Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Lov om endringer i lov av 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a.

Innhold

År 1998 den 24. november holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt

§ 61 andre ledd skal lyde:

Dom etter § 17 og rettsfastsettande vedtak etter § 17a kan ankast til lagmannsretten. Rettsforlik kan ankast til lagmannsretten i samsvar med § 286 andre ledd i lov 13. august 1915 nr 6 om rettergangsmåten for tvistemål. Vedtak etter § 87 første punktum i saker etter § 6 første til tredje ledd kan ankast til lagmannsretten når det gjeld rettsbruk og sakshandsaming. Det same gjeld for vedtak etter § 62 femte og sjette ledd i saker der jordskifteretten held skjønn etter § 6 første til tredje ledd. I saker som nemnt i § 6 første til fjerde ledd, kan rettsbruken, sakshandsaminga og erstatningsutmålinga ankast til lagmannsretten. For øvrig kan jordskifterettens avgjerder i saker som nemnt i § 6 første til fjerde ledd, berre påkjærast etter tredje ledd.

§ 61 tredje ledd bokstav d skal lyde:

Avgjerd om gebyr og sideutgifter etter § 74.

§ 62 femte ledd skal lyde:

Når jordskifteretten finn det tenleg, kan vedtak om fremme av jordskifte, jfr. § 14 første ledd andre punktum, stillast til påanking til jordskifteoverretten straks.

§ 74 første ledd skal lyde:

For jordskiftesak, grensegangssak og rettsutgreiingssak behandla ved jordskifterett skal ein betale 5 gonger rettsgebyret i registreringsgebyr og 1,5 gong rettsgebyret pr. part (partsgebyr). Ved grensemerking skal det betalast 2 gonger rettsgebyret pr. påbegynte 0,5 km (grenselengdegebyr).

§ 74 andre ledd nytt andre og tredje punktum skal lyde:

Når jordskifte vert krevd med heimel i § 5 femte ledd og jordskifteretten held skjønnet i medhald av § 6, skal sideutgiftene betalast forskottsvis av den som har krevd skjønnet. Kan utgiftene ikkje fastsetjast på førehand, skal det betalast så store forskott som vedkomande jordskiftedommar meiner er tilstrekkelege.

§ 74 nytt åttande ledd skal lyde:

Jordskifteretten kan endre dei samla gebyrkostnadene dersom arbeidstida i saka avvik nemnande frå det vanlege.

§ 74 noverande åttande og niande ledd vert nye niande og tiande ledd.

§ 91 første ledd første punktum skal lyde:

Avgjerd tatt ved offentleg jordskifte og rettsutgreiing og i grensegangssak er tvangsgrunnlag.

§ 91 første ledd andre punktum skal lyde:

Når avgjerda er endeleg, kan ho settast i verk etter reglane om fullføring av dom.

Loven trer i kraft frå den tid Kongen bestemmer.

Jorunn Ringstad, Olav Gunnar Ballo,
president. sekretær.