Vedtak til lov om endringer i opplæringslova og privatskolelova (kompetansekrav, faglig ansvar og bruk av fysisk inngripen for å avverge skade m.m.)
Dette dokument
- Lovvedtak 78 (2023–2024)
- Kildedok: Innst. 389 L (2023–2024), jf. Prop. 62 L (2023–2024)
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
vedtak til lov
om endringer i opplæringslova og privatskolelova (kompetansekrav, faglig ansvar og bruk av fysisk inngripen for å avverge skade m.m.)
I
I lov 9. juni 2023 nr. 30 om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa gjøres følgende endringer:
Departementet gir forskrift om andre særskilde læreplanar for grunnskoleopplæringa i språkutviklingskommunar og språkvitaliseringskommunar etter sameloven § 3-1 og for andre elevar som får samisk opplæring i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa.
Alle elevar som bur i språkutviklingskommunar eller språkvitaliseringskommunar etter sameloven § 3-1, har rett til opplæring i og på samisk. Språkutviklingskommunar og språkvitaliseringskommunar kan gi forskrift om at elevane skal ha grunnleggjande opplæring i samisk språk og samisk kultur.
Dersom minst ti elevar i ein annan kommune enn språkutviklingskommunar og språkvitaliseringskommunar etter sameloven § 3-1 krev opplæring i og på samisk, har dei rett til det. Retten står ved lag så lenge det er minst seks elevar att som vil ha slik opplæring.
§ 6-2 tredje ledd skal lyde:
Fylkeskommunen skal tilby ein del av opplæringa i eit samiskspråkleg miljø dersom det er nødvendig for at opplæringa i samisk skal vere pedagogisk forsvarleg.
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at skolen, leksehjelpa og skolefritidsordninga driv eit kontinuerleg og systematisk arbeid for at det ikkje skal oppstå situasjonar der tilsette må gripe inn fysisk mot elevar.
Tilsette i skolen, leksehjelpa og skolefritidsordninga kan, når andre tiltak ikkje er tilstrekkelege, gripe inn fysisk mot elevar for å avverje at ein elev
-
a. krenkjer ein person fysisk eller utsett seg sjølv for fysisk fare
-
b. skader eigedom
-
c. viser ei åtferd som er sterkt fornedrande for eleven sjølv
Det fysiske inngrepet kan ikkje gå lenger enn nødvendig, og det skal stå i eit rimeleg forhold til dei interessene som skal varetakast.
Handlingar som er allment aksepterte i samhandling mellom vaksne og barn som dei har omsorg for, skal ikkje reknast som fysiske inngrep etter paragrafen her.
Ein tilsett som har nytta fysiske inngrep etter § 13-4, skal melde frå om det til rektor. Rektor skal melde frå til foreldra til eleven. Dersom det er nytta fysiske inngrep mot den same eleven fleire gonger, eller inngrepet er særleg alvorleg, skal rektor melde frå til kommunen eller fylkeskommunen.
Skolen skal dokumentere alle fysiske inngrep med ei kort omtale av hendinga, inngrepet som vart gjort, og eleven sitt syn på saka.
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at dei som blir tilsett i lærarstilling, har relevant lærarutdanning seinast når dei tar til i stillinga.
Dersom ingen søkjarar oppfyller krava for tilsetjing, kan andre tilsetjast mellombels på vilkår om at ei påbyrja lærarutdanning blir fullført. Kor lenge ei slik tilsetjing skal vare, avtaler arbeidsgivaren og arbeidstakaren ut frå kor stor stilling og kor lang utdanning det er tale om, og kor tilgjengeleg utdanningstilbodet er.
Dersom ingen søkjarar oppfyller krava for tilsetjing, kan andre tilsetjast mellombels også utan vilkår om påbyrja lærarutdanning, men ei slik tilsetjing skal ikkje vare lenger enn til 31. juli.
Departementet kan gi forskrift om kva utdanning og kompetanse ein må ha for å kunne bli tilsett i lærarstilling.
Berre dei som er tilsett i lærarstilling, kan ha fagleg ansvar for opplæringa.
Når anna personale hjelper til i opplæringa, skal kommunen og fylkeskommunen sørgje for at dei får nødvendig rettleiing av ein som er tilsett i lærarstilling.
Samiske deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne som bur ispråkutviklingskommunar eller språkvitaliseringskommunar etter sameloven § 3-1, har rett til opplæring på samisk når det er nødvendig for å få forsvarleg utbytte av opplæringa.
-
g. § 13-1 om bortvising og §§ 13-3 til 13-5 om skadeførebygging
Berre dei som er tilsett i lærarstilling, kan ha fagleg ansvar for opplæringa.
Når anna personale hjelper til i opplæringa, skal skolen sørgje for at dei får nødvendig rettleiing av ein som er tilsett i lærarstilling.
II
I lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskot gjøres følgende endringer:
Styret skal sørgje for at skolen driv eit kontinuerleg og systematisk arbeid for at det ikkje skal oppstå situasjonar der tilsette må gripe inn fysisk mot elevar.
Tilsette i skolen kan, når andre tiltak ikkje er tilstrekkelege, gripe inn fysisk mot elevar for å avverje at ein elev
-
a. krenkjer ein person fysisk eller utsett seg sjølv for fysisk fare
-
b. skader eigedom
-
c. viser ei åtferd som er sterkt fornedrande for eleven sjølv
Det fysiske inngrepet kan ikkje gå lenger enn nødvendig, og det skal stå i eit rimeleg forhold til dei interessene som skal varetakast.
Handlingar som er allment aksepterte i samhandling mellom vaksne og barn som dei har omsorg for, skal ikkje reknast som fysiske inngrep etter paragrafen her.
Ein tilsett som har nytta fysiske inngrep etter § 3-10 b, skal melde frå om det til dagleg leiar. Dagleg leiar skal melde frå til foreldra til eleven. Dersom det er nytta fysiske inngrep mot den same eleven fleire gonger, eller inngrepet er særleg alvorleg, skal dagleg leiar melde frå til styret for skolen.
Skolen skal dokumentere alle fysiske inngrep med ei kort omtale av hendinga, inngrepet som vart gjort, og eleven sitt syn på saka.
III
Lovens del I begynner å gjelde straks. Lovens del II gjelder fra den tiden Kongen fastsetter. Kongen kan bestemme at de ulike bestemmelsene skal begynne å gjelde til ulik tid.
Masud Gharahkhani |
president |