Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Interpellasjon fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Interpellasjon nr. 19 (2021-2022)
Om mogleg oppretting av eit statleg hydrogenselskap m.a. for å sikre skikkelege arbeidsvilkår, og i kva andre bransjar statsråden meiner arbeidsvilkåra er så dårlege at staten bør opprette nye selskap med den grunngjevinga
Oversendt regjeringen: 09.11.2021
Spørsmålet er trukket tilbake

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): I intervju med Klassekampen 2. november varslar næringsministeren mogleg oppretting av eit statleg hydrogenselskap, mellom anna fordi ein slik kan "[...] sikre at det blir drive med skikkelege arbeidsvilkår". Dei fleste selskap i hydrogenbransjen i dag er eigde av statlege aktørar, kommunale/fylkeskommunale aktørar eller store private industriaktørar. Det er for meg ukjent at desse selskapa ikkje blir drivne med skikkelege arbeidsvilkår. Dersom så skulle vere tilfelle, framstår det uansett som merkeleg å løyse problemet med eit nytt statleg selskap, framfor å nytte lovverket til å sikre arbeidsvilkåra i etablerte bedrifter.
Kva dokumentasjon har næringsministeren på at dagens hydrogenselskap ikkje sikrar tilsette skikkelege arbeidsvilkår, og i kva andre bransjar meiner statsråden arbeidsvilkåra for dei tilsette er så dårlege at staten bør opprette nye statlege selskap for å sikre skikkelege arbeidsvilkår?