vedtak til lov
om endringer i obduksjonsloven
mv.
(rettsmedisinsk obduksjon av drepte i veitrafikken og regulering
av Statens vegvesens arbeid med ulykkesanalyser)
I
I lov 7. mai 2015
nr. 26 om obduksjon og avgjeving av lik til undervisning og forsking
gjøres følgende endringer:
§ 2 skal lyde:
§ 2 Verkeområde
Lova gjeld for medisinsk
obduksjon, rettsmedisinsk obduksjon
av drepne i vegtrafikken etter § 7 a første ledd andre punktum og donasjon
av lekam til undervisning og forsking og anna behandling av lik:
-
a) §§ 4, 5, 6, 7, 8 og 8 a gjeld
for medisinsk obduksjon.
-
b) §§ 7 a, 8 og 8 a gjeld for rettsmedisinsk
obduksjon etter § 7 a første ledd andre punktum.
-
c) Kapittel 3 gjeld for donasjon
av lekam til undervisning og forsking og anna behandling av lik.
§ 7 gjeld tilsvarande
for forsking på biologisk materiale som er tatt ut i samband med
ein rettsmedisinsk obduksjon.
Kongen kan gi forskrift
om at lova og forskrifter med heimel i lova heilt eller delvis skal
gjelde på Svalbard og Jan Mayen og kan fastsette særlege reglar
under omsyn til forholda på staden.
§ 3 skal lyde:
§ 3 Definisjonar
I denne lova meines
med:
-
a) obduksjon: ei
systematisk utvendig og innvendig medisinsk undersøking av ein død person
-
b) medisinsk obduksjon:
obduksjon som ein lege har kravd,
der formålet er å påvise eller utelukke forandringar som er forårsaka
av sjukdom eller skade
-
c) rettsmedisinsk
obduksjon: obduksjon som er kravd etter straffeprosessloven § 228
om sakkyndig likundersøking og
obduksjon etter § 7 a første ledd andre punktum
-
d) næraste pårørande:
næraste pårørande etter pasient- og brukerrettighetsloven § 1-3
bokstav b.
§ 6 overskrifta skal lyde:
§ 6 Forholdet til rettsmedisinsk obduksjon
etter straffeprosessloven
§ 6 første ledd skal lyde:
Dersom legen etter
helsepersonelloven § 36 tredje ledd har plikt til å melde frå til
politiet fordi det er grunn til å tru at dødsfallet er unaturleg,
kan medisinsk obduksjon ikkje setjast i gang før påtalemakta har avgjort
at det ikkje skal gjennomførast ein rettsmedisinsk obduksjon.
Ny § 7 a skal lyde:
§ 7 a Rettsmedisinsk obduksjon av trafikkdrepne
Alle drepne i vegtrafikken skal
obduserast. Dersom påtalemakta ikkje krev obduksjon etter straffeprosessloven
§ 228, skal politiet sjå til at rettsmedisinsk obduksjon blir utført
etter lova her. Formålet med rettsmedisinsk obduksjon etter lova
her er å fastslå dødsårsaka, påvise moglege teikn på sjukdom, skade
og inntak av legemiddel og giftstoff, og sjå funna i samanheng med
omstende kring dødsfallet.
Før rettsmedisinsk obduksjon av
den trafikkdrepne etter lova her blir utført, skal pårørande varslast
og få høve til å uttale seg, så sant det er mogleg. Obduksjonen skal
ikkje gjennomførast dersom ein av avdødes næraste pårørande av religiøs
eller livssynsmessig overtyding nektar obduksjon.
Rettsmedisinsk obduksjon skal utførast
av sakkunnig.
§ 8 overskrifta skal lyde:
§ 8 Gjennomføring av obduksjon etter
lova her
§ 8 andre og tredje ledd
skal lyde:
Det kan gjevast
undervisning i samband med obduksjonar
etter lova her.
Departementet kan
gi forskrift om korleis obduksjonar etter
lova her skal gjennomførast og om avgjeving og bruk av
obduksjonsmateriale.
Ny § 8 a skal lyde:
§ 8 a Innhenting av helseopplysningar
Legen som obduserer etter lova her
skal utan omsyn til at opplysningane er underlagde teieplikt få
nødvendige helseopplysningar om avdøde.
Kapittel 4 overskriften
skal lyde:
Kapittel 4. Pålegg, tvangsmulkt, straff og
forholdet til andre lover
II
I lov 18. juni
1965 nr. 4 om vegtrafikk skal ny § 51 a lyde:
§ 51 a Statens vegvesens ulykkesanalysearbeid
Statens vegvesen skal undersøke
vegtrafikkulykker for å klarlegge hendelsesforløp og årsaksfaktorer
med formål å forbedre trafikksikkerheten.
For dette formålet skal Statens
vegvesens ulykkesanalysegruppe foreta dybdeanalyser av alle dødsulykkene
på veg i Norge. Ulykkesanalysegruppen skal ikke ta stilling til sivilrettslig
eller strafferettslig skyld og ansvar i forbindelse med vegtrafikkulykken.
Ulykkesanalysegruppen skal uten hinder av lovbestemt taushetsplikt
få utlevert saksopplysninger fra politiet som er nødvendig for gruppens arbeid
og obduksjonsrapport om trafikkdrepte.
Departementet kan gi forskrift
om ulykkesanalysegruppens arbeid.
III
Loven gjelder fra
den tid Kongen bestemmer. Kongen kan sette i kraft de enkelte bestemmelsene
til forskjellig tid.