Interpellasjon fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Interpellasjon nr. 36 (2024-2025)
Romnæringa (Space) er ei næring som stadig blir strategisk viktigare, og som er i sterk vekst globalt. Noreg har ein unik posisjon innanfor romnæringa både på grunn av bedriftene, kompetansemiljøa og dei heilskaplege verdikjedene (våre) og på grunn av den geografiske plasseringa. Samtidig er den norske romnæringa avhengig av at vi kan delta i EU sine romprogram, og av eit nært samarbeid med EU på alle nivå, ikkje minst når det gjeld tilgang til forskingsinfrastruktur, data og prosjekt/program. Korleis vil statsråden sikre at Noreg fullt ut kan ta del i EU sine romprogram og andre felles europeiske romsatsingar, og sørge for å få på plass langsiktige og føreseielege nasjonale strategiar og program på tvers av departement og sektorar for å utvikle Noreg som romnasjon, ikkje minst sett i lys av den nye sikkerhetspolitiske situasjonen?
Oversendt regjeringen: 04.03.2025
Planlagt behandlet: 17.03.2025

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Romnæringa (Space) er ei næring som stadig blir strategisk viktigare, og som er i sterk vekst globalt. Noreg har ein unik posisjon innanfor romnæringa både på grunn av bedriftene, kompetansemiljøa og dei heilskaplege verdikjedene (våre) og på grunn av den geografiske plasseringa. Samtidig er den norske romnæringa avhengig av at vi kan delta i EU sine romprogram, og av eit nært samarbeid med EU på alle nivå, ikkje minst når det gjeld tilgang til forskingsinfrastruktur, data og prosjekt/program.
Korleis vil statsråden sikre at Noreg fullt ut kan ta del i EU sine romprogram og andre felles europeiske romsatsingar, og sørge for å få på plass langsiktige og føreseielege nasjonale strategiar og program på tvers av departement og sektorar for å utvikle Noreg som romnasjon, ikkje minst sett i lys av den nye sikkerhetspolitiske situasjonen?