Deling av dagens arbeids- og velferdsetat (Nav)
Dagens modell med éin felles etat har vist seg
å ha store problem med intern kompleksitet, omstillingsevne og fleksibilitet,
og leiarutfordringar knytt til å samle eit så stort spekter av ulike
oppgåver i ein etat, nettopp slik Rattsø-utvalet åtvara mot i si
tid.
Dei arbeids- og helserelaterte ytingane som
Nav forvaltar, har alle eit skjønsbasert lov- og regelverk. Samstundes
er det stor overlapp mellom ytingane for same person. Dette krev
god dialog og tillit mellom dagens rettleiarar ved Nav-kontora og
personar som treng tryggleiksnettet til velferdssamfunnet. Når Nav
ikkje gjer ei god, individuell kartlegging av situasjonen og behova
til den einskilde, vil risikoen for varig utanforskap bli større.
Det ser ein av auken av talet på personar som mottek arbeidsavklaringspengar
(AAP) og uføretrygd. Dette viser at Nav har hatt vedvarande problem
nettopp knytt til forvaltninga av arbeids- og helserelaterte ytingar.
Forslagsstillarane meiner difor at Nav må kraftsamle arbeidet sitt
på dette området ved å samle arbeids- og helserelaterte ytingar
i ein eigen etat.
Blindsonerapporten (NOU 2020:9 Blindsonen – Gransking
av feilpraktiseringen av folketrygdlovens oppholdskrav ved reiser
i EØS-området) peika på at mangel på kompetanse, kapasitet, kommunikasjon
og kritisk tenking synest å ha prega det praktiske gjennomføringsarbeidet.
Også NOU 2023:11 Raskt og riktig – En helhetlig gjennomgang av klage-
og ankesystemet i Arbeids- og velferdsetaten og Trygderetten har
peika på dei same veikskapane. Riksrevisjonens siste rapport; Dokument
3:5 (2025−2026) kom med ein nådelaus kritikk om at Nav har mislukkast
med å få ned fråfallet frå arbeidslivet.
Riksrevisjonen konkluderer slik:
-
Målet om å
redusere frafallet fra arbeidslivet er ikke nådd.
-
Andelen som mottok helserelaterte ytelser,
har økt siden 2019.
-
Det kan stilles spørsmål ved om Arbeids-
og velferdsetaten i tilstrekkelig grad kontrollerer folketrygdlovens
vilkår for rett til sykepenger.
-
Sykmeldte får for lite oppfølging fra Arbeids-
og velferdsetaten.
-
Behandlingen av AAP-søknader varierer mellom Nav-kontor
og har blitt mindre streng siden 2018.
-
Mange AAP-mottakere deltar ikke i arbeidsmarkedstiltak.
-
Arbeids- og velferdsetaten har ikke alltid
god nok informasjon om arbeidsevnen til søkere av uføretrygd.
-
Rammene for jobben som fastlege gjør det
krevende å ivareta portvokterrollen for folketrygden.»
Ungdomsgarantien har medført at rettleiarar
som skal følgje opp personar over 30 år, har fått ansvar for altfor
mange personar til at det kan bli gitt god oppfølging. Det blir
difor feil når Nav, som følgje av ressursmangel, må setje brukargrupper
opp mot kvarandre. Dette fører til at personar over 30 år ikkje
får ivareteke rettane sine godt nok.
Nav må bli betre til å identifisere dei sjukmelde
som risikerer å miste arbeidsforholdet og falle utanfor arbeidslivet.
Ved å samle ytingane og tenestene som er knytt til arbeid og helse,
vil organiseringa bli meir effektiv, fagleg, fleksibel og kunnskapsbasert.
Skilnader i søknader om AAP som blir innvilga
og avslått, kan tilskrivast mange faktorar. Nokre kontor og forvaltningseiningar
kan praktisere regelverket for strengt eller liberalt. Dagens oppdeling
av sakshandsaming og oppfølging, inneber at NAY (Nav Arbeid og ytelser)
baserer seg på skriftleg informasjon i saka og slik sett vil det
i seg sjølv innebere risiko for feil tolking eller feil vekting
av faktum.
Å halde fram med dagens organisering av Nav
med éin stor felles arbeids- og velferdsetat vil gå ut over dei som
tenesta er til for, nemleg brukarane av Nav. Etter forslagsstillarane
si mening viser dette at Stortinget må vedta systemendringar som
gir raske forbetringar i Nav sin organisasjon, kultur og leiing.
Éin arbeids- og aktivitetsetat vil lettare sikre samhandling mellom
rettleiar og sakshandsamar for å korrigere praksis og gi større fleksibilitet
i organisasjonen. Slik vil brukarane bli sikra betre hjelp.
Forslagsstillarane meiner difor at dagens Nav
snarast må delast opp i éin arbeids- og aktivitetsetat og éin pensjons-
og trygdeetat. Arbeids- og aktivitetsetaten får ansvaret for mellombelse
ytingar som dagpengar, tiltakspengar, sjukepengar, arbeidsavklaringspengar
og overgang til uføretrygd. Pensjons- og trygdeetaten får ansvar
for utbetaling av langvarige ytingar, som barnebidrag, alders- og
krigspensjon, barnetrygd og overgangsstønad.
Grunnstønads- og hjelpemiddelområdet og gravferdsstønad
med fleire, kan vurderast flytta til Helfo.
Forslagsstillarane meiner ei slik endra organisering kombinert
med å investere auka bemanning på dei lokale Nav-kontora, er samfunnet
si beste investering for å gi folk over 19 år som lever i utanforskap
eller opplever ufrivillig fråfall frå eit inntektsbringande arbeidsliv,
betre livskvalitet. Slik investering vil auke arbeidsstyrken og
skatteinntektene og redusere staten sine utgifter til helserelaterte
utgifter frå Nav.