Representantforslag om å suspendere norsk bistand til Rwanda som følgje av deira rolle i konflikten i Den demokratiske republikken Kongo

Dette dokument

  • Representantforslag 146 S (2024–2025)
  • Fra: Guri Melby, Sveinung Rotevatn, Grunde Almeland og Ola Elvestuen
  • Sidetall: 1
Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Situasjonen i Den demokratiske republikken Kongo (DRC) er svært alvorleg og prega av intens konflikt, spesielt i dei austlege delane av landet. 27. januar 2025 tok opprørsgruppa M23 kontroll over Goma, den største byen i den austlege delen av DRC. Deretter, i februar, tok M23 kontroll over byen Bukavu. Dei humanitære konsekvensane for lokalbefolkninga er allereie enorme: over 400 000 menneske vart tvinga til å flykte i januar åleine; Verdas helseorganisasjon (WHO) har åtvara om at risikoen for smittsame sjukdomar har auka betydeleg på grunn av konflikten, og matvareprisane i Goma har skote i vêret slik at mange innbyggjarar no slit med å få tak i nødvendige varer. Vidare er det ein risiko for at dette skal eskalere til ein større, regional væpna konflikt.

Tryggingsrådet i FN si ekspertgruppe på DRC har i rapporten «Final report of the Group of Experts on the Democratic Republic of the Congo» frå 4. juni 2024 slått fast at Rwandas militære (Rwanda Defence Force (RDF)) de facto kontrollerer og styrer M23s militære operasjonar, og dermed at Rwanda er ansvarleg for M23s overgrep og ulovlege handlingar. M23 har stått for alvorlege menneskerettsbrot, inkludert drap, valdtekt og tvangsrekruttering. Trass i internasjonalt press har Rwanda halde fram med si militære støtte til M23.

Noreg har i mange år gitt bistand til Rwanda for å støtte landet sin utvikling og nedkjemping av fattigdom, men no er det nødvendig å revurdere denne bistanden i lys av Rwandas rolle i konflikten i DRC.

Forslag

På denne bakgrunnen vert det fremja følgjande

forslag:
  • 1. Stortinget ber regjeringa umiddelbart suspendere all norsk bistand til Rwanda inntil landet avsluttar si støtte til opprørsgruppa M23 og trekkjer sine militære styrkar ut av Den demokratiske republikken Kongo (DRC).

  • 2. Stortinget ber regjeringa arbeide aktivt i internasjonale forum og med fredsarbeid for å fremje ei fredeleg løysing på konflikten i Den demokratiske republikken Kongo (DRC) og for å sikre at alle partar respekterer menneskerettane.

26. mars 2025

Guri Melby

Sveinung Rotevatn

Grunde Almeland

Ola Elvestuen