Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:1446 (2024-2025)
Innlevert: 02.03.2025
Sendt: 03.03.2025
Besvart: 10.03.2025 av næringsminister Cecilie Myrseth

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Regjeringa skryt stadig av at Noreg går så det susar. Samtidig syner nye tal frå SSB at sysselsettingsveksten i 2024 gjekk ned for tredje år på rad, og no er den lavaste sidan 2016 unntatt pandemiåret 2020. Ekstra urovekkande er det at det no er sysselsettinga i statleg sektor som veks mest, mens privat sektor har svakast sysselsettingsvekst.
Er næringsministeren enig med Venstre i at dette ikkje er ei berekraftig utvikling, og kva grep vil Næringsministeren gjere for å få tilbake veksten i sysselsettinga i privat sektor?

Cecilie Myrseth (A)

Svar

Cecilie Myrseth: Takk for spørsmål om eit viktig tema. Det er knytt til politikken for arbeidsmarknaden, øko-nomisk politikk og næringspolitikk. Arbeidskrafta er ein knapp og verdifull ressurs. Vi må bruke arbeidskrafta på ein god måte for å skape verdi. Eg vil som næringsminister leggje til rette for at verksemder og tilsette saman kan skape verdi, og med det grunnlag for velferda vår.
Fyrst vil eg understreke noko viktig. Verdiar kan bli skapt i privat sektor og i offentleg sektor.
• Om ei bedrift i næringslivet nyttar knappe ressursar til å lage eit produkt eller ei teneste som nokon er villige til å betale meir for enn det samla kostar å produsere produktet eller tenesta, så skaper bedrifta verdiar og er lønsam.
• Om ei offentleg verksemd eller eit tiltak nyttar knappe ressursar til å lage ei teneste som har større nytte samla enn det samla kostar å produsere tenesta, så skaper verksemda el-ler tiltaket verdiar.

Viktigare enn kvar arbeidskrafta blir nytta, er derfor om arbeidskrafta blir nytta og om arbeidskrafta blir nytta der ho skaper størst verdi.
Dei siste tiåra har vore prega av økonomisk vekst og låg arbeidsløyse. Sysselsetjinga som tok seg raskt opp att etter pandemien, har auka ytterlegare. Delen sysselsette i aldersgruppa 15-74 år låg i 4. kvartal 2024 vel ein prosenteining høgare enn i 4. kvartal 2019. Produktivi-tetsnivået i Noreg er blant dei høgaste i verda og er ein viktig årsak til det høge velstandsnivå-et.
Ifølgje nasjonalrekneskapen auka talet på sysselsette med 0,6 prosent frå 2023 til 2024. Til samanlikning har gjennomsnittleg årleg vekst dei siste tjue åra vore 1,3 prosent. Utviklinga på hausten var noko betre enn det regjeringa anslo i Nasjonalbudsjettet for 2025.
Vi har vekst i sysselsettinga. Det er bra. Veksten har variert, og den vil variere. Mange faktorar spelar inn. Demografiske endringar verkar inn ved at delen godt vaksne arbeidstakarar aukar, og ved at sysselsettingsdelen blant dei er lågare. Auka vekst i arbeidsproduktiviteten kan redusere etterspurnaden etter arbeidskraft noko - frå eit høgt nivå. Revidering av nasjo-nalrekneskapen for 2024 avdekte at arbeidsproduktiviteten i norsk økonomi dei siste åra har vore høgare enn tidlegare rekna. Høgare vekst i produktiviteten har gjort at verdiskapinga har kunna auke meir enn veksten i timeverka. Auka produktivitetsvekst er positivt og bidreg til auka samla verdiskaping.
Regjeringa legg stor vekt på å føre ein økonomisk politikk som gir høg sysselsetjing. Høg sysselsetjing er ein naudsynt føresetnad for høg verdiskaping og velferd. Det er regjeringa si ambisjon at Noreg skal vere blant landa med høgast sysselsetjing i Europa. Regjeringa har sett seg eit mål om å auke delen sysselsetje i aldersgruppa 20–64 år frå 80 ½ prosent i 2023 til 82 prosent i 2030. Ei rekkje strukturelle tiltak og heile den økonomiske politikken skal bidra til at målet blir nådd. I Perspektivmeldinga 2024 blir dei langsiktige utfordringane med tilgang på arbeidskraft og svak produktivitetsvekst omtala. Det blir peika på korleis vi kan løyse oppgåvene smartare, utnytte arbeidskrafta meir effektivt og leggje til rette for at fleire kan delta i arbeidslivet. Regjeringa har også redusert skatten for dei med låg lønn. Det kan motivere til arbeid og gje større tilgang på arbeidskraft.
Eg kan også nemne at regjeringa nyleg har lagt fram ei stortingsmelding som drøftar korleis fleire kan kome i jobb (Meld. St. 33 (2023–2024) – Ei forsterka arbeidslinje). Her peikast det på at regjeringa vil forsterke arbeidslinja ved å leggje til rette for ein meir aktiv politikk for å få fleire i arbeid og færre på trygd. Men alle politikkområde må trekkje i same retning for å nå målet om auka sysselsetjing.
Regjeringa løfter i meldinga fram følgjande innsatsområde: Trappe opp og forbetre bruken av arbeidsmarknadstiltak for å få fleire i arbeid og færre på trygd. Forsterke og vidareutvikle inn-satsen overfor unge. Satse på auka kompetanse og meir stabil tilknyting til arbeidslivet. Sam-arbeide om meir koordinerte tenester frå arbeidsmarknads-, utdannings- og helsesektoren og tilretteleggje for ei tillits- og kunnskapsbasert gjennomføring av arbeidsmarknadspolitikken.