Representantforslag om reell rett til gjenforeining med familie i Gaza

Dette dokument

  • Representantforslag 99 S (2023–2024)
  • Fra: Birgit Oline Kjerstad, Marian Hussein og Andreas Sjalg Unneland
  • Sidetall: 1
Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Israels brutale krig i Gaza har vara i fire og ein halv månad og dei sivile lidingane er enorme. Over 30 000 menneske har mist livet og svært mange er alvorleg skada. Kvar dag sidan krigen starta den 7. oktober 2023 har det blitt drepne like mange born som tre skoleklasser. Bustader, sjukehus og skular er lagt i grus. Skadde og sjuke får ikkje lengre livsviktig helsehjelp. Med full blokade har Israel nekta befolkninga tilgang på mat. Verdas matvareprogram rapporterer om svoltkatastrofe.

Alle har rett på eit familieliv og Noreg er forplikta til å legge til rette for at også menneske som har flykta til Noreg skal kunne gjenforeinast med næraste familie. Norsk-palestinarar fryktar at dei aldri meir skal få sjå familiemedlemmer som bur i Gaza. Personar i Noreg kan endeleg no levere inn søknad om gjenforeining på vegne av familiemedlem som finn seg i Gaza. Det er ei stor forbetring, då det har vore heilt umogleg for folk i Gaza å kome seg til dei kontora dei i utgangspunktet var forplikta til å møte opp på. Men utan hjelp til evakuering frå Gaza er fortsett ikkje retten til familiegjenforeining reell. Med stengte grenser er det umogleg for menneske å kome seg ut av Gaza. For at retten til familiegjenforeining skal bli reell er det derfor grunnleggande at norske styresmakter bistår med evakuering. Evakuering er krevjande, men ikkje umogleg. Norske styresmakter klarte å få ut dei fleste nordmenn som fant seg i Gaza då krigen braut ut.

Svært mange born har blitt foreldrelause i Gaza som følgje av den nådelause krigen. Også born som har tanter og onklar i Noreg. Ved å utvide familiegjenforeiningsreglane til også å omfatte born i nær familie, vil born som har mist alt kunne få ei trygg framtid i Noreg ilag med slekt.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremma følgjande

forslag:
  • 1. Stortinget ber regjeringa bistå med evakuering av personar i Gaza som har fått innvilga søknad om familiegjenforeining til Noreg.

  • 2. Stortinget ber regjeringa bistå med økonomisk støtte til evakueringa og reisa frå Gaza til Noreg for personar som har fått innvilga søknad om familiegjenforeining til Noreg.

  • 3. Stortinget ber regjeringa utvida familiegjenforeiningsordninga til også å gjelde besteforeldre og born i nær familie som har mist sine foreldre i den nådelause krigen i Gaza.

29. februar 2024

Birgit Oline Kjerstad

Marian Hussein

Andreas Sjalg Unneland