Bakgrunn
Oljefondet har i lengre tid vore investert i
ei rekkje selskap som bidrar til Israels ulovlege okkupasjon av palestinske
område. Det er selskap som Caterpillar, som produserer bulldosarane
som busetjarar brukar til å jamna palestinske gardar med jorda,
HP, som leverer IT-utstyr brukt i overvaking, selskap som har fabrikkar
på okkupert område, bankar som gir lån til busetjarar, og så bortetter.
FN har lenge operert med ei svarteliste som inkluderer både israelske
og utanlandske selskap.
Israels okkupasjon av Vestbreidda, Aust-Jerusalem og
Gaza er erklært ulovleg av Den internasjonale domstolen. Noreg er
forplikta til å gjera alt landet kan for å hindra bidrag til den
ulovlege okkupasjonen.
Til trass for ein mangeårig kampanje frå Norsk
Folkehjelp, Fagforbundet, Palestinakomiteen med fleire har verken
Noregs Bank Investment Management eller Etikkrådet for Statens pensjonsfond
utland rydda opp i porteføljen. Noregs Bank peiker på Etikkrådet,
og Etikkrådet har i eit brev til Finansdepartementet uttalt at retningslinjene
ikkje nødvendigvis vil omfatta alle desse selskapa. Etikkrådet skriv
også i brevet at det ligg utanfor mandatet deira å vurdera eventuelle
folkerettslege forpliktingar som Noreg måtte ha knytt til fondet
sine investeringar.
Ifølgje Noregs Bank sitt mandat skal dei følgja
internasjonale standardar som UNGP (The United Nations Guiding Principles
on Business and Human Rights) og OECDs retningslinjer for ansvarleg
næringsliv i forvaltninga av oljefondet. Daverende finansminister
Trygve Slagsvold Vedum slo i svaret sitt på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant
Ingrid Fiskaa (SV) den 31. januar 2025, jf. Dokumnent 15:996 (2024–2025)
fast dette:
«Noregs Bank skal mellom anna fastsetje
prinsipp for ansvarleg forvaltning som skal vere basert på omsyna
til god selskapsstyring, miljø og samfunn i tråd med internasjonalt
anerkjende prinsipp og standardar frå OECD og FN.»
Desse retningslinjene tilseier at Noregs Bank
skal gjera skjerpa aktsemdsvurderingar når det kjem til konfliktområde
der dei også skal ha ein exit-strategi. Men dette er verken omtalt
i Noregs Bank sine forventingsdokument eller reglar om førehandsfiltrering
eller risikobasert nedsal. Representantane bak dette forslaget merkar
seg at KLP har utelukka Caterpillar frå aksjeporteføljen på bakgrunn
av UNGP og OECD sine retningslinjer, og har også merka seg tilrådingane
frå regjeringa om at næringslivet ikkje skal bidra til den ulovlege
okkupasjonen. Når Redd Barna i Børsen Dagbladet den 7. januar 2025
peiker på at slike skjerpa aktsemdsvurderingar ikkje samsvarer med
oljefondets vedvarande investeringar i selskap som bidrar til Israels
ulovlege okkupasjon av palestinske område, nektar Noregs Bank for
at mandatet gir dette ansvaret.
Representantane bak dette forslaget meiner at
denne ballkastinga mellom Etikkrådet og Noregs Bank gjer det heilt
naudsynt med ein instruks frå regjeringa. Slik finansministeren
gav tydeleg beskjed til Noregs Bank om å selja seg ut av russiske
selskap etter Russlands folkerettsstridige invasjon av Ukraina i
2022, bør finansministeren no gje instruks til Noregs Bank om å
trekkja investeringane ut av selskap som bidrar til Israels ulovlege okkupasjon
av palestinske område. Våpenselskap som leverer våpen til Israel,
bør også omfattast av eit slikt nedsal, då desse selskapa har bidratt
til krigsbrotsverk i Gaza dei siste 500 dagane og brotsverka ser
ut til å halda fram med full styrke på Vestbreidda. Noreg må avslutta alle
bidrag til Israels folkerettsbrot. Noreg må lytta til FN.