Interpellasjon nr. 64 (2021-2022)
Bølgjekraft kan bli ein viktig del av framtidas grøne energimiks. Det skjer for tida ei rask teknologiutvikling innanfor bølgjekraft – mellom anna mogleg integrering med flytande offshore vind. European Energy Forum anslår at bølgjekraft kan levere 10 prosent av Europas elektriske kraftproduksjon innan 2050. I Noreg er SINTEF ein sentral aktør i teknologiutviklinga, og det skal testast ut elektrifisering av havbruksanlegg med bølgjekraft i Vestland.
Kva vil regjeringa gjere for at Noreg skal bli ein leiande nasjon i utviklinga av bølgjekraftteknologi?
Oversendt regjeringen: 08.07.2022
Planlagt behandlet: 20.10.2022