Utdanning for kvalitet
Rekruttering til jordmorutdanninga er god. Utfordringa
ligg ikkje i mangel på søkjarar til jordmorstudiet, men i for liten
utdanningskapasitet, for få studiestader og manglande fleksibilitet
i studietilboda. Utfordringa ligg også i at bemanninga i tenestene
enkelte stader kan vere for låg, noko som gjer at jordmødrer opplever
det mindre attraktivt å jobbe, særleg på dei store fødeavdelingane.
I tillegg er det i einskilde delar av landet også for få jordmødrer,
truleg som resultat av lite fleksible utdanningsmodellar. Problemet
er derfor først og fremst manglande rekruttering og at jordmødrer
sluttar å jobbe i helsetenesta, og ikkje mangel på søkjarar til
jordmorstudiet.
For å sikre kvalitet og likeverdige tenester
over heile landet er det derfor heilt nødvendig med målretta tiltak som
styrker både rekruttering til sjukehusa, utdanningskapasitet og
gode arbeidsvilkår for jordmødrer. Det er behov for å styrke grunnbemanning,
ha heiltid som norm og sikre betre leiing, sterkare støttefunksjonar
og ein meir effektiv autorisasjonsprosess for jordmødrer utdanna
utanfor EU/EØS.
I tillegg må det kome på plass auka bruk av
barnepleiarar og støttepersonell som kan gjere oppgåver ein ikkje
absolutt treng ha jordmordkompetanse til å utføre, som til dømes
reingjering av fødestover, matservering og ammerettleiing.