Bakgrunn
For eitt år sidan avslørte NRK at nesten 500
barn som har kome til Noreg som einslege mindreårige asylsøkjarar,
har forsvunne sidan 2015. Justisministeren lova å følgje opp slik
at slike forsvinningar ikkje gjentek seg. Men fleire barn har forsvunne
etter det.
Om lag kvart femte år kjem FNs barnekomité med ein
rapport om korleis Noreg etterlever FNs barnekonvensjon. Både i
2005, 2010 og 2018 vart det peika på at barn sine behov ikkje blir
tilfredsstillande varetekne ved norske asylmottak. I sitt høyringsinnspel
til statsbudsjettet 2024 peika UNICEF Norge på at FNs barnekomité
har uttrykt uro over at einslege mindreårige asylsøkjarar som forsvinn
frå mottak har auka risiko for å bli utnytta ved trafficking og
prostitusjon.
I NOU 2023:7 Trygg barndom, sikker fremtid – Gjennomgang
av rettssikkerheten for barn og foreldre i barnevernet, står det
at allereie i 2008, i samband med at det vart vedteke eit eige kapittel
i barnevernlova av 1992 om omsorgssenter for mindreårige asylsøkjarar
under 15 år, sa den dåverande regjeringa at dei tok sikte på at ansvaret
for einslege mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år skulle
overførast til barnevernet så snart det var praktisk mogleg (Ot.prp.
nr. 28 (2007–2008) og Innst. O. nr. 48 (2007–2008)). Dette har enno
ikkje vorte gjennomført.
I ein gjennomgang av forsvinningssaker gjennomført
av Fafo kjem det fram at minimum 139 unge menneske vart identifisert
som moglege offer for menneskehandel mellom 2012 og 2015 (Tyldum,
G. mfl. Ikke våre barn. Identifisering og oppfølging av mindreårige
ofre for menneskehandel i Norge. Fafo-rapport 2015:45). Det blir
peika på at einslege mindreårige asylsøkjarar som forsvinn frå asylmottak
eller omsorgssenter er særleg sårbare og utsette for å bli utnytta.
Den yngste som vart vurdert som mogleg offer var 12 år, medan gjennomsnittsalderen
var 16 år. I ein rapport frå Kripos kjem det fram at politiet har
lite informasjon om korleis gjerningspersonane utnyttar desse unge
menneska. Våren 2023 slo statsforvaltaren alarm i samband med ein
kontroll på eit asylmottak, og i tilsynsrapporten vart det konkludert
med følgjande:
«Det er stor risiko for at barna kan
oppleve overgrep, omsorgssvikt, alvorlige hendelser og forsvinning fra
mottaket.»
Når eit barn født i Noreg forsvinn, set politiet
inn alle ressursar på å finne det. Ifølgje NRK blir det knapt gjennomført
noka etterforsking når eit barn som kjem til Noreg som asylsøkjar
forsvinn. Hausten 2023 har ein lese om fleire av desse ungane. Det
kan synast som om NRK som medieteam har lukkast i å framskaffe meir
informasjon om ungane og forsvinningane enn det politiet har gjort
over år. Dette er heilt uakseptabelt og det er openbert behov for
betre omsorg rundt desse barna, betre tilsyn med dei som får ansvaret
for barna, betre rutinar i politiet og betre kommunikasjon mellom
mottak og politiet.