Medlemmer av Stortingets delegasjon til PACE, Petter Eide, Emilie Enger Mehl, Lise Christoffersen og Ingjerd Schou. Foto: Stortinget.

Medlemmer av Stortingets delegasjon til PACE, Petter Eide, Emilie Enger Mehl, Lise Christoffersen og Ingjerd Schou. Foto: Stortinget.

Viktige verv til den norske PACE-delegasjonen

Sentrale verv i forsamling blei fordelt på årets første delsesjon i Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE), og grunnleggande menneskerettstema som rettsstat, journalistars tryggleik og religionsfridom har stått på agendaen. 

Ingjerd Schou (H) blei tirsdag vald som president for den viktige komiteen for prosedyrereglar og immunitet i PACE. Komiteens ansvar er å sjå til at forsamlingas arbeid skjer i samsvar med vedtatte reglar og forretningsorden.

I tillegg blei Emilie Enger Mehl (Sp) vald som visepresident i komiteen for val av dommarar til den Europeiske menneskerettsdomstolen (EMD), og Jette Christensen (A) er vald som visepresident i sosialistgruppa (The Socialist, Democrats and Greens group).

Lise Christoffersen (A) fortsett som rapportør på Nord-Makedonia, og Petter Eide (SV) er utnemnt som rapportør på Albania.

– Dette er alle viktige tillitsverv som vi ser fram til å ta fatt på, og eg er stolt av at den norske delegasjonen markerer seg på denne måten i forsamlingas arbeid, seier delegasjonsleiar Ingjerd Schou.

Morten Wold (FrP) fortsetter som medlem av komiteen for overvaking av medlemsskapsforpliktingane, Espen Barth Eide som medlem av komiten for juridiske saker og menneskerettar, Silje Hjemdal som medlem av komiteen for sosial-, helse- og bærekraftig utvikling,  og Mudassar Kapur som medlem av komiteen for kultur, vitskap, utdanning og media. 

Debatt om rettsstatsutviklinga i Polen og journalistars fridom

Rettsstatsutviklinga i Polen, journalistars fridom og tryggleik og religionsfridom på arbeidsplassen var blant debattane som har fått særleg merksemd under sesjonens tre første dagar.

Debatten om Polen resulterte i at forsamlinga vedtok å opprette intensivert overvaking (monitoring procedure) av Polens oppfylling av sine forpliktingar som medlem av Europarådet. Dette skjedde etter at forsamlinga uttrykte stor uro for den rettsstatsutviklinga ein no ser i landet, og intensivert overvaking er eit alvorleg tiltak frå PACE side. Polen blir som følgjer eit av 11 land som er gjenstand for særleg overvaking i av Europarådets parlamentarikarforsamling.

I debatten om journalistars fridom og tryggleik, var det heile 66 representantar som deltok i debatten. Det store fleirtalet peika på den skremmande utviklinga i Europa der talet på journalistar som har blitt utsatt for trakassering og overgrep har auka dramatisk dei siste åra. Sidan 2015 har 26 journalistar blitt drepen, 106 journalistar er fengsla, og det er registrert 638 alvorlege brot på pressefridomen i 39 av Europarådets medlemsland.

Debatten om religionsfridom synte eit stort engasjement om forslaget om å lovfeste omgrepet ‘reasonable accomodation’ eller individuell tilrettelegging for religionsutøving på arbeidsplassen. Ein stor del av forsamlinga var uroleg for at lovfesting av ei slikt prinsipp ville resultere i potensiell diskriminering av andre grupper som t.d. kvinner og LHBT. I resolusjonen som til slutt blei vedtatt var forslaget om å lovfeste dette omgrepet tatt ut. Resolusjonen inkluderte likevel ei oppmoding til medlemslanda om å vedta lovgiving som forbyr diskriminering på religiøst grunnlag og som gir tilsette rett til å klage dersom retten til å ikke bli diskriminert på religiøst grunnlag har blitt brutt. 

Sesjonen fortsetter fram til og med fredag 31. januar med blant anna fleire akteulle saker som menneskehandel, forsvunne migrant- og flyktningbarn, ulovleg organtransplantasjon, samt politiske fangar i Aserbajdsjan på dagsorden.

Europarådet og parlamentarikarforsamlinga

Europarådet blei oppretta i 1949 og har i dag 47 medlemsland. Europarådet har som føremål å arbeide for styrking av menneskerettar, demokrati og rettsstaten i medlemslanda.

Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) består av representantar for medlemslandas nasjonalforsamlingar, totalt 324 medlemmer (og 324 varamedlemmer). Til saman representerer dei meir enn 800 millionar europarar. Forsamlinga har ein rådgivande funksjon og spelar ei viktig rolle i Europarådet. Den vedtar resolusjonar og anbefalingar til medlemslandas parlament og regjering på ei rekke område, og overvakar i kva for grad dei nye medlemslanda respekterer sine medlemskapsforpliktingar.


Sist oppdatert: 03.02.2020 13:37