Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1724 (2024-2025)
Innlevert: 23.03.2025
Sendt: 24.03.2025
Besvart: 31.03.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Synes statsråden det er rimeleg at staten også bidrar til fleire ruter på samband der det etter statlig innblanding på pris har oppstått kapasitetsutfordringar?

Begrunnelse

I helgene er det komplett kaos på ferjesambandet Hufthamar - Krokeide med mange attståande biler. Fylkeskommunen som har ansvaret for tilbudet slit økonomisk og har derfor begrensa mulighet å sette inn fleire ferjer. Problemet med mange attståande biler blei større etter at staten kom med ordningen gratis ferje i dette sambandet og ikkje andre slik at ein del gjennomgangstrafikk kom på toppen.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Regjeringa har lagt til rette for gratis ferjer til øyar og andre samfunn utan vegsamband til fastlandet og gjere ferjesamband med under 100 000 passasjerar årleg gratis. Regjeringa har også lagt til rette for reduserte takstar på alle riks- og fylkesvegsamband. Regjeringa si satsing på ferje har redusert avstandsulemper og reisekostnader for både privatpersonar og næringstransport i store delar av landet.
Kompensasjonen til fylkeskommunane for tapte billettinntekter blir fordelt gjennom rammetilskotet, som er ein del av fylkeskommunane sine frie inntekter. Det er ikkje lagt inn midlar for å ta høgd for eventuell auka trafikk eller kapasitetsauke i tilbodet. Det er fylkeskommunane som har ansvaret for fylkesvegferjene og ansvaret for finansieringa av ferjedrifta. Den enkelte fylkeskommune kjenner sine samband best og må sjølv vurdere om det er særskilde trafikale forhold på sambanda som tilseier behov for andre tiltak.
Ferjesektoren har, på lik linje med en rekke andre tjenesteområder, opplevd en sterk
prisvekst. Regjeringa har gjentekne gonger auka dei frie inntektene til kommunesektoren. Etter at statsbudsjettet for 2025 blei lagt fram, tilsa ny informasjon at talgrunnlaget som låg til grunn ikkje var tilstrekkeleg. Regjeringa fremja derfor ein tilleggsproposisjon med forslag om å auke fylkeskommunane sine frie inntekter med 700 millionar kroner i 2024, og ytterlegare 700 millionar kroner i 2025, jf. Prop 1 S Tillegg 1 (2024–2025). Løyvinga for 2025 er ei varig endring. Eg vil minne om at Frp har foreslått betydelege kutt i løyvingane til fylkeskommunane i sine alternative budsjett, som ville ført til ein endå meir krevjande økonomisk situasjon for den fylkeskommunale ferjedrifta.
Fylkeskommunane kjenner sine samband best og vurderer sjølv eventuelle tiltak for trafikkregulering i det enkelte samband ut frå trafikale forhold. Fylkeskommunane må sjølv vurdere korleis dei frie midlane dei mottar skal brukast og korleis ferjetilbodet og andre tenester skal leggjast opp.