departementet iverksetter nødvendige tiltak umiddelbart og at det overfor Stortinget redegjøres for de oppnådde forbedringer senest våren 1996.»

Disse medlemmer vil vise til at Høyre ved flere anledninger har advart mot kostnadsutviklingen i losvesenet og økningen av losgebyrene, og vil i den sammenheng vise til Budsjett-innst. S. nr. 14 (1996-97):

«Komiteens medlemmer fra Høyre har merket seg at utgiftene over kap. 1066 fra S. III 1996 og fram til St.prp nr. l (1996-97) har steget med ca. 6 pst. og i perioden fra S. III 1993 til St.prp nr. 1 (1996-97) med hele 27 pst. Disse medlemmer vil peke på at veksten i særlig grad er kommet over post 01. Disse medlemmer viser i denne sammenheng til St.meld. nr. 43 (1993-94) hvor en la opp til at ressursene i lostjenesten i en overgangsperiode på to år skal holdes på samme nivå som i dag.

Disse medlemmer vil videre peke på at kombinasjonen enerett/monopol og brukerfinansiering lett skaper ineffektiv kostnadsstruktur. Disse medlemmer vil derfor peke på behovet for å øke konkurranseflatene der det er mulig og å utvikle modeller som kan hindre utvikling av ineffektivitet.

Disse medlemmer viser til Innst. S. nr. 32 (1995-96) hvor Høyre stemte mot økningen på kap. 1066, jf. videre i Innst. S. nr. 290 (1995-96) hvor komiteen uttalte:

«Komiteen peker på at det derfor ble lagt til grunn at ressursene i lostjeneste i en overgangsperiode på ca. 2 år skulle holdes på samme nivå som før de nye lospliktregler trådte i kraft, og inntil man hadde fått gjort en evaluering av ordningen.»

Disse medlemmer tar til etterretning at Stortingets flertall likevel stemte for økningen.»

(i 1 000 kroner)

Kap.

Vedtatt budsjett 1998

St.prp. nr. 1 (1998-99)

Pst. endring 1998/99

1067

34 560

58 150

68,3

4067

18 939

22 300

17,7

Kap. 1067 dekkjer driftsutgiftene for trafikksentralane i Brevik, på Fedje og i Horten og investeringsutgifter for trafikksentralen på Kvitsøy.

Post 01 Driftsutgifter vert foreslått løyvd med 26,15 mill. kroner. Vedtatt budsjett 1998 var 20,095 mill. kroner, seinare auka til 25,395 mill. kroner i revidert budsjett 1998.

Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold vert foreslått løyvd med 32,0 mill. kroner. Vedtatt budsjett 1998 var 11,250 mill. kroner. Posten skal dekkje utgifter til radarutbygging og instrumentering ved trafikksentralen på Kvitsøy som er under bygging og planlagd i operativ drift frå 2001.

På kap. 4067 post 04 vil det frå og med 1999 bli innkrevd tryggleiksgebyr frå trafikksentralen for Oslofjorden på heilårsbasis. Det vert ikkje fremma forslag om løyving på post 03 Refusjon overvåking Troll i 1999 da avtale mellom Statoil og Kystverket er sagt opp frå og med 1998.

Komiteen har ingen merknader.

(i 1 000 kroner)

Kap.

Vedtatt budsjett 1998

St.prp. nr. 1 (1998-99)

Pst. endring 1998/99

1070

26 555

32 970

24,2

4070

3 900

3 800

- 2,6

Kap. 1070 omfatter driftsutgifter for navigasjonssy-stemer og investeringsutgifter knyttet til Loran-C-­systemet.

Forslag til økning på kap. 1070 (nominell økning på 6,4 mill. kroner) knytter seg i hovedsak til investeringsforpliktelser i henhold til det internasjonale Loran-C-samarbeidet og økte driftsutgifter for Forsvarets tele- og datatjeneste. Videre foreslås opprettet post 72 (ny) Radiodekning Barentshavet for å ivareta behovet for radiodekning i Barentshavet.

Komiteen slutter seg til bevilgningsforslaget.

Komiteen viser til komitémerknad fra Budsjett-innst. S. nr. 13 (1997-98) om videreføringen av kontrollsenter for Loran C i Bø i Vesterålen hvor komiteen omtaler videreføring av den midlertidige kontrollordningen i et permanent kontrollsenter, og konkluderer med:

«Komiteen ser det som ønskelig om denne vurdering kan bli foretatt i nær framtid.»