Minnetale over tidlegare stortingsrepresentant
og statsråd Bergfrid Fjose
Presidenten: Vyrde medrepresentantar!
Tidlegare stortingsrepresentant
og statsråd for Kristeleg Folkeparti Bergfrid
Fjose sovna stille inn 13. mai. Ho vart 89 år gamal.
Fjose vart fødd i Ullensvang
i Hardanger i 1915. Her vaks ho opp i ein levande
og kulturopen heim. Ho fekk rike impulsar frå miljøet
rundt folkehøgskulen der faren hennar var rektor, og ho
vart prega av dei kulturelle verdiane som folkehøgskulen
representerte.
Fjose tok sjølv pedagogisk utdanning
og arbeidde som lærar fleire stader. Ho var samstundes
aktiv i kommunepolitikken, og på 1950-, 1960- og 1970-talet
representerte ho Kristeleg Folkeparti i kommunestyret
i Kvam, Årdal og Fana.
Fjose hadde ei lang rekkje offentlege verv.
Ho var m.a. medlem av kommunale skule- og kulturstyre, Vinmonopolets
råd, Det kriminalitetsforebyggende råd og Statens
eldreråd. Ho var styreleiar ved Statens attføringsinstitutt
i Bergen i tida 1977–1982, og ho var varaformann
i Dagspresseutvalet av 1980 i to år.
Både før og etter
at ho var stortingsrepresentant, var Bergfrid Fjose sterkt engasjert
i ulike frivillige organisasjonar, særleg knytte til fråhaldssaka,
målsaka og misjonen. Gjennom store delar av sitt vaksne
liv var ho dessutan speidarleiar.
Fjose gjorde òg ein stor innsats i
kampen mot atomvåpen og for fred. Ho hadde sjølv
kjent følgjene av krigen på kroppen som flyktning
i Sverige i åra 1943–1945.
I 1969 vart Fjose vald inn på Stortinget.
Fjose var den første kvinna som vart vald inn
på fast plass for Kristeleg Folkeparti. Ho var òg
leiar i Kristeleg Folkepartis Kvinner. I tillegg til at ho kjempa
for kvinnenes plass i partiet, var ho ei inspirasjonskjelde for
dei unge i Kristeleg Folkeparti, og ho opna
mange dører for dei.
Bergfrid Fjose var stortingsrepresentant
i to periodar. Frå 1969 til 1972 var ho medlem av protokollkomiteen. Frå 1973
til 1977 var ho leiar i administrasjonskomiteen.
Fjose var sosialminister i Korvald-regjeringa
frå 1972 til 1973. Det strekte seg ei klar line
frå det engasjementet som hadde forma Fjose utanfor
politikken, til dei initiativa ho tok som statsråd. Mellom anna
vart forbodet mot alkoholreklame gjennomført i hennar tid
som sosialminister.
Åtte år på Stortinget er
ikkje noko langt strekk i eit liv på 89 år,
ikkje eitt år som statsråd heller. Men
med sitt uredde engasjement, sitt gode humør
og sitt solide politiske handverk sette Fjose markante spor etter
seg.
I løpet av året som statsråd
rakk ho å verte folkekjær, og breie lag av folket
fekk stifte kjennskap med hennar avvæpnande sjølvironi
og venlege vesen. Få hadde så mange vener i alle
politiske leirar.
Kampen for kvinners plass i politikk og samfunnsliv, omsorga
for dei svakaste og arbeidet mot krig hadde ei sterk talskvinne
i Bergfrid Fjose.
Vi minnest henne med stor takksmed og lyser
fred over hennar minne.
Representantene påhørte stående
presidentens minnetale.
Presidenten: Fra representanten Henrik Rød foreligger søknad
om permisjon i tiden fra og med 9. juni til og med 11. juni
for å delta i en Wilton Park-konferanse i Dubrovnik,
Kroatia.
Etter forslag fra presidenten ble
enstemmig besluttet:
Søknaden behandles straks
og innvilges.
Vararepresentanten, Ulf Leirstein, innkalles
for å møte i permisjonstiden.