Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:977 (2024-2025)
Innlevert: 26.01.2025
Sendt: 27.01.2025
Til behandling

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): 2. januar 2025 har Nettavisen ei sak om ein familiefar som er tvangsreturnert til Etiopia, men som no har blitt fengsla og fått beskjed om å forlate Etiopia på grunn av ID papir og ulike namn på papir han hadde med frå Norge.
Meiner Justisministeren at denne returen har vore i tråd med «non refoulement» prinsippet slik det er nedfelt i Utlendingslova §2 8, og den nye instruksen om at alternativ til utvisning skal vere hovudregel i sakar som berører barn?

Begrunnelse

Regjeringa har nyleg vedteke at ei ny forskrift der alternativ til utvisning skal vere hovudregelen i saker som berører barn. G-02/2025. Før denne forskrifta var det vedteke ei midlertidig forskrift som skulle stille enkelte saker i bero som involverte barn.
Saka om tvangsretur av Daniel Salomon Beru i klassekampen 11 mai 2024 og i Nettavisen 2 januar 2025 er eit døme på ein familie som har blitt splitta og barn som har fått sin far utvist trass i midlertidig forskrift seier som sa at hovudregel skal vere alternativ til utvisning i saker som berører barn.
Utlendigelova §38 sjette ledd slår fast at i saker som berører barn skal omsynet til barn vere eit grunnleggande hensyn. Utlendingar som ikkje har gyldige id-papir og som ikkje greier å skaffe slike har blitt transportert til Trandum for å møte myndigheitspersonar frå mellom anna Etiopia som er inviterte til Norge for å gjennomføre såkalla identitetsavklarande undersøkingar.
Det har vore mange medieoppslag om den Norske regjeringa og PU sin praksis med å framstille utlendinger for utanlandske styresmakter sine delegasjonar til Trandum med mål om å avklare identitet. Mange papirlause har ikkje fått opphald fordi UDI og UNE ikkje trur på deira forklaring, og dei ikkje har skaffa fram id- papir sjølve . Etter §28 b i utlendingelova skal personar som risikerer «anna uverdig behandling ved retur til heimlandet» ha vern mot retur.
Ofte er det vektlagt innvandringspolitiske omsyn i slike utvisningssaker. Den aktuelle etioparen var i full jobb som bussjåfør då han fekk avslag på sitt opphaldsløyve. Siste to åra har det vore mange oppslag om at det er stor mangel på sjåførar både i Norge og Europa. Mange reagerer på at staten bruker store ressurser på å splitte familier og tvangsreturnere personar med lang botid i Norge berre på mistanke om feil opplysningar utan at det er bevist. Det kan stillast spørsmål både om barns beste har vore vektlagt slik lova krev, og om det gagner Norge å utvise personar som er i full jobb, har barn dei forsørger og som i tillegg arbeider i tenesteytande yrker der det er stor mangel på arbeidskraft her i landet.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig