Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Lov om endringer i lov 20. desember 1974 nr. 73 om dyrevern

Innhold

År 2000 den 12. desember holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt

I lov 20. desember 1974 nr. 73 om dyrevern gjøres følgende endringer:

§ 5 skal lyde:

§ 5 Avl

Det er forbode å endra dyra sine arveanlegg ved bruk av genteknologiske metodar eller ved tradisjonelt avlsarbeid dersom

  • 1. dette gjer dyret uskikka til å utøve normal åtferd eller påverkar fysiologiske funksjonar i uheldig lei,

  • 2. dyret blir påført unødig liding,

  • 3. endringa vekkjer ålmenne etiske reaksjonar.

Det er forbode å avle dyr som har vorte slik som nevnt i fyrste ledd.

Ny § 5 a skal lyde:

§ 5 a Tilsyn og stell

Den som eig eller har i si varetekt husdyr, selskapsdyr eller dyr som er haldne i fangenskap på annan måte, herunder tamrein, eller som har tilsyn med slike dyr for eigar eller innehavar, skal syta for at:

  • 1. dyret får godt nok fôr og vatn, alt etter trongen hjå det einskilde dyret,

  • 2. dyret får forsvarleg tilsyn og stell, m.a. får stelt klør, hovar eller klauver,

  • 3. bindegreie eller stengsel ikkje skader dyret eller er til ulempe for det i utrengsmål,

  • 4. sjuke eller skadde dyr får høveleg behandling og vert avliva om det trengst,

  • 5. dyr på beite vert henta heim før frost og snøfall er ventande om hausten.

§ 7 skal lyde:

Ingen annan enn veterinær kan gjera kirurgisk inngrep eller setja i verk medisinsk behandling av dyr når det er grunn til å tru at inngrepet eller behandlinga kan føre til liding for dyret. Er det grunn til å tru at inngrepet eller behandlinga kjem til å gjera dyret mykje vondt, skal veterinæren nytta heil eller lokal svæving om ikkje medisinske grunnar er til hinder. Ein som ikkje er veterinær, kan likevel kastrera gris som ikkje er meir enn ei veke gamal og utan å svæva dyret. Den som kastrerar gris, skal gå gjennom opplæring slik departementet bestemmer.

Departementet kan i føresegn krevje at kastrasjon av gris under ei veke skal utførast av veterinær ved bruk av svæving.

§ 12 oppheves

§ 13 første ledd nr. 1 skal lyde:

Det er forbode:

  • 1. å kastrera reinsbukk, hund og fjørfe. Veterinær kan likevel kastrera reinsbukk og hund når særlege bruksgrunnar gjer at det trengst. Departementet kan bestemme at også andre enn veterinær kan kastrera reinsbukk og nytta svæving til dette. Departementet kan gje føresegn med forbod mot å kastrera gris.

§ 21 første ledd skal lyde:

§ 21 Bruk av dyr i forsøksverksemd

Ingen må gjera biologiske forsøk med dyr utan særskilt løyve. Løyve kan gjevast dersom føremålet er å finne ut kva slags sjukdom dyr eller menneskje lid av eller dersom føremålet er å forebygge eller utrydde sjukdom. Løyve kan og gjevast når føremålet gjeld forskning, undervisning, opplæring, tilverking eller utprøving av medisin, medikament, preparat, gift o.l. til bruk på menneske, dyr eller planter.

§ 24 første og annet ledd skal lyde:

Dyrevernnemnda har plikt til å halda seg orientert om dyrehaldet i distriktet og å gjere uanmelde inspeksjonar.

Meiner dyrevernnemnda at det er grunn til å tru at husdyr, selskapsdyr eller dyr som vert haldne i fangenskap på annan måte og dyr som går fritt på utmarksbeite, kjem i fåre for å lida i utrengsmål, skal nemnda straks sjå etter korleis stoda er.

§ 24 c skal lyde:

Departementet fører tilsyn med og gjev dei pålegg som er naudsynte for at denne lova eller føresegn gjevne med heimel i denne lova blir følgde innafor slakteriet sitt område. Departementet kan påleggje det kommunale eller interkommunale næringsmiddeltilsynet å føre slikt tilsyn og gje slike pålegg. Det kommunale eller interkommunale næringsmiddeltilsynet pliktar i så fall å sørge for at oppgåvene vert utført av ein tilsynsveterinær.

Dyrevernnemnda har inspeksjonsrett, men kan ikkje gje pålegg for tilhøve innanfor slakteriet sitt område.

Departementet kan i føresegn fastsetja vilkår for etablering og drift av slakteri, herunder krav om godkjenning og vilkår for å trekkje godkjenninga attende.

§ 26 skal lyde:

Når eit pålegg etter § 24 c ikkje er oppfylt innan den fristen som er sett, kan forvaltningsorganet ileggje tvangsmulkt i form av einskild mulkt eller løpande mulkt for å gjennomføre pålegget.

Kongen kan gje føresegn om at dyrevernnemnda kan ileggje tvangsmulkt andsynes ein eigar eller innehavar som ikkje har oppfylt eit pålegg nemnda har gjeve. Størrelsen på tvangsmulkta skal fastsetjast ut frå kor viktig det er at pålegget vert oppfylt og kva kostnader dette kjem til å medføre.

§ 31 skal lyde:

Bryt nokon med vilje eller i aktløyse føresegn gjeven i eller med heimel i denne lova, vert han straffa med bot eller fengsel i opptil 1 år . Er brotet grovt, kan straffa vera bot eller fengsel i opptil 3 år.

Loven trer i kraft fra den tid Kongen bestemmer.

Gunnar Skaug Anita Apelthun Sæle
president sekretær