— Kirke-, utdannings- og forskningskomiteen: Stortinget ber Regjeringa leggje følgjande prinsipp til grunn for ein reell kvalitetsreform i høgare utdanning: – Studentane på universitet og høgskular skal seinast frå og med haustsemesteret 2003 som hovudregel gjevast tilbod om eit studieår på 10 månader. – Oppfølginga av den einskilde student skal seinest frå og med haustsemesteret 2003 styrkast vesentleg, mellom anna med meir seminarundervisning og individuell vegleiing på lågare grads nivå. Det skal leggjast ekstra vekt på oppfølginga av første semesterstudentar. – Prinsippet om forskingsbasert undervisning på universitet og høgskular skal oppretthaldast. – Kvalitetsreformen skal ikkje finansierast ved å leggje opp til at det samla talet på avlagte vekttall/studiepoeng reduserast, ut over det som på lengre sikt blir resultatet av omlegginga i gradssystemet. – Kvalitetsløftet for undervisning skal ikkje gå ut over forskingsinnsatsen ved institusjonane. Målet i Forskingsmeldinga om opptrapping av norsk forskingsinnsats til OECD-nivå innan 2005 skal stå fast, til dette høyrer at ein vesentleg del av opptrappinga skal finne stad i grunnforskingsmiljøa på dei høgare utdanningsinstitusjonane. – Institusjonane skal tilførast ekstra løyvingar i 2002 og 2003 av ein slik storleik at gjennomføringa av kvalitetsreforma er realistisk seinast frå og med haustsemesteret 2003.

Tema: REGJERINGEN OVERSENDT (Storting 2000/2001)

Publikasjoner tilhørende saken: Stortingstidende

Publikasjoner tilhørende saken: Kongelige Proposisjoner og Meldinger

Fra hovedregister:

— Kirke-, utdannings- og forskningskomiteen: Stortinget ber Regjeringa leggje følgjande prinsipp til grunn for ein reell kvalitetsreform i høgare utdanning: – Studentane på universitet og høgskular skal seinast frå og med haustsemesteret 2003 som hovudregel gjevast tilbod om eit studieår på 10 månader. – Oppfølginga av den einskilde student skal seinest frå og med haustsemesteret 2003 styrkast vesentleg, mellom anna med meir seminarundervisning og individuell vegleiing på lågare grads nivå. Det skal leggjast ekstra vekt på oppfølginga av første semesterstudentar. – Prinsippet om forskingsbasert undervisning på universitet og høgskular skal oppretthaldast. – Kvalitetsreformen skal ikkje finansierast ved å leggje opp til at det samla talet på avlagte vekttall/studiepoeng reduserast, ut over det som på lengre sikt blir resultatet av omlegginga i gradssystemet. – Kvalitetsløftet for undervisning skal ikkje gå ut over forskingsinnsatsen ved institusjonane. Målet i Forskingsmeldinga om opptrapping av norsk forskingsinnsats til OECD-nivå innan 2005 skal stå fast, til dette høyrer at ein vesentleg del av opptrappinga skal finne stad i grunnforskingsmiljøa på dei høgare utdanningsinstitusjonane. – Institusjonane skal tilførast ekstra løyvingar i 2002 og 2003 av ein slik storleik at gjennomføringa av kvalitetsreforma er realistisk seinast frå og med haustsemesteret 2003.

Se saker fra samme tema:

Se saker fra relaterte tema: