Mellombels lov om overgangsreglar i lov 6. mai 1988 nr. 22 om lønnsplikt under permittering
Dette dokument
- Besl. O. nr. 86 (2001-2002)
- Kildedok: Jf. Innst. O. nr. 73 (2001-2002) og Dokument nr. 8:135 (2001-2002)
- Dato: 17.06.2002
- Sidetall: 1
Tilhører sak
Alt om
Innhold
År 2002 den 14. juni holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
§ 1
Arbeidstakarar som var i ein løpande permitteringsperiode per 31. desember 2001, skal behandlast etter regelverket slik det gjaldt før lovendringa av 21. desember 2001 så lenge permitteringa varer.
§ 2
For arbeidstakarar som per 31. desember 2001 ikkje var i ein løpande permitteringsperiode, skal reglane bli tillempa slik at permitteringstid før 1. januar 2002 ikkje blir teken med i utrekninga av kvoten på 26 veker i lønnspliktlova § 3 nr. 2 første ledd og folketrygdlova § 4-7. Ingen kan i medhald av denne føresegna få ein større kvote enn det som ville fylgd av lønnspliktlova og folketrygdlova slik dei lydde før lovendringa.
§ 3
For asfaltbransjen gjeld ei kvote på 36 veker i lønnspliktlova § 3 nr. 2 første ledd og folketrygdlova § 4-7.
§ 4
Departementet kan definere omgrepet asfaltbransjen i forskrift.
§ 5
Føresegnene i §§ 1 og 2 gjeld til 1. juli 2003. Føresegna i § 3 gjeld til 1. januar 2004.
Lova tek til å gjelde straks.
Ågot Valle | Sigvald Oppebøen Hansen |
president | sekretær |