Skriftlige spørsmål og svar

Liste over skriftlige besvarelser. Skriftlige spørsmål er en kort spørsmålsform, og er ikke gjenstand for debatt i Stortinget.

Avgrens utvalget

Finn spørsmål til skriftlig besvarelse etter

Bjørdal, Fredric Holen (61 - 80 av 101)
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:1173 (2014-2015)

    Innlevert: 18.06.2015

    Sendt: 19.06.2015

    Besvart: 25.06.2015 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    Vi ser fleire dømer på at regjeringa let vere å ta dei funksjonshemma sine organisasjonar med på råd i saker som angår dei. Til dømes då regjeringa sette ned utvalet som skulle diskutere dei utviklingshemma sine levekår, eller i arbeidet med ny handlingsplan for universell utforming. Vil statsråden demonstrere at han tek FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne på alvor gjennom å love plass til organisasjonane i det komande utvalet som skal gå gjennom hjelpemiddelområdet?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:1164 (2014-2015)

    Innlevert: 18.06.2015

    Sendt: 18.06.2015

    Rette vedkommende: Næringsministeren

    Besvart: 29.06.2015 av næringsminister Monica Mæland

    Har regjeringa innført heimelen for å avgrense talet på kontraktsledd slik regjeringa har lova, og kvifor meiner regjeringa at en slik heimel skal avgrensast til berre utvalde bransjar?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:1000 (2014-2015)

    Innlevert: 19.05.2015

    Sendt: 20.05.2015

    Besvart: 26.05.2015 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    Eg viser til at ein samla arbeids- og sosialkomité i innstillinga til statsbudsjettet for 2015 stilte seg bak følgjande merknad: «Komiteen viser også til at det hittil i 2014 er gjennomført noe færre tiltaksplasser enn det var åpnet for. Komiteen forutsetter at regjeringen følger nøye med på gjennomføringen av arbeidsmarkedstiltakene slik at Stortingets mål for 2015 blir nådd.» På kva måte har statsråden følgt opp denne merknaden, og korleis jobbar regjeringa for å få bort underforbruket av tiltaksplassar i Nav?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:962 (2014-2015)

    Innlevert: 08.05.2015

    Sendt: 11.05.2015

    Besvart: 15.05.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

    Flyruta mellom Ørsta/Volda og Oslo skal no gå frå å vere tilbodsrute til å bli kommersiell rute. Kan statsråden avkrefte at resultatet av endringa vil bli at prisane vil gå opp og rutetilbodet vil gå ned, og i kva grad har statsråden vurdert og lagt vekt på konsekvensane for privatreisande og næringslivet på Søre-Sunnmøre?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til næringsministeren

    Dokument nr. 15:774 (2014-2015)

    Innlevert: 18.03.2015

    Sendt: 18.03.2015

    Besvart: 25.03.2015 av næringsminister Monica Mæland

    NRK omtalar 18/3 at ulovleg bruk av utanlandsk mannskap på fiskefarty er eit aukande problem. Norsk Sjømannsforbund fryktar omfattande sosial dumping. Ansvaret for å følgje opp arbeidstilhøva til det utanlandske mannskapet ligg til Sjøfartsdirektoratet, som seier til NRK at dette ikkje er ei prioritert oppgåve. Er statsråden einig med sitt direktorat i at sosial dumping på fiskefarty ikkje skal prioriterast, eller vil ho ta grep for å sikre arbeidstilhøva i fiskeflåten?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:765 (2014-2015)

    Innlevert: 17.03.2015

    Sendt: 17.03.2015

    Besvart: 25.03.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

    Eg viser til Riksvegutgreiinga for 2015, som vart lagt fram 16. mars. Denne viser at strekninga E39 Volda-Ålesund vert særleg krevjande og dyr når ho skal gjerast ferjefri. Regjeringa har avgjort at E39 her skal gå via Hareidlandet, det såkalla Hafast-alternativet. Berre strekninga Hareid-Sulesund er anslått å koste 38 milliardar kroner. Vil statsråden utgreie og vurdere andre traséalternativ, eller skal Hafast byggjast uansett pris?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:633 (2014-2015)

    Innlevert: 18.02.2015

    Sendt: 18.02.2015

    Besvart: 19.02.2015 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    Eg viser til Dokument nr. 15:142 (2013-2014) der arbeidsministeren i skriftleg svar til meg i 2013 varslar at eit arbeid for å utgreie moglegheita for avgrensing av trygdeeksport skal bli gjennomført så snart som mogleg. I Dagsrevyen 17.februar 2015 seier statsråd Horne at dette arbeidet no er i gang. At dette tek så lang tid tyder på at avgrensing av trygdeeksport er vesentleg vanskelegare enn Frp hevda i opposisjon. Kva har blitt gjort sidan 2013, og når forventar statsråden at konklusjonane vil vere klare?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:495 (2014-2015)

    Innlevert: 28.01.2015

    Sendt: 28.01.2015

    Besvart: 09.02.2015 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    Arbeidsministeren sin statssekretær Dahlberg Hauge skriv i Dagbladet 23. januar at alternativet til mellombels tilsetjing er arbeidsløyse, og at dette grunngjev behovet for å gjere fleire faste jobbar midlertidige. Hva fagleg belegg har statssekretæren for denne påstanden?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til justis- og beredskapsministeren

    Dokument nr. 15:422 (2014-2015)

    Innlevert: 22.12.2014

    Sendt: 22.12.2014

    Besvart: 07.01.2015 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

    Eg viser til utviklingsplanen for kapasiteten i kriminalomsorga, som vart lagt fram av regjeringa 19.desember. Kvifor er ikkje nytt Ålesund fengsel nemnt eller prioritert i planen?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til kunnskapsministeren

    Dokument nr. 15:225 (2014-2015)

    Innlevert: 14.11.2014

    Sendt: 14.11.2014

    Besvart: 20.11.2014 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

    Vil statsråden sjå på ordninga i Odda med tanke på å gjere ho til nasjonal ordning slik at alle ungdomsskulelevar får same språkopplæring, uansett hovudmål?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:152 (2014-2015)

    Innlevert: 31.10.2014

    Sendt: 31.10.2014

    Besvart: 11.11.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    Er statsråden samd med sin kollega Wiborg, nestleiar i arbeids- og sosialkomiteen, i at korttidsfråveret i Noreg skuldast at folk er fyllesjuke, og at det difor må innførast karensdagar?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:118 (2014-2015)

    Innlevert: 24.10.2014

    Sendt: 24.10.2014

    Besvart: 31.10.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    Har statsråden gjort seg førebelse erfaringar frå pilotprosjektet i tolketenesta, og vil han halde fram Stoltenberg-regjeringa si styrking av tolketenesta slik at særleg frilanstolkar kan få betre løns- og arbeidsvilkår?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:107 (2014-2015)

    Innlevert: 22.10.2014

    Sendt: 22.10.2014

    Besvart: 31.10.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    Ei rekkje studiar dokumenterer at alkohol har negative konsekvensar for arbeidslivet. Det er til dømes påvist samanhengar mellom rusmiddelbruk og fråvere, ulukker, yteevne og kvalitet på utført arbeid. Har statsråden rekna på kor store dei alkoholrelaterte kostnadane er for arbeidslivet, og kva er regjeringa sin politikk for å redusere alkoholrelaterte kostnadar for arbeidsgjevarane og samfunnet?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til barne-, likestillings- og inkluderingsministeren

    Dokument nr. 15:1243 (2013-2014)

    Innlevert: 19.09.2014

    Sendt: 22.09.2014

    Besvart: 25.09.2014 av barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne

    Meiner statsråden det er ein god idé å leggje ned Bufetat, slik regjeringspartnaren Høgre har programfesta i sitt stortingsvalprogram?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til barne-, likestillings- og inkluderingsministeren

    Dokument nr. 15:1208 (2013-2014)

    Innlevert: 11.09.2014

    Sendt: 12.09.2014

    Besvart: 19.09.2014 av barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne

    Eg viser til Meld. St. 45 (2012-2013)Frihet og likeverd, og Stortinget si handsaming av denne. Eit samrøystes Storting bad regjeringa setje ned eit breitt samansett utval som skal foreslå eigna og konkrete tiltak som styrkjer grunnleggjande rettar til personar med utviklingshemming sin autonomi, privatliv, familieliv og samfunnsdeltaking. Etter snart 7 månadar er utvalet framleis ikkje sett ned. Når skal utvalet setjast ned, og er ikkje dei utviklingshemma ei prioritert oppgåve i departementet?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:1132 (2013-2014)

    Innlevert: 22.08.2014

    Sendt: 22.08.2014

    Besvart: 27.08.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    Statsråden hadde på høyring, med frist 4. august, eit framlegg om forskriftsendring om meir anbod og konkurranse i arbeidsmarknadstiltak innafor avklarings- og oppfølgingsområdet. Samstundes ligg det til handsaming i Stortinget eit representantforslag (76 S) om å stoppe auka kommersialisering av arbeidsretta tiltak. Planlegger statsråden å gjennomføre forskriftsendringa utan å vite om han har fleirtal i Stortinget for å endre politikken på dette viktige området?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:1131 (2013-2014)

    Innlevert: 22.08.2014

    Sendt: 22.08.2014

    Besvart: 27.08.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    Eg viser til høyringa om "et enklere tiltakssystem tilpasset brukernes behov". Høyringsfristen gjekk ut 4.august. Det har kome inn eit overveldande fleirtal av uttalar som er kritiske til departementet sitt forslag om anbodsutsetjing av fleire arbeidsmarknadstiltak. Vil statsråden gjennomføre desse kontroversielle forslaga som ei forskriftsendring, og når planlegger han i så tilfelle å gjennomføre denne, eller vil statsråden følgje råda i høyringssvara og ta desse forslaga inn i den komande stortingsmeldinga?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:894 (2013-2014)

    Innlevert: 04.06.2014

    Sendt: 05.06.2014

    Besvart: 12.06.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    Regjeringa skal no innføre ein allereie eksisterande aktivitetsplikt for sosialhjelpsmottakarar. Dåverande opposisjonsleiar Erna Solberg uttala seg om dette temaet til Bergens Tidende 7. april 2012. Her er den noverande statsministeren sitert på at ho meiner dei sosialhjelpsmottakarane som seier nei til ein jobb, må finne seg i å leve på ein naudhjelpssats på 70 kroner dagen. Er dette også arbeidsministeren og regjeringa si haldning i dag?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til utenriksministeren

    Dokument nr. 15:892 (2013-2014)

    Innlevert: 04.06.2014

    Sendt: 04.06.2014

    Besvart: 12.06.2014 av utenriksminister Børge Brende

    Kva er regjeringa si haldning til, og ambisjonar for, dei nyleg oppstarta forhandlingane om ein ny avtale om handel med tenester (TISA)?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:706 (2013-2014)

    Innlevert: 28.04.2014

    Sendt: 28.04.2014

    Besvart: 09.05.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    Til Adresseavisen den 25. april varslar statsråden at attførings- og vekstbedriftene skal få auka konkurranse. Slik kommersialisering var dåverande komitéleiar Robert Eriksson motstandar av som opposisjonspolitikar i førre stortingsperiode. Kvifor har statsråden endra meining om dette, kva for arbeidsmarknadstiltak skal ut på anbod, og vil denne omlegginga bli lagt fram for Stortinget gjennom ei stortingsmelding?