Lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)
Dette dokument
- Besl. O. nr. 127 (2002-2003)
- Kildedok: Jf. Innst. O. nr. 126 (2002-2003) og Ot.prp. nr. 67 (2002-2003)
- Dato: 17.06.2003
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
År 2003 den 12. juni holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
§ 2-5 fjerde ledd skal lyde:
Når minst ti elevar på eitt av klassetrinna 1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg oppæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å tilhøre ei eiga elevgruppe. Retten gjeld så lenge det er minst seks elevar igjen i denne gruppa. Når elevane er spreidde på fleire skolar i kommunen, vedtek foreldra med vanleg fleirtal kva skole tilbodet skal givast ved.
§ 2-12 tredje ledd skal lyde:
For private grunnskolar gjeld også §§ 2-2, 2-5 første, andre, tredje og sjette ledd, 2-9, 2-10, 2-11, 8-2, 9-1, 9-2, 9-3, 9-4, 9-5, kapittel 9a, §§ 10-1, 10-6, 10-9, 11-1, 11-2, 11-3, 11-4, 11-7, 11-10, 13-10, 14-1, 15-3 og 15-4.
§ 3-3 tredje ledd skal lyde:
Fagopplæringa omfattar normalt to års opplæring i skole og eitt års opplæring i bedrift. Når opplæring i bedrift blir kombinert med verdiskaping i bedrifta, kan opplæringa strekkje seg over to år. Fylkeskommunen kan i det enkelte tilfellet godkjenne lærekontrakt/opplæringskontrakt som fastset at heile opplæringa, eller ein større del av opplæringa enn det som følgjer av læreplanen, skal skje i bedrift.
§ 4A-4 første ledd skal lyde:
For opplæringa etter dette kapitlet gjeld §§ 13-1 til 13-3a og 13-10.
§ 5-5 andre ledd skal lyde:
Skolen skal kvart halvår utarbeide skriftleg oversikt over den opplæringa eleven har fått, og ei vurdering av utviklinga til eleven. Skolen sender oversikta og vurderinga til eleven eller til foreldra til eleven og til kommunen eller fylkeskommunen.
§ 8-2 skal lyde:
§ 8-2. Organisering av elevane i grupper
Elevane kan delast i grupper etter behov. Gruppene må ikkje vere større enn det som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg. Organiseringa skal vareta elevane sitt behov for sosialt tilhør. Til vanleg skal organiseringa ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhør.
Kvar elev skal vere knytt til ein lærar (kontaktlærar) som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld eleven, mellom anna kontakten med heimen.
§§ 8-3 og 8-4 blir oppheva.
§ 9-1 skal lyde:
§ 9-1. Leiing
Kvar skole skal ha ei forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ leiing.
Opplæringa i skolen skal leiast av rektorar. Rektorane skal halde seg fortrulege med den daglege verksemda i skolane og arbeide for å vidareutvikle verksemda. Den som skal tilsetjast som rektor, må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar.
Departementet kan etter søknad gjere unntak frå reglane i andre ledd og gi høve til andre måtar å organisere leiinga på.
§ 10-2 blir oppheva.
§ 11-2 første ledd skal lyde:
Ved kvar grunnskole skal det for klassetrinna 5-7 og for klassetrinna 8-10 vere eit elevråd med representantar for elevane. Kommunen fastset talet på elevrepresentantar. Representantane skal veljast seinast tre veker etter at skolen har teke til om hausten.
§ 11-3 blir oppheva.
§ 13-7 skal lyde:
§ 13-7. Skolefritidsordninga
Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for 1.-4. klassetrinn, og for barn med særskilte behov på 1.-7. klassetrinn.
Skolefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skolefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet.
Skolefritidsordninga skal ha vedtekter om
a. eigarforhold
b. kven som er opptaksmyndigheit
c. opptakskriterium
d. opptaksperiode og oppseiing av skolefritidsplassen
e. foreldrebetaling
f. leike- og opphaldsareal
g. dagleg opphaldstid og årleg opningstid
h. bemanning og leiing
Når skolefritidsordninga er knytt til skolar, skal rektor til vanleg vere leiar. Departementet kan gjere unntak frå kravet.
Kommunen kan krevje utgiftene til skolefritidsordninga dekte gjennom eigenbetaling frå foreldra.
Regelen i § 10-9 første og tredje ledd gjeld for tilsetjing i skolefritidsordninga.
Kommunen kan nytte andre til å oppfylle plikta til å ha eit tilbod om skolefritidsordning, dersom dei elles oppfyller vilkåra i denne paragrafen. Kommunen fører tilsyn med private skolefritidsordningar.
Departementet kan gi nærmare forskrifter om skolefritidsordninga.
Ny § 13-10 skal lyde:
§ 13-10. Ansvarsomfang
Kommunen/fylkeskommunen og skoleeigaren for privat skole etter § 2-12 har ansvaret for at krava i opplæringslova og forskriftene til lova blir oppfylte, under dette å stille til disposisjon dei ressursane som er nødvendige for at krava skal kunne oppfyllast.
Lovendringane trer i kraft på det tidspunkt Kongen fastset. Dei enkelte føresegnene kan setjast i verk til ulik tid.
Ågot Valle | Sigvald Oppebøen Hansen |
president | sekretær |