Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til næringsministeren

Dokument nr. 15:447 (2022-2023)
Innlevert: 18.11.2022
Sendt: 18.11.2022
Besvart: 25.11.2022 av næringsminister Jan Christian Vestre

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Kva er årsaka til at handlingsrommet i EØS avtalen om å kunne avgrense utlysingar av anbod til EØS området ikkje er utnytta for dei nye ferjene over Sognefjorden, noko som juridisk sett ikkje er i konflikt med EØS avtalen, og korleis samhandler NFD med SD med kompetanse for utforming av anbod slik at det vert mogleg for verft med norske krav om arrbeidstakerrettar og miljøkrav å konkurrere om offentlege oppdrag?

Begrunnelse

Det er stor politisk semje om at det er viktig å utvikle Norsk Maritim industri og verftsindustrien. I Hurdalsplattforma under punktet Maritim står det mellom anna at regjeringa vil:

• Lage en strategi for å sikre at offentlige byggeoppdrag innenfor maritim sektor i størst mulig grad havner hos norske verft.
• Utnytte handlingsrommet i EØS-avtalen med sikte på at en større del av verdiskapingen fra offentlige kontrakter skal komme den norske maritime næringen til gode.

Verftsbransjen har fått vurdert det juridiske handlingsrommet for anbudsutlysninger og gitt råd til regjeringa om at eit mogleg grep er å avgrense offentlege anbod innafor EØS området og at dette kan bidra til at fleire kontraktar kan vinnast av norske verft. Ei slik anbodsavgrensing er ikkje i juridisk konflikt med reglane i EØS avtalen.
Samtidig er realitetane at verftsindustrien i Norge stadig taper konkurransen med utenlandske verft, særleg Tyrkiske, på grunn av at desse ikkje har same krava til miljø, lønns og arbeidsvilkår som verfta i Norge. Når pris tel meir enn kvalitet, krav til lærlingekontrakter og krav til arbeids og miljøforhold i offentlege anbod, er det nesten umogleg for norske veft å vinne konkurransen om viktige utviklingskontrakter. Det må vere konkurranse på like vilkår, det prinsippet står fast. Difor er det viktig at offentlege anbod er innretta slik at ikkje norske verft blir ekskludert på grunn av at det er dyrare å bygge i Norge med norske krav til løns og arbeidsvilkår.
Det er ein føresetnad for å oppretthalde konkurransekraft og utvikle ein maritim industri i tråd med FNs berekraftsmål at norske anbod er utforma i tråd med Norske krav til arbeidsmiljø og sikkerheit, og at slike krav blir fylgt opp i byggeperioden.
Det er dei verfta og fagmiljøa som får kontraktane til å bygge framtida sine skip som utvikler kompetansen, og som deretter kan hevde seg i konkurransen om nye oppdrag. Utviklingsprosjekt som hydrogenferjene over Vestfjorden og dei autonome ferjene som skal gå over Sognefjorden er difor særleg viktige for norsk verftindustri og verdiskapinga i mange kystsamfunn. Samfunnsnytten i form av kompetanseutvikling og ringverknader av innovasjonsarbeidet er mykje større enn sjølve verdien av det ferdige bygget i slike utviklingskontraktar.

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: Maritim industri er eit av satsingsområda i regjeringas vegkart for eit grønt industriløft. Regjeringa vil også satse på «meir og grønare maritim eksport», innafor rammene av «Heile Noreg eksporterar». Eit grønt løft for maritim industri kan bidra til vidare vekst i næringa gjennom å eksportere maritime lav- og nullutsleppløysningar. Det er regjeringas ambisjon at NoreG skal fortsette å være ein maritim stormakt internasjonalt, som viser veg inn i det grøne skiftet gjennom å utvikle, bygge og ta i bruk nullutsleppsløysningar og autonome fartøy.
Statens Vegvesen har innleidd ein anskaffingsprosess for drift av ferjesambandet Lavik-Oppedal (2026-2034). I konkurransegrunnlaget er det lagt til grunn strenge minimumskrav til nullutslepp på sambandet, og ein ambisiøs utviklingsdel knytt til teknologi og gjennomføring som set kursen for automatiserte løysingar både på riksvegferjesambanda og i den norske maritime næringa generelt.
Dei ambisiøse krava som ligg til grunn for anskaffinga vil gjere norske verft som ligg langt framme på bygging av grøne og innovative skip meir konkurransedyktige når reiarlaget som vinn anbodet etter kvart skal skaffe fartøy for å sette inn på sambandet. For eksempel vart verdens første batteridrivne ferje, MF Ampere, bygd ved eit norsk verft. Ferja vart sett inn på sambandet Lavik-Oppedal i 2015 som følgje av strenge miljøkrav frå Statens Vegvesen. Utviklingsferja MF Hydra, som etter kvart skal over på hydrogendrift og som no trafikkerer riksvegferjesambandet Hjelmeland-Nesvik, er også bygd ved eit norsk verft.
EØS-avtalen er generelt ikkje til hinder for at ein avgrensar anskaffingsprosessar til EØS-området. Noreg har likevel også forpliktingar knytt til offentlege anskaffingar gjennom WTO og frihandelsavtaler.
Nærings- og fiskeridepartementet har gitt i oppdrag til eit eksternt utredningsmiljø å utgreie det EØS-rettslege handlingsrommet for å stille kvalitetskrav, for eksempel knytt til HMS og arbeidsforhold, i direkte offentlege anskaffingar av fartøy. Utredninga vil vere klar i januar, og vil vere eit viktig utgangspunkt for den vidare oppfølginga av ambisjonane i Hurdalsplattforma.