Skriftlig spørsmål fra Hege Bae Nyholt (R) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:937 (2021-2022)
Innlevert: 17.01.2022
Sendt: 18.01.2022
Besvart: 25.01.2022 av arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik

Hege Bae Nyholt (R)

Spørsmål

Hege Bae Nyholt (R): Mener statsråden det er bedre at studenter slutter på studiene slik at de har krav på dagpenger, fremfor å gi studenter med deltidsarbeid rett på dagpenger slik at de kan fullføre studiene og komme ut i arbeidslivet?

Begrunnelse

Studiestøtten utgjør i dag under 50 pst. av studentenes inntekter. Det er flertallet på Stortinget som legger rammene og dermed avgjør at studenter er avhengig av å være arbeidstakere, og ha deltidsjobb for å klare seg økonomisk.
Norsk studentorganisasjon (NSO) er bekymret for at mange studenter ser seg nødt til å slutte på studiene for å kvalifisere til å få dagpenger. NRK (13.01.22) kunne nylig fortelle om Carina Torvmark Herrud som måtte flytte bort fra studiestedet og hjem til foreldrene da hun ble permittert av deltidsjobben. Hun er avhengig av å ha en deltidsjobb ved siden av studiene for å kunne ha penger å leve av. Studentene som nå blir permitterte har ikke krav på dagpenger.
I NRK-saken uttaler statssekretær Maria Schumacher Walberg at studenter må være villige til å avbryte utdanningen ved jobbtilbud. I samme sak opplyser regjeringen om at det er mulig å kombinere studier med dagpenger, dersom man tar maksimalt 15 studiepoeng per semester, men unnlater å opplyse om at dette kun gjelder permitterte arbeidstakere over 30 år som begynner på studier samtidig som de mottar dagpenger mens de venter på å komme tilbake i jobb. Dette gjelder altså ikke studenter som Carina, som primært er student, og jobber ved siden av for å få endene til å møtes.

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: Hovudregelen i folketrygdloven er at ein person som tek opplæring eller utdanning, ikkje har krav på dagpengar, men i dagpengeforskrifta er det gjeve fleire unntak frå dette utgangspunktet. Reglane for dagpengar under utdanning vart endra og på fleire felt utvida med verknad frå 1. oktober 2021.
Ein student som fyller vilkåra for rett til dagpengar, kan fremje søknad til Arbeids- og velferdsetaten om å behalde dagpengane under utdanninga. Vilkåra for å få dagpengar er at dagpengesøkjaren har opptent ei viss minsteinntekt og har fått arbeidsinntekta og arbeidstida si redusert (40 pst av vanleg arbeidstid under pandemien, etter dei ordinære dagpengereglane 50 pst). Dessutan må ein som dagpengemottakar vere reell arbeidssøkjar, dvs. villig og i stand til å ta arbeid lønna etter tariff eller sedvane kor som helst i landet, og til å delta på arbeidsmarknadstiltak.
For å kunne ta høgre utdanning med dagpengar må dagpengemottakaren vere heilt ledig eller heilt permittert, ha fylt 30 år og ha gjennomført ein arbeidssøkjarperiode på tolv veker før utdanninga kan ta til. Korkje alderskravet eller kravet om innleiande arbeidssøkjarperiode gjeld der dagpengesøkjaren har starta opp utdanninga minst tolv veker før den datoen dagpengar vart innvilga frå. Svært mange studentar vil ha starta på utdanninga for lengre tid tilbake enn tolv veker før dei fekk innvilga dagpengar, og i så fall vil krav til alder og arbeidssøkjarperiode ikkje gjelde for dei.
Som dagpengemottakar kan ein ta maksimalt 15 studiepoeng, tilsvarande halv studieprogresjon, per halvår i inntil tolv månader i dagpengeperioden. Ein fulltidsstudent må altså ikkje avbryte studiet for å få dagpengar, men må trappe ned studieprogresjonen i samband med vilkåra i dagpengeregelverket om han eller ho ønskjer å fortsette utdanninga med dagpengar. Ved tilbod om arbeid må ein som dagpengemottakar jamvel alltid vere villig til å avbryte utdanninga for å takke ja til arbeidet.
Årsaka til at ein ikkje tillèt høgre utdanning på fulltid i dagpengeperioden, er at slik utdanning fordrar så stor innsats i form av tid til og fokus på sjølvstudium og undervisning, at det fortrengjer hovudaktiviteten som arbeidssøkjar. Studentar har insentiv til å bli verande lengje i dagpengeordninga. Livsopphald for studentar skal difor framfor alt finansierast gjennom Lånekassa. Det ville også verke urimeleg dersom nokre studentar fekk utdanninga finansiert med dagpengar, når dei fleste må finansiere utdanninga si med studielån eller eigne middel.
Eg vil understreke at for studentar må det vere særskilde krav og ei øvre grense for talet på studiepoeng ein kan ta med dagpengar. Dette er og lagt til grunn av både Etter- og videreutdanningsutvalget (NOU 2019: 12) og Sysselsettingsutvalgets ekspertgruppe (NOU 2019: 7). Utvala peika på at regelverket for dagpengar under utdanning må utformast slik at dagpengar ikkje vert ei alternativ kjelde til studiefinansiering. Dei peika og på at utdanning i dagpengeperioden kan fortrengje jobbsøkjaraktiviteten og leggje hindringar i vegen for overgangen til arbeid. For å motverke dette fremja utvala forslag om mellom anna krav om innleiande arbeidssøkjarperiode, ei øvre grense for talet på studiepoeng og krav til alder.