Representantforslag om meir frileik og aktivitet i skulen

Dette dokument

  • Representantforslag 100 S (2025–2026)
  • Fra: Erling Sande, Maren Grøthe og Kjersti Toppe
  • Sidetall: 2
Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Evalueringa av seksårsreforma, som blei lagd fram før sommaren 2024, viser at intensjonane bak reforma ikkje har blitt tekne vare på. Det har blitt for mykje stillesitjing og tradisjonell undervising, på kostnad av frileiken. Borna får i mindre grad utforme leiken på eigne premissar og utvikle kreativitet. Klasseromma har blitt mindre, og det er færre område tilrettelagde for leik, noko som avgrensar moglegheitene for meir frileik og fysisk aktivitet.

Samtidig blir det slått alarm om konsekvensane av for mykje stillesitjing og for lite fysisk aktivitet i skulen. I tillegg viser resultata frå Noregs største rekruttskule på Madla at den fysiske forma til rekruttane i Forsvaret har blitt tydeleg dårlegare. Tala viser at den fysiske forma til norske ungdommar har blitt markant dårlegare dei siste seks åra. I 2020 klarte 96 prosent av dei mannlege rekruttane å springe 3 000 meter på 15 minutt eller raskare. I dag er talet nede på 82 prosent. For kvinner har det falle frå 62 prosent til 38 prosent. Om lag éin av fire rekruttar er eigentleg ikkje fysisk kvalifisert til å ta imot treninga som ventar. Dette handlar ikkje berre om folkehelse, men òg om totalberedskap og forsvarsevne. Forsvarstoppar peikar på at menneskekroppen kan bli det svakaste leddet i militær krigføring. Samfunnet må ta grep tidleg – i skulen – for å snu denne utviklinga.

Dette representantforslaget løftar difor fram tiltak som byggjer opp under intensjonen med seksårsreforma og sikrar meir fysisk aktivitet i skulen. Forslaget om førskulepedagogikk inneber eit første skuleår med meir frileik og aktivitet, og forslagsstillarane meiner det trengst ei nasjonal rettesnor gjennom eit prøveprosjekt.

Parallelt bør det raskt innførast timeplanfesta frileik på 1. trinn, som formaliserer frileiken sin plass, og ein må gje lærarane mandat og handlingsrom til å satse på leik. Bemanninga må styrkjast, og omfanget av skuletimar må vurderast med mål om kortare skuledagar.

I tillegg må målet frå 2017 om dagleg fysisk aktivitet i skulen følgjast opp. Dette kan skje gjennom fysiske læringsopplegg i teoretiske fag og bruk av handlingsrommet innanfor dagens timetal.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremja følgjande

forslag:
  1. Stortinget ber regjeringa leggje fram forslag som sikrar seksåringane eit tilbod basert på førskulepedagogikk og eit skuleår med aktivitet og leik på born sine premissar.

  2. Stortinget ber regjeringa setje i gang eit prøveprosjekt der tradisjonell klasseromsundervising skal unngåast i 1. klasse.

  3. Stortinget ber regjeringa innføre timeplanfesta frileik på 1. trinn.

  4. Stortinget ber regjeringa avvikle kartleggingsprøvane på 1. trinn.

  5. Stortinget ber regjeringa gå gjennom timetalet på 1.–4. trinn med mål om færre obligatoriske fag, kortare skuledagar og meir vekt på praktisk og aktiv læring, og kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

  6. Stortinget ber regjeringa sikre at alle grunnskuleelevar får fysisk aktivitet minst éin skuletime kvar dag innanfor dagens timetal.

29. januar 2026

Erling Sande

Maren Grøthe

Kjersti Toppe