Bakgrunn
Valdsbruken i verda er aukande. 59 stader i verda opplevde væpna
konflikt i 2023, nær ei dobling av talet på konfliktar samanlikna
med starten av 2000-talet. Krigane påfører sivile enorme lidingar,
øydeleggingane av bustader og sivil infrastruktur er massive, og
historisk mange har lagt på flukt. Nokre av dei pågåande krigane
dominerer nyheitsbiletet, det offentlege ordskiftet, pengebruk og
politiske prioriteringar både i Noreg og andre land som ikkje sjølv
er direkte ramma. Andre store krigar, som dei i Sudan, Jemen og Kongo,
taper kampen om merksemda.
Frå ei tid med internasjonal nedrusting, ser me no aukande opprusting
og tillitskrise mellom land i FN. Russland har gjort atomvåpentrusselen
meir reell, og framveksten i bruk av kunstig intelligens og autonome
våpen flyttar dei moralske grensene i krig. Dei internasjonale reglane
for å hindra krig og krigsbrotsverk er under sterkt press, ettersom
stormakter tar seg til rette i staden for å respektera folkeretten.
Den nye sikkerheitspolitiske situasjonen har ført til at eit samla
storting ser behov for å styrka den nasjonale forsvarsevna. Men
førebygging og handtering av krig krev innsats på langt fleire felt.
Satsinga på militært forsvar har overskygga det nitide, men heilt
sentrale internasjonale fredsarbeidet. Slik treng det ikkje vera,
og slik kan det ikkje vera dersom målet er å hindra meir krig og
væpna konflikt og unngå at dei spreier seg til Noreg.
Noreg har ei lang historie for å drive freds- og forsoningsarbeid
internasjonalt. No er det på tide å igjen styrka dette arbeidet
og utvida Noregs innsats for fred. Fredsarbeid er tidkrevjande og
blir ikkje alltid vellykka, men når ein lukkast, er gevinsten stor.
Forslaga i dette representantforslaget handlar om internasjonal
nedrusting, fredsbygging, diplomati og forsvar av folkeretten. Dei
spenner frå arbeid mellom statar i og utanfor FN til arbeid på bakken
i konkrete konfliktar, via sivilsamfunn, forsking og folk til folk-samarbeid.
Det er i samspelet mellom ulike former for arbeid ein kan legga
til rette for ei fredelegare verd og hindra at krigar oppstår på
nytt.