I lov 21. juni
1963 nr. 23 om vegar blir det gjort følgjande endringar:
Nytt kapittel II A skal
lyde:
Kap. II A. Tilsyn med riksveg.
§ 11 a Vegtilsynet
Vegtilsynet skal
føre tilsyn med at Statens vegvesen og det statlege utbyggingsselskapet
for veg oppfyller dei pliktar som følgjer av § 11 b.
Departementet fastset
instruks for Vegtilsynet.
§ 11 b Plikt til å ha og bruke styringssystem
m.m.
Statens vegvesen
og det statlege utbyggingsselskapet for veg skal ha og bruke tilstrekkelege
og effektive styringssystem for å sikre tryggleiken knytt til riksvegane.
Departementet kan
i forskrift gi utfyllande reglar om plikta etter fyrste ledd.
§ 11 c Opplysingsplikt
Statens vegvesen
og det statlege utbyggingsselskapet for veg skal innanfor fastsett
frist gi dei opplysingane og dokumenta som Vegtilsynet krev. Det same
gjeld entreprenørar, konsulentar og andre som utfører oppgåver eller
som elles samhandlar med Statens vegvesen eller det statlege utbyggingsselskapet for
veg. Vegtilsynet kan bestemme i kva for form opplysingane skal bli
gitt.
Opplysingsplikten
gjeld berre dei opplysningane som Vegtilsynet finn naudsynte for
å kunne utføre oppgåvene sine etter lova.
§ 11 d Pålegg om retting
Vegtilsynet kan
pålegge retting innan ein fastsett frist dersom tilsynet viser avvik
frå plikta til å ha og bruke styringssystem i medhald av § 11 b.
Kostnadene ved å
gjennomføre pålegget skal dekkast av den ansvarlege verksemda.
§ 11 e Tvangsmulkt
Dersom pålegg etter
§ 11 d ikkje er følgt innan fristen, kan Vegtilsynet treffe vedtak
om tvangsmulkt.
Tvangsmulkta kan
fastsettast som ei laupande mulkt eller som eit beløp som forfell
ved kvart brot. Tvangsmulkt lauper ikkje dersom etterleving blir umogeleg
og årsaka til dette ikkje ligg hos den ansvarlege.
Tvangsmulkta si
storleik fastsetjast med omsyn til kor viktig det er at pålegget
blir gjennomført, og kva for kostnader det truleg fører med seg.
Ilegging av tvangsmulkt
kan påklagast særskilt.
Departementet kan
gi utfyllande reglar om fastsetting av tvangsmulkt.
II
Lova gjeld frå den
tid Kongen fastset.