Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

Innhold

År 1999 den 10. juni holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir det gjort følgjande endringar:

§ 1-1 tredje leddet skal lyde:

For grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring spesielt organisert for vaksne som kommunen eller fylkeskommunen har ansvaret for, gjeld §§ 1-2, 1-3, 2-3 andre leddet, 3-1 sjuande leddet, 3-4 første leddet, 7-5, 10-1, 10-8, 13-5, 14-1, 15-1 første leddet og 15-2. For spesialundervisning for vaksne etter § 5-2 gjeld kapittel 5.

§ 2-3 andre leddet skal lyde:

Departementet gir forskrifter om fag- og timefordeling, sentrale arbeidsmåtar og kunnskaps- og ferdighetsmål og hovudmoment i opplæringa i dei einskilde faga, knytta til hovudstega i grunnskolen (læreplanar). Departementet gir forskrifter om vurdering av elevar og privatistar, og klage på vurdering, om eksamen og om dokumentasjon.

Overskrifta til § 2-6 skal lyde:

Teiknspråkopplæring i grunnskolen

§ 2-6 nytt fjerde ledd skal lyde:

Før kommunen gjer vedtak etter første og tredje leddet, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering.

§ 3-3 sjette leddet skal lyde:

Departementet kan gi forskrifter om avvik frå denne opplæringsordninga for særskilde, små fag, for fag med særskilt store krav til teori, for fag med særskilde sertifiseringskrav, for lærlingar som ikkje fell inn under § 3-1 og for lærlingar med særskilde behov. Departementet gir forskrifter om kva fag som skal ha læretid i bedrift.

§ 3-4 første leddet skal lyde:

Departementet gir forskrifter om kurstilbod, fag- og timefordeling og om læreplanar som fastset innhaldet i opplæringa og korleis opplæringa skal gjennomførast. Departementet gir forskrifter om vurdering av elevar, lærlingar og privatistar, om klage på vurdering, om eksamen, om fag- og sveineprøve og om dokumentasjon. Departementet gir forskrifter om godskriving av tidlegare gjennomgådd opplæring eller praksis.

Ny § 3-9 skal lyde:

Teiknspråkopplæring i den vidaregåande skolen

Ungdom som har rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1 og som har teiknspråk som førstespråk, eller som etter sakkunnig vurdering har behov for slik opplæring, har rett til å velje vidaregåande opplæring i og på teiknspråk i eit teiknspråkleg miljø etter andre leddet, eller rett til å velje å bruke tolk i ordinære vidaregåande skolar. Det same gjeld vaksne som er tekne inn til vidaregåande opplæring utan rett etter § 3-1. Før fylkeskommunen gjer vedtak om slik opplæring, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering.

Med teiknspråkleg miljø er meint skolar som har tilrettelagde opplæringstilbod i og på teiknspråk for hørselshemma elevar.

Retten til opplæring i og på teiknspråk etter andre leddet er avgrensa til dei kurstilboda desse skolane gir. Delar av dette opplæringstilbodet kan givast med tolk.

Omfanget av opplæringa i tid og innhaldet i opplæringa blir fastsett i forskrifter etter § 3-2 og § 3-4 i denne lova.

Departementet kan gi nærmare forskrifter, mellom anna om inntak.

§ 10-3 skal lyde:

Personell ved leirskolar

Undervisningspersonalet ved leirskolar med fast pedagogisk bemanning skal vere tilsett i den kommunen der leirskolen ligg. Departementet kan gi forskrifter om kompetansekrav for personalet ved faste leirskolestader.

Lova tek til å gjelde frå den tida Kongen fastset. Det kan fastsetjast at dei ulike reglane i lova skal ta til å gjelde frå ulik tid.

Jorunn Ringstad, Anita Apelthun Sæle,
president. sekretær.