Gjennom proposisjonen vert Stortinget bede om å gje samtykke
til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 157/2004
av 29. oktober 2004.
Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 157/2004
vart vedlegg XIII til EØS-avtala endra ved innlemming av europaparlaments-
og rådsforordning (EF) nr. 785/2004 om forsikringskrav
for luftfartsselskap og luftfartøyoperatørar.
Forordninga innfører minstekrav for
forsikring til dekking av erstatningsansvaret til luftfartsselskap
og luftfartøyoperatørar med omsyn til passasjerar,
bagasje, frakt og tredjemann.
Ved at forordninga vert innlemma i EØS-avtala
skal ho nyttast på alle luftfartsselskap og alle luftfartøyoperatørar
som flyg innanfor, inn til, ut av eller over territoriet til ein
EU/EØS-stat. Forordninga skal ikkje nyttast på statlege
luftfartøy.
Luftfartsselskapa, og luftfartøyoperatørane
når det krevst, skal prove at dei følgjer dei
forsikringskrava som er fastsette i forordninga. Dette skal gjerast
ved å leggje frem eit forsikringsprov eller eit anna prov
på gyldig forsikring for den rette styresmakta i den medlemsstaten
som det kjem ved. «Medlemsstat som det kjem ved» tyder
den medlemsstat som har utstedt lisensen til luftfartsselskapet,
eller den medlemsstaten der luftfartøyoperatørens
luftfartøy er registrert, jf. artikkel 5 i forordninga.
Medlemsstatane skal sikre at luftfartsselskap
og luftfartøyoperatørar følgjer forordninga.
Forsikringsmarknaden svikta for ein viss periode etter
terrorhandlingane i USA 11. september 2001. Som følgje
av dette er det fastsett i artikkel 5 i forordninga at dersom forsikringsmarknaden
som eit unntak sviktar igjen, kan Kommisjonen fastsetje høvelege
tiltak i samsvar med artikkel 5 og 7 i rådsavgjerd 1999/468/EF
av 28. juni 1999 om fastsetjing av nærmare reglar for utøvinga
av den gjennomføringsstyresmakta som er tillagd Kommisjonen.
Gjennomføringa av avgjerda i EØS-komiteen
vil krevje lovendring, og for Noregs del vart avgjerda derfor teken
med atterhald om samtykke frå Stortinget, jf. § 26
andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.
Når det gjeld forsikring av passasjer-
og tredjemannsansvaret, inneber forordninga inga endring i høve
til gjeldande rett med omsyn til forsikringssummane. Når
det gjeld ansvaret for skade på bagasje og frakt, er det
ikkje fastsett nokon minstesum for forsikringa i norsk rett i dag.
Det er ikkje venta at endringar som følgje
av at europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 785/2004
om forsikringskrav for luftfartsselskap og luftfartøyoperatørar
vert gjennomførd i norsk rett, skal få vesentlege administrative
konsekvensar.
Forordninga vil truleg få minimale økonomiske
konsekvensar for luftfartsselskapa og luftfartøyoperatørane.
Utanrikskomiteen melder i brev av 6. april 2005 ingen
merknader til førebels innstilling frå samferdselskomiteen.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, Bjørgulv Froyn, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Tor-Arne Strøm, frå Høgre, Anne Berit Andersen, Sverre J. Hoddevik, Hans Gjeisar Kjæstad og leiaren Petter Løvik, frå Framstegspartiet, Thore A. Nistad og Kenneth Svendsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen og Heidi Sørensen, frå Kristeleg Folkeparti, Odd Holten og Jan Sahl, og frå Senterpartiet, Jorunn Ringstad, har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
Stortinget gjev sitt samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 157/2004 av 29. oktober 2004 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 785/2004 om forsikringskrav for luftfartsselskap og luftfartøyoperatørar.
Oslo, i samferdselskomiteen, den 14. april 2005
Petter Løvik
leiar og ordførar |