Bakgrunn
Skular manglar lærebøker. Sjølv om regjeringa
i revidert nasjonalbudsjett for 2024 sette av 300 mill. kroner til
fleire bøker, er etterslepet framleis stort. Grunna manglande kunnskap
om årlege kostnader for reparasjon, erstatning og lisensar knytt
til digitale læremiddel, er det vanskeleg å avgjera kva handlingsrom som
finst for ei storstilt satsing på fleire fysiske bøker innanfor
dagens læremiddelramme for undervisningssektoren. Ifølgje Kunnskapsdepartementet
kostar det om lag 300 kroner per bok for skuleeigar å kjøpa inn
nye fysiske lærebøker. Vidare legg Norsk faglitterær forfatter-
og oversetterforening (NFFO) til grunn at ei lærebok har ei levetid
på rundt ti år eller fram til nye læreplanar er på plass. Berre
i grunnskulen var det for skuleåret 2021–2022 rundt 635 000 elevar.
Det kan med andre ord vera kostbart for kommunar i ein pressa økonomisk
situasjon å måtte sikra nye lærebøker til alle elevane deira.
Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole
syner store ambisjonar for ein meir praktisk og variert undervisning
i norske klasserom. Ulike oppslag i pressa har også vist korleis
enkelte skular allereie har tatt i bruk nye undervisningsformer
for å motivera elevane til meir og betre læring. Dette er naudsynt,
all den tid undersøkingar syner fleire negative utviklingstrekk
for norske elevar. Det er ei politisk oppgåve å gi skulane dei verktøya
dei treng for å løysa dette. Forslagsstillarane støttar heilhjarta
opp om ei omlegging av skulen i ei meir praktisk retning, med mindre
teori og stillesitting.
I Danmark har dei sidan 1975 hatt ei utlånsordning av
læremiddel gjennom Center For Undervisningsmidler (CFU), og det
er også CFU som har fått i oppgåve å forvalta den storstilte danske
satsinga på fleire fysiske lærebøker til ei verdi av 540 mill. danske
kroner. CFU er forplikta til å vedlikehalda og utvikla ei omfattande samling
av alle slags læremiddel til utlån for alle danske grunnskular og
ungdomsskular. Desse læremidla inkluderer alt frå fagbøker og skjønnlitteratur
til filmar, materialar og reiskap til undervisning i alle fag. Undervisningsmidla/-pakkane
blir lånt ut i heile klassesett og ein lærar kan låna desse innan
eit gitt tidsrom. Det kan mellom anna vera eit undervisningsopplegg
knytt til ein spesifikk historisk periode eller eit opplegg for
brøklæring. Utlånet er gratis, og det er CFU som står for levering og
henting av klassesetta på skulane. CFU har seks lokalitetar i Danmark.
Fordelane med ei slik ordning er at fleire elevar
kan dela på det same undervisningsmaterialet, og at det såleis er
ei kostnadseffektiv måte å sikra fleire fysiske bøker og andre læremiddel
inn i skulen. Det gir også moglegheiter for å utvikla undervisningsopplegg
som skil seg frå den tradisjonelle klasseromsundervisninga, og som
kan nyttast av alle lærarar i heile landet.
Dette skal ikkje erstatta det at skular sjølv
skal eige grunnbøker i dei ulike faga, men skal fungera som eit supplement
for meir variert undervisning. Til dømes kan det leigast ut klassesett
med artefaktar knytt til Romarriket for å gi elevane ei meir praktisk
tilnærming til undervisning om dette temaet. Andre dømer kan vera
undervisningsopplegg knytt til den norske språkstriden eller norsk
motstandskamp under den andre verdskrigen. Poenget er å gi lærarar
tilgang på ein brei katalog av supplerande undervisningsopplegg
og slik sikra ein betre og meir variert skulekvardag for elevane.