Interpellasjoner

Liste over interpellasjoner fremført av representantene og besvart av statsrådene.

Avgrens utvalget

Finn interpellasjon etter

Lunde, Kjellbjørg (1 - 3 av 3)
  • Interpellasjon fra Kjellbjørg Lunde (SV) til miljøvernministeren

    Interpellasjon nr. 2 (1994-95)

    Datert: 22.02.1994

    Besvart: 18.05.1995 av miljøvernminister Thorbjørn Berntsen

    "Vinteren 1992/93 gjekk det uvanleg mange snøskred i Noreg. Også 1993/94 teiknar til å bli ein vinter med mange skred. I dei seinare åra har løyvingane til forsking om skredproblem og til sikring av skredutsette område blitt sterkt reduserte. Difor var det gledeleg at løyvingane til Norges Geotekniske Institutt sitt arbeid med forsking og rådgiving blei auka i 1994. Løyvingane til forebyggande arbeid og til sikring mot skred i utsette område er likevel framleis for små. At ansvaret for sikring mot skred no er overført til kommunane, er ei ny utfordring i dette arbeidet. Korleis vil statsråden syte for at arbeidet med forebygging og sikring av skredutsette område blir styrka?"
  • Interpellasjon fra Kjellbjørg Lunde (SV) til nærings- og energiministeren

    Interpellasjon nr. 28 (1992-93)

    Datert: 26.02.1993

    Bortfaller grunnet spørrers forfall/spørrer ikke til stede

    "I januar 1993 gjekk det uvanleg mange og store snøskred i Noreg. Berre i ein tre-vekers periode vart det registrert nærare 100 skred med dels store materielle skader og også med tap av menneskeliv. I dei seinare åra har løyvingane til forsking om skredproblem og til sikring av skredutsette område blitt sterkt reduserte. Løyvingane til Norges Geotekniske Institutt er reduserte til om lag ein tidel dei siste tjue åra, samstundes som Statens Naturskadefond får lite midlar til rådvelde til forebyggjing og sikring mot skred i utsette område. Vil statsråden syte for eit så høgt nivå på snøskredforskinga at ein kan gje naudsynt rådgiving til kommunar og andre, og slik at utsette område kan sikrast?" (Bortfalt)
  • Interpellasjon fra Kjellbjørg Lunde (SV) til finansministeren

    Interpellasjon nr. 8 (1991-92)

    Datert: 19.02.1991

    Besvart: 05.05.1992 av finansminister Sigbjørn Johnsen

    "I løpet av 80-åra har einskilde grupper i det norske samfunnet blitt ståande utanfor velstandsutviklinga. Dette gjeld til dømes åleineforeldre, arbeidslause og funksjonshemma. I fleire land, mellom anna England og USA har vi sett ei utvikling mot eit samfunn der fleirtalet materielt sett har det relativt bra, medan eit stort mindretal lever på eit eksistensminimum. Den økonomiske politikken for omstilling og marknadstilpassing har ført til høg arbeidsløyse og stort press for innstramminger i velferdsordningane. Kva vil Regjeringa gjere for å hindre ei utvikling der eit stort mindretal får vesentleg dårlegare levekår enn fleirtalet har?"