Vedtak til lov om endringer i friskolelova og utdanningsstøtteloven

Søk
I Stortingets møte 19. mai 2020 ble det gjort følgende

vedtak til lov

om endringer i friskolelova og utdanningsstøtteloven

I

I lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar gjøres følgende endringer:

§ 3-1 skal lyde:
§ 3-1 Inntak av elevar

Skolane skal ha heile landet som inntaksområde. Dei skal stå opne for alle som fyller vilkåra for inntak i offentlege skolar, jf. opplæringslova § 2-1 tredje ledd og § 3-1 første ledd. Dette gjeld òg skolar i utlandet og internasjonale skolar i Noreg. Skolane kan reservere eit avgrensa tal på elevplassar til søkjarar som kjem etter hovudinntaket.

Ved inntak til vidaregåande skolar skal ungdom med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 prioriterast føre vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 4A-3. Skolar for funksjonshemma kan også ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring. Heimfylket skal vurdere realkompetansen til ein vaksen søkjar før han eller ho kan takast inn som elev ved ein vidaregåande skole. Departementet kan gi forskrift om inntak til vidaregåande skolar. Forskrifta kan mellom anna innehalde reglar om krava til inntak og om unntak frå krava i første og tredje punktum.

Norske vidaregåande skolar i utlandet kan ikkje ta inn vaksne.

Skolane skal ha eit inntaksreglement som viser prioriteringa av søkjarar, dersom søkinga er større enn kapasiteten til skolen. Reglementet skal innehalde reglar for prioritering ut frå saklege omsyn. Inntaksreglementet skal liggje innanfor den avgrensinga som følgjer av første og andre ledd. Skolen avgjer i samsvar med reglementet kven av søkjarane som skal takast inn.

Melding om inntak av elevar i grunnskolar skal sendast til heimkommunen til eleven. Melding om inntak til vidaregåande skolar skal sendast til heimfylket til eleven. Skolen skal melde frå til heimfylket om behovet for læreplass når eleven er teken inn på vidaregåande trinn 2.

Ved avgjerd etter desse reglane gjeld forvaltningslova. Avgjerd om inntak er enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2. Departementet er klageinstans.

II

I lov 3. juni 2005 nr. 37 om utdanningsstøtte skal § 8 fjerde ledd lyde:

Det kan gis utsettelse med betaling av hele terminbeløp i inntil 3 år eller inntil 6 år ved utsettelse av halve terminbeløp. I særlige tilfeller kan det gis utsettelse ut over disse grensene. Det kan gis rentefritak i forbindelse med videre utdanning, militærtjeneste, sykdom, arbeidsledighet eller omsorgsforpliktelser når låntakers inntekt er under fastsatte grenser, eller hvor andre forhold gjør at innkreving av renter vil virke urimelig.

III

Loven trer i kraft straks.

Tone Wilhelmsen Trøen

president