Sveinung Rotevatn (V): Vil regjeringa be om at den nordisk-baltiske representanten i IMF-styret røystar for forslaget om gjeldsslette til dei Ebola-råka landa, og vil gjeldsslette utover det eksisterande krisefondet (Post-Catastrophe Debt Relief Fund) kunne takast frå IMF sitt overskot?
Begrunnelse
I følgje det internasjonale pengefondet (IMF) vil dei Ebola-råka landa Sierra Leone, Liberia og Guinea til saman ha brukt 100 millionar dollar i gjeldsnedbetaling i 2014. Desse midlane burde heller nyttast i kampen mot Ebola og til å byggje opp grunnleggjande helse- og utdanningstenester. USA har føreslått å gje gjeldsslette gjennom IMFs Post-Catastrophe Debt Relief Fund, som vart etablert i 2010 etter at eit jordskjelv råka Haiti. G20 har gått lenger ved å be IMF om å gjere USD 300 millionar tilgjengeleg gjennom gjeldsslette, lån og bistand. IMF sitt krisefond er i dag på USD 150 millionar, og vil ikkje vere tilstrekkeleg til å dekke forslaget frå G20. Dei siste tre åra har IMF hatt eit betydeleg overskot, og det kan vere eit alternativ at IMF brukar delar av dette overskotet til å fylle opp katastrofefondet. Det vil vere ønskjeleg at den nordisk-baltiske representanten støttar forslaget om gjeldsslette til Guinea, Sierra Leone og Liberia gjennom IMFs katastrofefond når dette vert behandla i IMF sitt styre.