Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Gå til voteringsoversikten

Det ble votert over:

Mindretallsforslag:

  • Forslag nr. 2 fra Senterpartiet

    Stortinget ber regjeringa gjennomføre ei konsekvensutreiing av forslag til lov om skifte av juridisk kjønn, før Stortinget tar endeleg stilling til lovforslaget. Stortinget ber regjeringa legge til grunn i dette arbeidet at endring av juridisk kjønn vert basert på ein erklæringsmodell, der kravet om sterilisering og medisinske vilkår/diagnosar vert oppheva. Stortinget ber regjeringa vidare legge til grunn i arbeidet med konksekvensutreiing ekspertutvalet si anbefaling om at myndigheitsalder skal vere ein hovudregel, at personer mellom 16 og 18 år skal kunne få endra juridisk kjønn dersom ingen av foreldra motset seg det, eventuelt at Fylkesmannen avgjer at frå 12–16 år kan foreldra krevje endring dersom barnet ynskjer det, og frå 0–12 år etter foreldra sitt krav og ut ifrå sakkyndig vurdering. Stortinget ber om at det også vert lagt til grunn ei innføring av ein refleksjonsperiode på 3–4 månader, og at reendring av juridisk kjønn berre skal kunne gjerast dersom særlege grunnar tilseier det.

Gå til voteringsoversikten
: