Interpellasjon fra Hadia Tajik (A) til arbeids- og sosialministeren

Interpellasjon nr. 16 (2017-2018)
Om initiativ for å bidra til _eit organisert arbeidsliv_, då organisasjonsgraden fall til under 50 prosent ved utgangen av 2016
Oversendt regjeringen: 05.02.2018
Besvart: 01.03.2018 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Dei siste åra har organisasjonsgraden i arbeidslivet gått ned. Ved utgangen av 2016 fallt for fyrste gong organisasjonsgraden til under 50 prosent. Dette er alvorleg av fleire grunnar: Me veit at det er ein samanheng mellom eit organisert arbeidsliv, høg verdiskaping og arbeidet mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. I tillegg veit me at eit organisert arbeidsliv har mykje å seie for å redusere arbeidsløyse og forskjellar mellom folk, og gjennom koordinerte lønnsoppgjer. Høg grad av organisering gjer òg at kvar enkelt arbeidstakar står sterkare: Ein rapport frå Institutt for samfunnsforskning viser at dersom minst halvparten av dei tilsette på ein arbeidsplass er organisert, så aukar det lønna med 14-15 prosent.
Kva initiativ vil regjeringa ta for å bidra til eit organisert arbeidsliv?

Les hele debatten