Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Lov om endringer i bilansvarslova (gjennomføring av femte motorvognforsikringsdirektiv mv.)

Innhold

År 2007 den 31. mai holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt

I lov 3. februar 1961 om ansvar for skade som motorvogner gjer (bilansvarslova) blir det gjort følgende endringer:

§ 9 skal lyde:

§ 9 (ansvarsgrense ved skade på gods)

Når gods vert skadd, kan skadebota vera opptil 10 000 000 kroner for det som vert skadd i same hending. Var det meir enn ei vogn som gjorde skaden, hefter dei som har ansvaret for kvar vogn, for heile summen.

Er skaden på gods større enn 10 000 000 kroner og meir enn ein har lide skade, vert summen bytt mellom dei etter storleiken på kvart skadebotkrav. Krav om skadebot må setjast fram til trygdeverket eller, om så er, staten eller den kommunen eller kommunale institusjonen som det gjeld, jf § 16, seinast ein månad etter skaden vart gjord. Skadelidar som set fram kravet sitt etter den tid og etter at skadebota til andre skadelidarar er utreidd, kan krevja sitt berre av det som står att av ansvarssummen (trygdesummen).

Attåt skadebot som er nemnd i paragrafen her, skal det svarast rente etter § 6 og sakskostnad.

Departementet kan gje føresegner om indeks­regulering av summane som er nemnde i fyrste og andre leden.

§ 10 annet ledd skal lyde:

Har ei motorvogn gjort skade på folk eller gods , men ingen veit å seia kva for vogn det var, skal dei trygdelaga som er godkjende eller registrerte etter § 17 bokstav a, bera skaden i lag som om vogna hadde vore lovleg trygda hjå dei. For gods gjeld dette likevel berre når det ved hendinga også er gjort meir enn uvesentleg skade på person. I vurderinga av om det er gjort meir enn uvesentleg skade på person, skal det leggjast vekt på kor stor og varig skaden er. Regelen i første punktum i leden her gjeld tilsvarande for skade på fast eigedom og dyr med unntak for lause hundar.

§ 17 første ledd bokstav f og ny bokstav g og h skal lyde:

  • f) utreiing av skadebot etter § 10, og om korleis slik skadebot skal bytast på trygdelaga,

  • g) at motorvogn som ikkje skal trygdast, skal r­eknast som utrygda etter reglane i bilansvars­lova § 10, og om attsøkjingsrett for dei trygdelaga som har reidd ut skadebot for slik skade,

  • h) trygding for motorvogner som blir ført inn til r­iket utan å vere registrert her.

Loven gjelder fra 11. juni 2007. Det beløpet som er fastsatt i bilansvarslova § 9 første og annet ledd, skal likevel først gjelde fra 1. januar 2008. Fra 11. juni 2007 til og med 31. desember 2007 skal beløpet være 2 000 000 kroner.

Berit Brørby Henning Skumsvoll
president sekretær