Sveinung Rotevatn (V): Meiner statsråden varslingssystemet generelt, og for arbeidsinnvandrarar spesielt, fungerer godt nok i lys av det som har kome fram i VG om arbeidstilhøva på Melkøya?
Begrunnelse
Gjennom fleire reportasjar har VG sett lys på arbeidsforholda på Melkøya. Rundt 100 arbeidarar skal ha sendt varsel om ei rekke kritikkverdige forhold, mellom anna forskjellsbehandling av utanlandske arbeidarar. I tillegg til påstandane i sjølve varselet, er det også usemje om korleis varselet har kome i stand. Det har også kome alvorlege påstandar om gjengjelding frå arbeidsgjevar, som skal ha resultert i at fleire har trukke signaturen på varselet.
I lys av det som har kome fram er det av interesse å vite om statsråden meiner kompetansen og rutinane til å motta varslingar og førebygge gjengjelding er gode nok hos Arbeidstilsynet og Havindustritilsynet, særleg kva gjeld handtering av varsel frå arbeidsinnvandrarar.