Grunnlovsframlegg frå Sveinung Rotevatn, Åse Kristin Ask Bakke, Liv Kari Eskeland, Sigbjørn Gjelsvik, Ingrid Fiskaa, Sofie Marhaug, Lan Marie Nguyen Berg og Kjell Ingolf Ropstad om ny § 120 b (om norsk som nasjonalt hovudspråk) – Midlertidig

Dette dokument

  • Grunnlovsframlegg 4 (2023–2024)
  • Sidetall: 2
Søk

Merknad

Grunnlovsforslaget foreligger i midlertidig versjon

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Dei siste åra har Stortinget gjort mykje for å oppdatere Grunnlova, med mellom anna ei rekkje menneskerettslege føresegner i 2014. Det er i dag meir vanleg at statar omtalar språk i grunnlovene enn at dei ikkje gjer det. Ei grunnlovfesting av statusen til det norske språket, medrekna jamstillinga mellom nynorsk og bokmål, vil vere eit steg vidare i moderniseringa av Grunnlova.

Det er viktig at norsk språk generelt får eit grunnlovsvern. Norsk er utsett for domenetap mot særleg engelsk, mellom anna innanfor fagspråk og akademia, næringslivet og populærkulturen. I denne samanhengen må norsk språk forståast i vid forstand, slik at det omfattar både standardiserte og ustandardiserte skriftlege og munnlege variantar av norsk. Det vil seie nynorsk og bokmål i sine ulike variantar, og heile breidda av munnleg norsk frå dialektar til nynorsk og bokmål som standardtalemål.

Ei grunnlovfesting vil gje den formelle jamstillinga mellom nynorsk og bokmål ein sterkare og tydelegare rettsleg status. Det vil vere viktig særleg for nynorsken, som det minste av dei to norske skriftspråka. Det gjeld òg den symbolske statushevinga som ligg i ei grunnlovfesting.

Praksis i andre land

Ifølgje databasen Constitute finst det 148 land i verda med grunnlover som inneheld føresegner om nasjonalspråk – og 97 land som har grunnlover med føresegner som på ulike vis vernar språkbruk.

Den finske grunnlova frå 1999 slår i § 17 første ledd kort og godt fast at finsk og svensk er Finland sine nasjonalspråk, og ho inneheld dessutan omtale av både samisk, teiknspråk og språket til «romerna och andra grupper». Den finske grunnlova er den einaste i Norden som inneheld føresegner om språk.

Ei anna form for grunnlovfesting finn ein i den irske grunnlova, som gjev irsk status som nasjonalspråk og første offisielle språk, medan engelsk er det andre offisielle språket. I den franske grunnlova er det slått fast i artikkel 2 at fransk er republikken sitt språk. I artikkel 75-1 er regionale språk anerkjende som del av den franske kulturarven.

I den spanske grunnlova er det som blir kalla dei spanske språka, verna. Kastiljansk har etter artikkel 3 status som staten sitt offisielle språk, medan andre spanske språk (til dømes katalansk og baskisk) har status som offisielle språk i sine område. Alle dei spanske språka er anerkjende som del av Spanias kulturarv og skal respekterast og vernast. Artikkel 20 om ytringsfridom slår fast at det skal takast omsyn til språkmangfaldet i Spania i mediepolitikken.

Den slovenske grunnlova slår i artikkel 11 fast at slovensk er det offisielle språket i Slovenia, og at italiensk og ungarsk skal vere offisielle språk i dei kommunane som har befolkning som tilhøyrer dei italienske og ungarske folkegruppene i landet.

Den austerrikske grunnlova slår i artikkel 8 fast at tysk er republikken sitt offisielle språk, men at republikken òg anerkjenner språka til folkegrupper med tradisjonell tilknyting til landet, og at desse språka skal respekterast, vernast og fremjast.

Rettstilstanden i Noreg

I dag er det berre samisk språk (i eintal i grunnlovsteksten) som har eit eksplisitt grunnlovsvern, jf. § 108. I Grunnlova § 114 er norsk språk indirekte grunnlovfesta gjennom kravet om å måtte tale «språket i landet» for å bli utnemnd til embete i staten.

I språklova er det i § 1, føremålsparagrafen, slått fast at norsk skal sikrast som eit samfunnsberande språk som skal kunne nyttast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet. I § 4, som særskilt tek føre seg norsk språk, er det slått fast at norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg, og at bokmål og nynorsk er jamstilte skriftspråk i det offentlege.

Då Grunnlova vart vedteken på både bokmål og nynorsk i 2014, vart dei to språka jamstilte som grunnlovsspråk. Denne jamstillinga bør kome til uttrykk i ei eiga grunnlovsføresegn.

Måtar å sikre grunnlovsvern på

Det er mange måtar å grunnlovfeste statusen til norsk språk på. Forslagsstillarane meiner det er føremålstenleg å gjere det på ein så enkel måte som råd, og slik at ein held seg innanfor dei formuleringane som alt finst i språklova §§ 1 og 4.

Ei grunnlovsføresegn bør slå fast at norsk språk skal vere hovudspråket i Noreg, og at skriftspråka nynorsk og bokmål skal vere jamstilte og likeverdige norske skriftspråk.

Forslagsstillarane vil unngå honnørord frå språklova som «status og vern» eller «bruke, utvikle og styrkje». Det vil krevje meir utgreiing for å definere nokolunde klart kva slike ord vil tyde i ein grunnlovssamanheng med trinnhøgd over anna lovgjeving. Det blir understreka at framlegga til grunnlovfesting ikkje tek sikte på å endre gjeldande språklege rettar eller plikter som følgjer av språklova eller anna relevant lovgjeving.

Forslagsstillarane føreslår ikkje å grunnlovfeste statusen til dei andre språka som er omtala i språklova: samiske språk som urfolksspråk, kvensk, romani og romanes som nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk som det nasjonale teiknspråket. Forslagsstillarane understrekar at ei grunnlovfesting av norsk som nasjonalt hovudspråk ikkje tek sikte på å endre statusen desse andre språka har etter språklova eller anna relevant lovgjeving.

Forslagsstillarane meiner det er mest naturleg at ein ny paragraf om språk blir teken inn i del F «Allmenne føresegner» Grunnlova, som ein ny § 120 b.

Framlegg

På dette grunnlaget gjer ein følgjande

framlegg:
Ny § 120 b skal lyde:

Norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Bokmål og nynorsk er jamstilte og likeverdige norske skriftspråk.

Norsk er det nasjonale hovedspråket i Norge. Bokmål og nynorsk er likestilte og likeverdige norske skriftspråk.

20. juni 2024

Sveinung Rotevatn

Åse Kristin Ask Bakke

Liv Kari Eskeland

Sigbjørn Gjelsvik

Ingrid Fiskaa

Sofie Marhaug

Lan Marie Nguyen Berg

Kjell Ingolf Ropstad