— Næringskomiteen: Stortinget ber Regjeringa legge fram ei sak for Stortinget om korleis staten kan medverke til å styrke tilgangen på risikokapital og eigenkapital i det nyskapande, forskingsbaserte næringslivet. Og vidare korleis staten kan sikre nasjonalt eigarskap og at viktige kompetansemiljø knytt til eigarskap, forsking og utvikling ikkje vert flytta ut. Det skal mellom anna gjerast greie for formålet med eit eller fleire investeringsselskap, lokalisert regionalt og nasjonalt. Selskapa skal vere langsiktige investorar, og bidra til å styrke norske kompetansemiljø og kontakten mellom desse. Selskapa skal vere kommersielle investorar. Det må òg gjerast greie for høve til å utvide verkeområdet for dei eksisterande ordningane og institusjonane.

Tema: REGJERINGEN OVERSENDT (Storting 2000/2001)

Publikasjoner tilhørende saken: Stortingstidende

Fra hovedregister:

— Næringskomiteen: Stortinget ber Regjeringa legge fram ei sak for Stortinget om korleis staten kan medverke til å styrke tilgangen på risikokapital og eigenkapital i det nyskapande, forskingsbaserte næringslivet. Og vidare korleis staten kan sikre nasjonalt eigarskap og at viktige kompetansemiljø knytt til eigarskap, forsking og utvikling ikkje vert flytta ut. Det skal mellom anna gjerast greie for formålet med eit eller fleire investeringsselskap, lokalisert regionalt og nasjonalt. Selskapa skal vere langsiktige investorar, og bidra til å styrke norske kompetansemiljø og kontakten mellom desse. Selskapa skal vere kommersielle investorar. Det må òg gjerast greie for høve til å utvide verkeområdet for dei eksisterande ordningane og institusjonane.

Se saker fra samme tema:

Se saker fra relaterte tema: