Skriftlige spørsmål og svar

Liste over skriftlige besvarelser. Skriftlige spørsmål er en kort spørsmålsform, og er ikke gjenstand for debatt i Stortinget.

Avgrens utvalget

Finn spørsmål til skriftlig besvarelse etter

Bjørdal, Fredric Holen (81 - 100 av 101)
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:699 (2013-2014)

    Innlevert: 24.04.2014

    Sendt: 25.04.2014

    Besvart: 02.05.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    Eg viser til oppslag i Dagsavisen 24.april, om at Nav skal byrje å setje karakterar på mellomleiarane sine. Er dette noko statsråden sjølv har oppmoda Nav til å gjere, meiner han det er eit godt verkemiddel, og meiner han det er eit døme på godt leiarskap å innføre slik karaktersetjing utan å drøfte det med dei tillitsvalde?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:667 (2013-2014)

    Innlevert: 10.04.2014

    Sendt: 10.04.2014

    Besvart: 23.04.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    Etter at regjeringa trakk tilbake Stortingsmelding 46, er det uklart kva som er regjeringa sin politikk på attføringsområdet. NHO Attføringsbedriftene med fleire meiner at denne sektoren ikkje eignar seg for kommersialisering. Regjeringa sitt syn på dette har ikkje kome tydeleg fram enno. Har statsråden planar om å fremje forslag om å kommersialisere heile eller delar av tiltaksporteføljen for menneske med nedsett arbeidsevne, og viss han har det, kjem han til å involvere Stortinget, t.d. gjennom ei stortingsmelding?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:660 (2013-2014)

    Innlevert: 09.04.2014

    Sendt: 10.04.2014

    Besvart: 25.04.2014 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

    I Sundvolden-erklæringa seier regjeringa at "der det er hensiktsmessig vil regjeringen bidra til færre, større og mer konkurransedyktige lufthavner." I den samanheng har Samferdselsdepartementet bede Avinor om å kome med forslag til ein reduksjon i talet på flyplassar her i landet. Kor mange småflyplassar meiner statsråden ein skal ha i Noreg, og meiner han vi har for mange flyplassar i Møre og Romsdal?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til justis- og beredskapsministeren

    Dokument nr. 15:576 (2013-2014)

    Innlevert: 24.03.2014

    Sendt: 24.03.2014

    Besvart: 26.03.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

    Mener statsråden det er viktig at Norge, i Dublinsaker hvor det er barn involvert, gjør undersøkelser og kontakt med mottakerlandet slik at de uttransporterte barna sikres nødvendig hjelp ved ankomst?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:556 (2013-2014)

    Innlevert: 19.03.2014

    Sendt: 20.03.2014

    Besvart: 26.03.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    Til Klassekampen 18/3 uttalar statsråden at han er uroa for unge som fell ut av arbeidslivet. På spørsmål om kva konkrete tiltak statsråden ser føre seg for å møte denne utfordringa, trekk han fram eitt tiltak: bransjeskulane i næringslivet. Statsråden seier at han vil sjå på om desse kan nyttast til å gje naudsynt kompetanse i framtida og finne betre løysingar. Meiner statsråden at private yrkesfagskular er betre eigna enn offentlege til å få unge ut i arbeidslivet, og vil han fremje fleire tiltak enn dette eine?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:550 (2013-2014)

    Innlevert: 19.03.2014

    Sendt: 19.03.2014

    Besvart: 28.03.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    Arbeids- og sosialdepartementet la på nyåret ut eit prosjekt på anbod, der oppdraget var å vurdere føremoner og ulemper ved å endra dei pensjonsrelaterte aldersgrensene. Er dette første steg i regjeringa sitt arbeid med å innføre høgare aldersgrense for AFP- og folketrygdpensjon, og kvifor er ikkje partane i arbeidslivet informerte om at dette utgreiingsprosjektet er sett i gang?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:535 (2013-2014)

