Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden
Gå til voteringsoversikten

Det ble votert over:

Innstilling:

  • Komiteens tilråding

    om endringar i lov om trudomssamfunn og ymist anna og i lov om tilskott til livssynssamfunn (om statstilskott til Den norske kyrkja til pensjonspremie og eigenkapital)

    I

    I lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna skal § 19 første leddet tredje og nytt fjerde punktum lyde:

    Løyvingar som kjem som ei følgje av at tenestebustad- og bupliktordninga for prestane har falle bort, skal ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget. Løyvingar til eigenkapital ved skipinga av rettssubjektet Den norske kyrkja og til den delen av kyrkja sin pensjonspremie som er knytt til pensjonsrettar som dei tilsette i Den norske kyrkja har opptent som tenestemenn i staten, skal heller ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget.

    II

    I lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskott til livssynssamfunn skal § 2 andre leddet lyde:

    Løyvingar som kjem som ei følgje av at tenestebustad- og bupliktordninga for prestane har falle bort, skal ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget. Løyvingar til eigenkapital ved skipinga av rettssubjektet Den norske kyrkja og til den delen av kyrkja sin pensjonspremie som er knytt til pensjonsrettar som dei tilsette i Den norske kyrkja har opptent som tenestemenn i staten, skal heller ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget.

    III

    Lova gjeld frå 1. januar 2017.

Gå til voteringsoversikten
: