Spørretimespørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren
Om kvifor statsråden ikkje ynskje å løfte ein finger for ei av dei farlegaste vegstrekningane i Noreg, E-39 Solevågseidet–Moa
Datert: 10.02.2026
Besvart: 25.02.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Spørsmål
Frank Edvard Sve (FrP): I svar på spørsmål angåande Møreaksen frå Monica Molvær svarer statsråden at Statens vegvesen skal utgreie tunell forbi Molde til Julsundet til mange milliardar kroner, som ikkje er i NTP, og som i realiteten betyr at ferjestrekninga Furneset–Molde vert flytta til Julsundet, med ein gedigen omveg for alle som skal igjennom fylket. Samtidig ynskjer ikkje statsråden å løfte ein finger for ei av dei farlegaste vegstrekningane i Noreg, E-39 Solevågseidet–Moa.
Bør ikkje statsråden heller prioritere å få ned talet på hardt skadde og drepne i trafikken?