    Innlevert: 13.03.2014

    Sendt: 14.03.2014

    Besvart: 20.03.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    Eg viser til Prop. 1 S (2013-2014), kap. 601, der arbeidsdepartementet si deltaking i PROGRESS-programmet og EURES er omtalt. Desse programma er no erstatta av det nye EaSI-programmet, og i proposisjonen kan ein lese at ei eventuell deltaking i dette programmet er til vurdering i departementet. Vil statsråden syte for at Noreg held fram med å bidra i dette viktige internasjonale arbeids- og sosialpolitiske samarbeidet gjennom å løyve dei naudsynte midlane?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til olje- og energiministeren

    Dokument nr. 15:464 (2013-2014)

    Innlevert: 27.02.2014

    Sendt: 27.02.2014

    Besvart: 04.03.2014 av olje- og energiminister Tord Lien

    Eg viser til brev frå Sunndal kommunestyre og Fylkesmannen i Møre og Romsdal, til OED. Dei er uroa over forsyningstryggleik og beredskap viss Statnett gjennomfører ei omorganisering av sine driftssentralar som inneber at stasjonen på Sunndalsøra blir lagt ned. Vil statsråden syte for at det blir foretatt ei risiko-, sårbarheit- og konsekvensanalyse og at ei eventuell omorganisering ikkje skjer dersom forsyningstryggleiken og beredskapen blir svekka?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:215 (2013-2014)

    Innlevert: 17.12.2013

    Sendt: 17.12.2013

    Besvart: 19.12.2013 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    Eg viser til EU-kommisjonen sitt framlegg om å styrkje handhevinga av utsendingsdirektivet. Kva vil regjeringa gjere for å vidareføre den raud-grøne regjeringa sitt arbeid overfor EU slik at det framleis vil vere nasjonalt handlingsrom for tiltak og verkemiddel mot sosial dumping i Noreg?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til kunnskapsministeren

    Dokument nr. 15:170 (2013-2014)

    Innlevert: 04.12.2013

    Sendt: 05.12.2013

    Besvart: 13.12.2013 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

    I siste PISA-undersøking gjer Finland det dårlegare enn før. Til NTB seier ein finsk forskar at noko av dette kan skuldast at færre av dei elevane som deltok i undersøkinga gjekk i barnehage, noko som kan ha svekka innlærings-evna. Regjeringa har fremja forslag for 2014 som vil gjere at færre barn vil gå i barnehage. Er statsråden uroa over at dette på sikt kan vere negativt for barn si utvikling og læring, eller er han samd med nestleiaren i Frp Per Sandberg, som meiner det er skadeleg for barn å gå i heildagsbarnehage?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til helse- og omsorgsministeren

    Dokument nr. 15:159 (2013-2014)

    Innlevert: 03.12.2013

    Sendt: 04.12.2013

    Besvart: 12.12.2013 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

    Eg viser til oppslag i Sunnmørsposten 28. november der statsråden uttalar at helseføretaka ikkje kan nytte økonomiske argument for å kutte i akutt- og fødetilbod ved sjukehusa. Ein rapport frå Oslo Economics viser at Helse Møre og Romsdal HF er underfinansiert, og helseføretaket må kutte 160 millionar i neste års budsjett for å kome i balanse. Vil statsråden oppretthalde noverande akutt- og fødetilbod i Møre og Romsdal, og er han villig til å revurdere den omstridde finansieringsmodellen i Helse Midt-Noreg RHF?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:142 (2013-2014)

    Innlevert: 28.11.2013

    Sendt: 29.11.2013

    Besvart: 03.12.2013 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    Eg viser til oppslag med statsråd Eriksson i Dagens Næringsliv 27. november om moglegheita for å avgrense trygdeeksport. Han nemner til dømes dagpengar, barnetrygd og kontantstøtte. Kva for kriterier og prinsipp legg statsråden til grunn for kva slags offentlege stønadar og trygdeytingar som skal kostnadsjusterast ved eksport, og når forventar han at den omtala utgreiinga frå departementet vert ferdigstilt?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:122 (2013-2014)

    Innlevert: 25.11.2013

    Sendt: 25.11.2013

    Besvart: 28.11.2013 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    Arbeidsministeren seier til NTB 22.november at han gjev IA-avtalen strykkarakter. Kva er det statsråden konkret meiner er feil med avtalen; er det mål- og delmål, eller er det verkemidla?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:114 (2013-2014)

    Innlevert: 21.11.2013

    Sendt: 22.11.2013

    Besvart: 28.11.2013 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    Regjeringa går no inn for dyrare barnehagar, ikkje to barnehageopptak, ei vidareføring og styrking av kontantstøtta, og opprettheld delvis skatteklasse 2. Er desse politiske grepa i tråd med regjeringa sitt mål om at det skal løne seg å jobbe og om å styrkje overgangen frå stønad til arbeid, og meiner statsråden at desse endringane styrkjer arbeidslina?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:85 (2013-2014)

    Innlevert: 14.11.2013

    Sendt: 14.11.2013

    Besvart: 26.11.2013 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    Regjeringa seier i regjeringserklæringa at ho vil «innføre krav om aktivitetsplikt for sosialhjelpsmottakarar». Ei slik moglegheit for å stille krav fins allereie, heimla i lov om sosiale tenester i Nav. Kva for lov- og regelverksendringar og andre endringar er det statsråden ser føre seg må til for å utnytte ei moglegheit som allereie fins?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:78 (2013-2014)

    Innlevert: 12.11.2013

    Sendt: 13.11.2013

    Besvart: 21.11.2013 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    Kvifor trekte regjeringa stortingsmelding 46 (2012-2013) "Flere i arbeid", og når kan Stortinget forvente å få handsame ei melding om dette temaet?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:59 (2013-2014)

    Innlevert: 06.11.2013

    Sendt: 06.11.2013

    Besvart: 13.11.2013 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    Regjeringa vil no innføre normerte sjukmeldingar. Ein slik fast mal for lengda på sjukmeldingsperiodar vil slå forskjellig ut for ulike typar arbeidstakarar. Til dømes vil ein statsråd truleg lettare kunne kome tilbake i arbeid etter eit beinbrot enn ein tømmerhoggar. Korleis vil statsråden forsikre seg om at normering ikkje vil føre til at eit byråkratisk og rigid regelverk overprøvar medisinske vurderingar, og korleis skal han hindre at dette ikkje slår urettferdig ut for ulike typar arbeidstakarar?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:58 (2013-2014)

    Innlevert: 06.11.2013

    Sendt: 06.11.2013

    Besvart: 13.11.2013 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    I regjeringserklæringa står det at ein «vil stille krav om at ingen skal kunne sykemeldes i mer enn 6 måneder av sin egen fastlege». Dette kan skape utryggleik for alle som vert råka av langvarig sjukdom, til dømes kreftpasientar, og forvirring om kven dei skal vende seg til når denne seksmånadarsperioden er over. Kan statsråden svare på korleis dette systemet skal organiserast og kven den einskilde pasient skal vende seg til, når det ikkje lenger er fastlegen?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:42 (2013-2014)

    Innlevert: 31.10.2013

    Sendt: 01.11.2013

    Besvart: 07.11.2013 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    I regjeringserklæringa står det at "Regjeringen vil myke opp arbeidsmiljøloven, blant annet når det gjelder gjennomsnittsberegning av arbeidstid, alternative turnusordninger og uttak av overtid." Kva for lovparagrafar er det regjeringa vil "mjuke opp", og korleis skal dette gjerast?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:36 (2013-2014)

    Innlevert: 30.10.2013

    Sendt: 30.10.2013

    Besvart: 06.11.2013 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    NRK opplyste den 29.oktober at statsråden ikkje hadde høve til å kommentere påstanden om sosial dumping i Norwegian. Er dette eit uttrykk for at statsråden ikkje synest arbeidet mot sosial dumping er viktig, eller kjem han til å følgje regjeringserklæringa der det svart på kvitt står at arbeidet mot sosial dumping skal halde fram?